Må ta ansvar: «Å leggje institusjonane våre opne for åtak i krigstid er eit ansvar Faremo må ta», skriv artikkelforfattaren. Foto: Morten Holm/Scanpix
Må ta ansvar: «Å leggje institusjonane våre opne for åtak i krigstid er eit ansvar Faremo må ta», skriv artikkelforfattaren. Foto: Morten Holm/ScanpixVis mer

Faremo må ta ansvar

Krigssikring ville hindra Anders Behring Breiviks terror i Oslo.

Den 22. juli vart det mest sannsynlege krigs- og terrormålet i Noreg øydelagt med det mest sannsynlege våpenet. Ansvaret for tryggingsbristen råkar justisministeren hardt. Men eg saknar kritisk omtale av tryggingsarbeidet utanfor justissektoren. Til no har til dømes forvaret sine handlingar, eller mangel på slike, ikkje blitt sett på med kritiske auge.

I eit alvorstungt innlegg i Aftenposten 29. september skriv forsvarsminister Grete Faremo dette: «Politiet er vår sivile ordensmakt og har ansvar for å forebygge og bekjempe kriminalitet og terror. Forsvarets oppgave er å hevde Norges suverenitet og forsvare oss mot ytre angrep.»

I krigstid er det ei forsvarsoppgåve å trygge landet. Om landets viktigaste institusjonar hadde vore trygga mot krigsåtak, ville det og fanga opp eit indre åtak. Vi har vore i nær samanhengande krig sidan 1991. Skiftande regjeringar har ansvar for tryggingsmangelen. 22. juli small det, og noverande forsvarsminister saman med justisministeren har det faglege ansvaret for at åtaket ikkje vart avverga.

Både politikarar, media og rikssynsarar har skjerma Faremo, ved å leggje samla ansvar på Knut Storberget. Slikt blir det lite lærdom av.

Tidlegare statsminister Kåre Willoch er den som klårast har etterspurt handlekraft før 22. juli. Som leiar av Sårbarhetsutvalget er ikkje han utan meinings kraft i ei slik sak. Då han plasserte ansvaret for manglande tryggleik på regjeringa i Dagbladet nyleg, reagerte dei med å kalla det etterpåklokskap. Faremos innlegg er i same gata. Denne mangelen på kontant trugsmålsvurdering uroar meg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Då åtaket kom 22. juli, var ei samla oppfatning frå dei fleste at dette var ei terrorhandling med islamittisk orspring. Det syner eit samfunn, media og tidsande der synsing har overstyrt analyse. Eg vonar at fleire enn eg stogga, og spurde om det i heile tatt var ei terrorhandling. Regjeringskvartalet var og er eit legitimt krigsmål for partane i dei krigane vi fører. Sjølv hadde vi kort tid i førevegen øydelagt tilsvarande mål i Libya. Om terroristen hadde vore libysk statsborgar, er det tvilsamt om han kunne straffast.

Trygningsmangel: Regjeringskvartalet etter terroråtaket 22. juli. «Vi har vore i nær samanhengande krig sidan 1991. Skiftande regjeringar har ansvar for tryggingsmangelen. 22. juli small det, og noverande forsvarsminister saman med justisministeren har det faglege ansvaret for at åtaket ikkje vart avverga», skriv Terje Marøy. Foto: Scanpix
Trygningsmangel: Regjeringskvartalet etter terroråtaket 22. juli. «Vi har vore i nær samanhengande krig sidan 1991. Skiftande regjeringar har ansvar for tryggingsmangelen. 22. juli small det, og noverande forsvarsminister saman med justisministeren har det faglege ansvaret for at åtaket ikkje vart avverga», skriv Terje Marøy. Foto: Scanpix Vis mer

Å leggje institusjonane våre opne for åtak i krigstid er eit ansvar Faremo må ta, ikkje berre peike på Storberget. I debatten saknar eg innlegg frå tidlegare forsvarssjefar og statsrådar.

Krigssikring ville hindra Anders Behring Breiviks terror i Oslo. Men eg vil ikkje trekkje dette så langt som Willoch, som meiner dette og skulle hindre Utøya-massakren, fordi Behring Breivik hadde blitt drepen eller arrestert. Med betre sikring ville han truleg styrt unna regjeringskvartalet, men Utøya hadde framleis vore heilt open.

Willoch har rett i at regjeringa ber ansvaret for tryggingsmangelen. Det er stoda i dag. Set ein derimot nullpunktet til Gulf-krigen i 1991, har moderne Noreg vore i nær samanhangande krig. Skiftande regjeringar har ansvar for 20 års dårleg tryggleik.

Einskilde har peike på at Oslo kommune trenerte stenging av Grubbegata. Utforminga av fysiske sperrer må gjerne drøftast kunstnerisk og byggfagleg, men det er ei heilt anna sak. Sperrene skulle vore på plass ved første krigsvedtak, det er regjeringas jobb. Så får den finteikna utforminga koma seinare.

20 års forsøming synte seg å vera for seint.