SKAPER GJENGANGERE: Det kommer mange langtidsfanger fra Ullersmo med bachelorgrad i kriminalitet, skriver Andreas Hompland. Etter et par runder med de mest velutdannede på den kriminelle høyskolen, har du mastergrad. Foto: Frank Karlsen.
SKAPER GJENGANGERE: Det kommer mange langtidsfanger fra Ullersmo med bachelorgrad i kriminalitet, skriver Andreas Hompland. Etter et par runder med de mest velutdannede på den kriminelle høyskolen, har du mastergrad. Foto: Frank Karlsen.Vis mer

Fangenskapets fordervelse

Det mest effektive tiltaket for å få ned kriminaliteten, er å slutta å setta folk i fengsel.

Meninger

SØNDAGSKOMMENTAREN: Kriminelle blir straffa for lovbrot. Fengsel er ein soningsanstalt. Samfunnet gjengjelder og vernar seg. Kriminalomsorg er å ta hand om lovbrytarar for å beskytta oss lovlydige, men også av omsorg for dei kriminelle. Dei bør angra, koma på betre tankar, ønska seg noe anna, rehabiliterast og tilbakeførast til samfunnet. Slik at når dei slepp ut, skal dei byrja eit nytt og betre liv. Trur ein.

I teorien er det slik, men ikkje i virkeligheta. Tilbakefallet er sjokkerande høgt. Med noen gjestevisittar i det fri innimellom, lever mange gjengangarar betydelige delar av livet sitt innanfor murane. Der kan dei bygga musklar i treningsromet, forbetra kvalifikasjonane og halda oppe kriminelle nettverk.

Fengsla skal vera forbetrings- og oppdragelsesanstaltar, men ofte fungerer dei meir som oppdragelse og vidareutdanning i kriminalitet. Som ein god inngang til eller fortsettelse av ein løpebane som profesjonell kriminell. Det kjem mange langtidsfangar frå Ullersmo med bachelorgrad i kriminalitet. Etter eit par rundar saman med dei mest velutdanna på den kriminelle høgskulen, har du mastergrad.

Ein av grunnane til det, er den innlysande for alle som ikkje trur på det kriminelle genet: Du blir forma av det miljøet du er ein del av, av dei du lever saman med, av det dere er saman om, av dei mulighetene dere saman ser for dere.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sverre Lysgaard skreiv sosiologisk om arbeiderkollektivet: Dei underordnas opposisjonelle fellesskap seg imellom. Med streng indre kustus og kontroll, solidaritet og gjensidighet, og på vakt mot dei overordna og utanforståande. Dei som er med i strenge menigheter og kulturelle subgrupper, har det på same måte. Dei lever saman, deler verdiar, lærer av kvarandre, er utanfor, men saman på vakt mot dei andre. Slik er det rimeligvis også i kriminelle miljø og i fangekollektivet, med eigne kodar for ære og lojalitet.

Å sitta inne er å vera avsondra. Mens ein sit inne, går dei utanfor vidare. Den som sit inne lenge, mistar skulegang eller jobb, sitt ubelasta nettverk og omgangskrets. Den som kjem ut, er ofte på bar bakke. Blakk og bekymra, belasta og bakvaska. Med eit stigma som er lite å begynna eit nytt liv med. Den som er lauslatt på prøve, kan prøva noe heilt anna enn før, men det er ikkje lett å få det til.

Avsondra frå det vanlige livet utanfor fengslet, men ikkje frå det kriminalitetsførebuande livet innanfor. På permisjonar og gjennom besøk kan du møta kollegaer som er i full virksomhet utanfor, og som kan finna ein plass for deg. Du soner saman med andre som har ekspertise i kriminalitet. Dei irriterer seg over den vesle detaljen som gjekk galt. Dei legg planar for kordan ein kan unngå tabbane neste gong. Du lærer muligheter du ikkje kjende frå før og får eit breiare nettverk. Slik utviklar ein både spesialkompetanse og grunnlag for assortert landhandleri i kriminalitet.

Innanfor kan ein også setta seg i gjeld, økonomisk og æresmessig, hamna i konfliktar og bygga alliansar som blir ein del av livet etter soning. Utanfor er det lettast å søka saman med noen du deler du erfaringar og livssituasjon med og som kan gje deg muligheter. Noen du har sona saman med, eller gamle kameratar frå den småkriminelle gjengen som held businessen i gang og har vore så heldige å ikkje bli tatt.

Tanken om å bruka kunnskap og kontaktar, erfaring og nettverk til å vera med på eit raskt og sikkert kupp for å koma seg ovanpå, er nærliggande. For deretter å trekka seg ut og leva eit normalt arbeids- og familieliv. Men det er vanskelig å få det til. Den breie vegen til ny kriminalitet er lett å slå inn på. Når noe går lett, er det fristande å gjera det igjen. Om det er mislykka, har ein lært til neste forsøk. Og stadig er det noen i miljøet som lokkar, som ventar noe av deg, som har noe på deg, som du skuldar pengar eller ei teneste, som har eit tak på deg. Den som prøver å hoppa av, blir lett hala tilbake og fell inn i ein kjent mønster.

I fleire veker har eg observert desse mekanismane på nært hald i Tingretten. I ei sak med mange involverte i store pengar og store kvanta hasj. Med straffer av omtrent same lengde som for drap. Politi og påtalemakt meinte dei var på sporet av dei øvste delane av eit hierarki frå detaljistane ved Akerselva, via langarar, grossistar og smuglarar, og like til dei store bakmennene her i landet og i utlandet.

Forsamlinga på tiltalebenkane var overraskande samansett. Fleire unge menn med bakgrunn frå Marokko og berbiske miljø i Nederland, med eller utan norsk statsborgarskap. Noen etnisk norske ungdommar med yrkeskriminell bakgrunn i diverse bransjar. Tilårskomne og dels uføretrygda menn frå indre Østfold med veletablerte smuglarruter for sprit og sigarettar. Den som ikkje var til stades, var ein antatt serbisk bakmann, som var utvist frå landet etter ei lang fengselsstraff.

Det som var felles for dei fleste, som fleire omtalte seg som venner og bekjente dei hadde mye sosial omgang med, var at dei hadde sona saman. Der hadde dei samla studiepoeng i mange viktige fag: Å dikta opp bortforklaringar, å skaffa seg alibi, å rista av seg spanarar og unngå telefonavlytting ved å utvikla bytte av telefonar og SIM-kort til ein kunstart. Og frå den kriminelle høgskulen var dei delar av eit fleksibelt nettverk som kunne spela saman i å organisera import, transport og distribusjon av hasjen.

Eg argumenterer ikkje for å setta fangane fri, om det er vinter eller vår. Dei som gjer eit brotsverk, skal ha si straff. Å få tatt dei og dømt dei, er vel og bra. Men det er det som skjer etter at dei er bura dei inne, som avgjer om dei blir gjengangarar. Å sitta i fengsel er svært ofte ein skule i ny kriminalitet; trass i gode intensjonar. Det er det kriminalpolitiske dilemmaet. Lengre staffer er ikkje ei løysinga dersom det ikkje skjer eit vendepunkt under soninga, og det gjer det altfor sjeldan.

Å ta det kriminelle læringsmiljøet på alvor, er ikkje å vera «soft on crime». Det er ikkje straffas lengde som er problemet, men soningas innhald. Kriminalomsorgen gjer sitt beste, men det er ikkje nok. Og den politiske backinga har vore svak etter Inger Louise Valles reformvilje for ein mannsalder sidan. Det viktigaste for å visa at ein er «hard on crime», har vore å driva symbolpolitisk auke av straffenivået. Det har ikkje redusert tilbakefallet, men fylt fengsla med så mange langtidsfangar at justisministeren vil leiga plass i Sverige.

Det er viktigare at han skundar på opplegget med ungdomsstraff. Å plassera unge læregutar saman med veletablerte og tungt profesjonelt kriminelle som meistrar faget, er ein sikker veg til å skapa nye yrkeskriminelle. Dei lærevillige og lærenæme må vernast frå fangekollektivets læringsarena. Det er tungt sosialt arbeid og viktig politiarbeid å ta tidlig tak for å prøva å strupa rekrutteringa til ein kriminell løpebane, men det kan ikkje vera lov å la vera å satsa.