Faldbakken bommar

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

ELITISME: Antiintellektualismen har gode kår i vårt nyliberalistiske forbrukarsamfunn. Overflatisk og kjendisorientert journalistikk legg vegen open for lettvint politisk retorikk. Det blir vanskeleg å nå fram med saklege resonnement og føre ein opplyst samtale i det offentlege rom. Personar med fagkunnskap kvir seg ofte for å delta i mediedebatten og engasjere seg i dei offentlege prosessane.

Det er god grunn til å slå eit slag for å gjenreise respekten for kunnskap og refleksjon enten det skjer i skjønnlitterær form eller i faglege termar. Men Knut Faldbakken bommar på målet når han freistar å mane fram ein samla elite som skal ordne opp i alt frå klimatrussel til god smak. Det vi treng, er mangfald og ein opplyst debatt som omfattar fleire enn dei som i dag har klippekort i media. Og vi treng å utvikle tillit slik at relevant kunnskap og kompetanse får sin naturlege plass i samfunnsutviklinga og dei demokratiske prosessane. Kva om media som ein start brukte meir ressursar på forskingsjournalistikk og mindre på kjendiseliten?

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer