FAKTASJEKK: Faktisk.no er et samarbeid mellom VG, Dagbladet, NRK og TV 2, og har som formål å faktajekke politikere, medier og andre samfunnsaktørers påstander. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
FAKTASJEKK: Faktisk.no er et samarbeid mellom VG, Dagbladet, NRK og TV 2, og har som formål å faktajekke politikere, medier og andre samfunnsaktørers påstander. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixVis mer

Faktisk.no:

Faktasjekk eller kritisk journalistikk?

Dei dominerande mediehusa har gått saman om ei storsatsing som skulle ta fake news ved rota før fenomenet fekk fotfeste her på berget. Men er det det vi har fått?

Meninger

Faktasjekk er ikkje noko nytt. Men no har det dukka opp ein nyskapning i denne sjangeren. Faktisk.no debuterte med ei rekke faktasjekkar som skil seg lite frå det avisredaksjonar har produsert tidlegare. Men når faktasjekkarane representerer ei samling av dei tyngste nasjonale media, får dei ein spesiell status. Derfor er det ekstra viktig at dei evnar å skilje mellom politiske vurderingar og uomtvistelege fakta.

Eit sentralt problem er at faktasjekkarane kan synast å ha ein altfor vid definisjon av kva som kan faktasjekkast. Det kan lett bli vurderingar og finsikting av spissformuleringar. Vi kan elske fram politisk «korrekt» retorikk med «presise» definisjonar og ei rekke atterhald som gjer språket flatt og lite forståeleg for dei som ikkje er ekspertar. Med min forskarbakgrunn har eg nok ein tendens til å bruke eit slikt språk, men eg er ikkje sikker på at det alltid er det som kommuniserer best.

Ein del av det som har blitt faktasjekka, er påstandar som ikkje alltid har ein eintydig fasit. Det er knapt noko eintydig og allment akseptert svar på om Oslo har nok sjukeheimsplassar. Slike påstandar har media alltid gripe fatt i med redaksjonell omtale eller med meir djuptpløyande artiklar som går grundig inn i problematikken. Det er langt den beste måten for å bidra til ein opplyst og god debatt. Terningkast med fire mogelege utfall bringar debatten lite framover.

Skal faktisk.no gå inn i påstandar som ekspertar stridast om og bli ei form for overdommarar i den politiske debatten? Kva med omdiskuterte saksfelt som aukande forskjellar og effekten av eigedomsskatt? Kan ei gruppe journalistar setje karakter på utsegner som dei mest anerkjente ekspertane ikkje er i stand til å bli sande om? Er ikkje dette område som eignar seg betre for journalistikk og kommentarar?

Eg har ofte blitt forbanna over at politiske motstandarar, meida og PR-byrå vrir og vrenger på realitetane. Men eg er ikkje sikker på at vi løyser dette med å faktasjekke påstandar som har i seg element av vurdering, og som krev eit sett av føresetnader for å kunne trekke ein konklusjon. Faktasjekk kan vere vel og bra og må gjerne bli ein del av den offentlege samtalen. Men når ein lagar ei gruppe nasjonale overdommarar, så set det spesielt store krav. God gammaldags kritisk journalistikk kan ofte vere ein meir relevant angrepsmåte for å imøtegå tvilsame påstandar.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook