Fanga i Øglænds univers

Røffe dikt som spring for livet for å sleppa vekk frå krava til poesien.

Finn Øglænd vil skrella av diktet alt me er vane med å finna der. Og han skreller vidare på antipoesien. Og så skriv han om dette, slik at det vert poesi? Eller antipoesi? I alle fall, det vert dikt av Finn Øglænd som ikkje liknar på andre dikt. Rett nok kan me av og til verta leie av maset om at poeten ikkje vil skriva noko meiningsfylt, men Øglænd har så definitivt fanga oss i sitt univers: der ein mann sit og skriv dikt som han vil skal vera dumme, banale, patetiske og latterlege. Ja, eit av dei heiter «Det absolutte drittsekkdiktet».

Kjernen

Korleis kan han med eit slikt utgangspunkt skapa dikt som ikkje bare er leseverdige, men fengjande og underhaldande rg?

Det har, i tillegg til det sjølvironiske glimtet, å gjera med evna hans til å trengja inn i og formidla sjølve kjernen i skriveprosessen. Han skriv dikt som handlar eksplisitt om seg sjølv: «/ eg vil ha vekk slagget, det tomme pratet, tomgangen. / Men eg er desperat, eg kan ikkje finna noko reint inne i alt slagget. Så dermed. Her har du slagg. Det er alt eg har.» Men medvitet om poesiens vilkår omfattar også at den er «noko ufarleg skitpreik innimellom maktas handfaste prosa».

Metadikting

Sidan han ikkje kan vera «inderleg som Sigbjørn Obstfelder, gruvlande samfunnskritisk som Arne Garborg», så vil han hemna seg med å verta «endå meir anonym, endå meir preglaus». Men med dikta og bøkene sine om poesi har Finn Øglænd nettopp sett sitt klåre preg på metadiktinga; teke ho ned frå det teoretiserande og intellektuelt kritiske, og heilt ned på eit plan der eit einsamt menneske sit og skriv.

Han serverer på sitt ærlege vis den desperate situasjonen hjå poeten som ikkje vil oppfylla nokon krav.

At han i ein av mange gode tekstar gjev eit bryskt svar på eit av mine dikt, bør vel ikkje gjera meg inhabil som meldar.