Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

Polarisert rovdyrdebatt

Fake news på norsk

Viktige mediehus som NRK, TV2, Nationen, publiserte i haust sensasjonelle «forskingsresultat» om ulv, basert på reine konspirasjonsteoriar. Det skapar unødvendig polarisering i ein allereie overtent debatt.

UKRITISK FORMIDLING: Resultata frå eit tysk laboratorie om ulvens dna, vart ganske ukritisk formidla av norske medier.

Ville det ikkje vere naturleg med fleire kritiske spørsmål før resultat som hevdar å underkjenne vitskapen, blir publiserte, spør innsendaren. Foto: Heiko Junge / NTB Scanpix
UKRITISK FORMIDLING: Resultata frå eit tysk laboratorie om ulvens dna, vart ganske ukritisk formidla av norske medier. Ville det ikkje vere naturleg med fleire kritiske spørsmål før resultat som hevdar å underkjenne vitskapen, blir publiserte, spør innsendaren. Foto: Heiko Junge / NTB Scanpix Vis mer
Meninger
Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn Vis mer

Hausten 2019 kunne vi lese i ei rekke medium at DNA-analysar frå eit tysk laboratorium viste at norske ulvar kan ha opphavet sitt frå dyreparkar i Paris, eller er blandingar av ulv og hund. «Forskingsresultata» skal ha vore basert på nokre DNA-prøvar av ukjent opphav og innsamlingsmetode, som Telemark Bonde- og småbrukarlag sendte i posten til Tyskland.

Resultata frå det tyske laboratoriet vart ganske ukritisk formidla av tonesettande medium som blant anna Nationen, NRK og TV2 .

Ville det ikkje vere naturleg å stille seg fleire kritiske spørsmål før resultat som hevdar å underkjenne vitskapen, blir publiserte? Kvifor er svara så sensasjonelle samanlikna med vitskapleg arbeid? Finst det ein offentleg tilgjengeleg rapport der dei tyske resultata kan vurderast? Kva veit ein om historikken til det tyske laboratoriet på området? I kva grad kan metodane som er nytta, gi dei svar som blir formidla? Er det moglege feilkjelder med til dømes forureining av prøvane ved innsamling? Kva veit ein om opphavet til prøvane?

Her burde alle piggar vore ute i redaksjonane. Det er få viltbestandar i verda det finst så god kunnskap om, som den skandinaviske ulvebestanden. Mellom anna er det gjort svært omfattande DNA-analysar som har gjort forskinga i stand til å teikne heile slektstreet frå det første ungekullet vart født i nyare tid. Dette arbeidet har eit sterkt vitskapleg fundament. Likevel er det i visse miljø ei mistru til forsking og fakta, og det blir konspirert rundt «alternative sanningar».

Den faglege ekspertisen ved Rovdata, som er ein uavhengig leverandør av overvakingsdata om rovvilt i Noreg, har ettergått dei konkrete påstandane frå i haust. Dei har lagt fram fagleg gode svar på spørsmåla som fleire burde ha stilt.

HYL OG HERJING: Friluftsmannen Rubert Huldt har brukt flere år på å lære seg hvordan han skal komme tett på ulvevalpene. I august i år lykkes han endelig. Video: Rubert Huldt Vis mer

Resultata viser at påstandane er feil og tar utgangspunkt i tvitydige analysar utan forsvarlege prøverutinar.

Rovdyrpolitikken er polarisert, med mykje kjensler. Slik ukritisk formidling gir grobotn til konspirasjonsteoriar og endå meir polarisert debatt. Kampen om klikka i media må ikkje gå på kostnad av samfunnsoppdraget. Vi som politikarar, og media, har eit særskilt ansvar for å basere oss på fakta.

Og apropos politikarar: To dagar etter at Rovdata stadfesta at påstanden om at norske ulvar stammar frå ein dyrehage i Paris var fake news, vart det arrangert eit ope møte i Østerdalen, der Telemark Bonde- og småbrukarlag fekk snakke framfor 250 oppmøtte om hobbyforskinga dei driv på ulven sitt opphav.

Til stades var også Trygve Slagsvold Vedum, leiar i Senterpartiet, som med det sendte eit tydeleg signal om at denne typen konspirasjonsteoriar må ein berre ta på alvor.

Dette er uansvarleg av leiaren i Senterpartiet. Og det er uansvarleg av norske mediehus å vidareformidle konspirasjonsteoriar utan fagleg grunnlag, sjølv om det er mange som trur på dei.

DNA-analyser og andre testar blir brukte på mange område, slik som i politietterforsking og dopingkontroll. Ein fellesnemnar er at slikt arbeid følgjer strenge rutinar og system for å sikre at prøvane blir tatt frå rett person. Utan samanlikning elles, kan ein jo spørje seg om ein journalist ukritisk ville publisert påstandar om dopa idrettsutøvar basert på anonymt innsendte prøvar med uvisst opphav?

Eg håpar ikkje det. Og då bør ikkje konklusjonen bli ein annan når det gjeld ulv, sjølv om debatten er frykteleg polarisert. Ja, kanskje nettopp difor.

Hele Norges coronakart