Fartøy. Dikt og datt

Tekstar som slår blikket ned før lesaren har fått augekontakt.

BOK: Maritime miljø og ein hyggepianist er blant dei tilbakevendande tema i den nye diktsamlinga til Jónsson. Han slår ikkje om seg med sensasjonelle oppslag, verken gjennom litterær eksperimentering eller oppsiktsvekkande tematikk. Undertittelen «Dikt og datt» kan lesast i retning av at dette er upretensiøse tekstar, og det kunne jo ha vore eit pluss. Problemet er bare at tekstane manglar den vesle kloa, det stramme taket som grip oss og løfter lesar og tekst eit hakk over den heilt vanlege opplevinga.

Stort sett vert dette for snille og for slappe saker der for mykje er usagt, og der teksten liksom vender seg bort frå lesaren før ein får skikkeleg tak i innhaldet. Og det har ikkje noko å gjere med at det han skriv om er for smått eller uviktig.

Tvert imot finst det ofte eit potensial i temaet som ikkje vert forløyst. Og når det er sagt, kan det faktisk slå ein at nettopp det uforløyste er det denne boka i grunnen handlar om. Den moglege lengten til kioskdama med dei duvande brystene, ein ørliten assosiasjon til poeten Shiko i ein dyrefilm, det ein ikkje snakkar om i ekteskapet, lagnader som landar på ein slags mellomstasjonar, slik at Jónsson på eit snedig vis likevel får formidla sin grunnleggjande tematikk til lesaren.