Fanga i ein tankegang

Det tradisjonelle kvinnearbeidet er snarare i strid med naturen enn i pakt med han.

DET ER MANGE

nå for tida som kjenner seg for lite feminine, eller for mykje maskuline, eller omvendt, skal vi dømma etter oppslaga i media. Rett nok viste TV Norge nyleg ein britisk dokumentar der eit strålande ungt menneske hevda at det er betre å leva med ein tvetydig kjønnsidentitet enn å bli halvert ned til noko tilsynelatande normalt. Hovudtendensen er likevel at avvik bør justerast mot eit overordna ideal.

Alvoret i den absolutte forskjellen på menn og kvinner kjem særleg fram hos dei som kjenner seg fanga i feil kropp, og ønskjer å få skifta kjønn gjennom hormonbehandling og kirurgiske inngrep. Det er jo ikkje rimeleg at nokon ville gjera noko så drastisk med seg sjølv om det ikkje var livet om å gjera.

På den andre sida vil det til eikvar tid vera nær samanheng mellom dei ideane som er i omløp i eit samfunn, og dei psykiske plagene til innbyggarane. Føresetnaden for å bli heimsøkt av ei vond ånd, er at folk reknar med at det finst vonde ånder. For hundre år sidan meinte mange legar at kvinner som lei av hysteri, burde få eggstokkane fjerna. Nå er det knapt nokon som trur verken på diagnosen eller behandlingmetoden lenger. Kan henda vil det gå like eins med forestillinga om å vera fanga i feil kropp.

VÅR TID ER

fanga av ein sosiobiologisk tankegang som gjennomsyrer all kunnskapsformidling frå medisin til historie. Det fører til forsterking av både verkelege og innbilte kjønnsforskjellar, og skaper vanskar for folk som elles ikkje ville hatt noko problem. Det forskingsmaterialet som sosiobiologien bygger på, er likevel spinkelt. Når han har slik framgang, er det nok mest fordi han stemmer med allereie eksisterande sterotypiar.

Sjølvsagt kan ein ikkje sjå bort frå at xy-kromosom gjer eit menneske meir tilbøyeleg til fotballsparking enn xx. Men før ein etablerer det som eit empirisk faktum, må ein halda det opp mot andre faktorar.

Ei gammaldags bestemor som ved fødselen stolt roper ut at det blei ein gut, eller spakt innrømmer at det er ei jente, har òg sitt å seia for lagnaden til det nye mennesket. Dei vitskapsmennene som meiner å ha registrert at nyfødde jenter er meir sosialt orienterte enn nyfødde gutar, kan heller ikkje reknast for nøytrale observatørar før det er slått fast at sjukehuset ikkje allereie hadde kledd forsøksobjekta i tradisjonelt rosa og lyseblått.

LIKE EINS STÅR DET

ennå att å føra bevis for at dei kvinnene og mennene som ser mest feminine eller maskuline ut, gjer det betre i barneavlen enn folk med meir nøytral framtoning. For sjølv om sosiobiologane baserer seg på at meininga med livet er å overføra det fysiske arvematerialet sitt til nye generasjonar, viser dei sjeldan interesse for den menneskelege forplantinga i praksis. Dei spekulerer heftig omkring kva som kan ha sikra genoverføringa i jungelen og i steinalderen, men vik tilbake for å studera den biotopen me lever i her og nå.

I røynda finst der nok av materiale til å klarlegga kven som får det avkommet som er mest talrikt og mest overlevingsdyktig. Ved å ta for seg folkeregister, helserapportar og familiefotografi, og halda det opp mot personlege vitnemål frå dei tre-fire slektsledda som til ei kvar tid går levande omkring, kan ein lett finna samanhengen mellom kroppsfasong, atferd og forplantingsevne. Ingen burde bli forundra om det skulle visa seg at konfliktsøkande kraftkarar kjem til kort overfor hyggelege heimefedrar når det gjeld å avla fram vellykka barn og barnebarn.

IDEEN OM Å

vera fanga i feil kropp er på same vis som sosiobiologien utan tilstrekkeleg vitskapleg grunnlag. Som diagnose er han snarare teologisk enn medisinsk, sidan føresetnaden er ei immateriell sjel, ein fritteksisterande personlegdom som tek bustad i ein meir eller mindre tilfeldig materie. Om tanken er aldri så vakker, kan han ikkje underbyggast fysiologisk.

Påstanden om at kvinner og menn har ulike hjernar, er òg problematisk. Det har ganske riktig late seg påvisa gjennom enkelte encefalografiske undersøkingar. Men anna gransking viser at hjernen forandrar seg heile tida, nervesamband oppstår og går til grunne avhengig av om ein er i ein læringsprosess eller bunden til einsformig rutinearbeid.

Dersom ein vaksen mann som føler seg som kvinne, skulle visa seg å ha ein typisk kvinneleg hjerne, er det slett ikkje sikkert at han er fødd sånn. Han kan like gjerne ha blitt sånn fordi han har oppført seg sånn. Og det har han gjort fordi han har blitt behandla sånn. For å oppnå eksakt kunnskap om forskjellen på kvinne- og mannshjernar, krevst eit omfattande forskingsprogram der eit statistisk utval blir undersøkt med jamne mellomrom frå fødsel til moden alder, eit kostbart prosjekt som det ennå er langt fram til å gjennomføra.

DERSOM EIN NEMNEVERDIG

skilnad skulle la seg påvisa, er det dessutan ikkje sikkert at han stemmer med dei historiske kjønnsrollene. For det som kulturen krev av eit menneske, er ofte heilt på tvers av det som vedkommande har godt av for sin eigen del. Over heile verda blir det rekna for moralsk korrekt at unge mødrer tek seg av sjuke slektningar. Men fysisk sunt er det ikkje. Immunforsvaret blir dårlegare når ein er gravid, og ei mor som døyr, reduserer sjansen til å leva opp for ungane òg. Derfor er det tradisjonelle kvinnearbeidet snarare i strid med naturen enn i pakt med han.

På grunnlag av sjukefråværet i helsesektoren skulle det allereie vera kjent at svært få jenter har det muskelvevet og den beinstrukturen som skal til for å snu og løfta på sengeliggande medmenneske. Ei større forståing av den kvinnelege hjernen kan føra til at ein må overlata det til gutane å utdanna seg til omsorgsyrke.

Å FØLA SEG

fanga i feil kropp er same kva ein tilstand som ingen skulle måtta finna seg i. Dei som har fått fjerna det kjønnet som kjentest så feil, og erstatta det med noko som liknar på det motsette, synest nesten alltid det er ei forandring til det betre. Så lenge samfunnet ikkje har anna å tilby desse pasientane, vil det vera hjartelaust å nekta dei den hormonelle og kirurgiske behandlinga som moderne legekunst kan gi.

Likevel skjer omskiftet bare på overflata. Om ein mann er aldri så overtydd om at han inst inne alltid har vore kvinne, vil han som regel ha y-kromosom som andre menn. Det endrar seg ikkje fordi om pung og penis blir skifta ut med eit kunstig holrom. Frå før er han kanskje far, men han vil aldri kunna bli mor.

Heldigvis er det få som angrar. På den måten blir dei levande argument for alle som seier at kjønn er ein konstruksjon, og eit skot for baugen for dei som vil ha det til at det er ein medfødd tilstand som ikkje kan dannast gjennom ytre påverknad.

Men det fritek ikkje samfunnet frå ansvaret ved å dyrka idear som går på helsa laus.