AVSKAFF: Burde russetida avskaffes? foto: Dagbladet
AVSKAFF: Burde russetida avskaffes? foto: DagbladetVis mer

Farvel, russetid

Feige politikarar tør ikkje ta i russefeiringa med eldtang.

Meninger

Russetida er over for denne gongen. Årets russekull heng til tørk i håp om at bakrusen skal gå over i løpet av dei to dagane dei har fram til årets nest viktigaste periode; eksamen artium. I år har russen brukt ca ein halv milliard kroner og fått fleire skandaleoppslag i media, så for enkelte kan det bli intens svie etter lang og søt kløe. Andre kan gni seg i nevane og gapskratte heile vegen til banken.

Mi yrkesaktive lærarkarriere går mot slutten. Om nokon finn på å spørre kva som er det beste ved å jobben, er svaret enkelt: Dei tusenvis av fabelaktige elevar eg har fått undervise og bli kjend med. Og det verste? Russetida. Ho kjem, anten vi likar det eller ei, parallelt med eksamensførebuingane. Som lærar blir ein effektivt finta langt utover sidelinja av krefter ein ikkje har noko å stille opp imot. Det blir noko nedverdingande over situasjonen, ei kjensle av at ein like godt kunne erstattast med ein gipskopi.

For to år sidan heldt eg eit innlegg i ei tredjeklasse midt i russefeiringa om kvifor det må bli slutt på russetid. Eg gjorde meg til talsmann for feiring når det er noko å feire; etter munnleg eksamen. Som sidrumpa festbrems forventa pipekonsert, men fekk applaus. Langt frå alle avgangselevar heiar på russetid. Mange vil gjere det best muleg til eksamen og har ikkje lyst å risikere dårlege eksamensresultat til fordel for tre vekers utagerande festing.

Ulukkeleg må den vere den vidaregåande skulen som i russetida får besøk av utanlandske pedagogar som skal studere norsk skulevesen. Dei kjem til halvfulle klassar (Har de verkeleg så få elevar i klassene i Noreg?)  På sofaer og benkar i fellesarenaer ligg blå- og raudkledde som slakt og søv (Er skulen verkeleg så krevjande her?) Om det er fint vêr, ligg dusinvis av russ strødde utover plenar og uteareal, tilsynelatande livlause (Nei, dei er ikkje offer for gass-åtak).Rektorar får eit digre forklaringsproblem når dei kjem til det pinlege faktum at elevane feirar at skulen er slutt. «Ja, eh, altså, sjølv om at han ikkje er slutt.» Dei må motstrebande medgje at ikkje ein gong eksamen er over. Dei feirar eigentleg ingenting, itenst og hemningslaust, som ei slags oppkjøring til eksamen. Ikkje rart dei blir møtte med hakeslepp.

Hadde dei besøkjande gjeve seg litt tid i klasseroma, hadde nok hakesleppet vedvart. Dei hadde opplevd elevar som glipper med auga og tappert prøver å halde seg vakne. Andre tek ein «power nap», medan nokon får bakrusiske fniseåtak. Ein stormar ut av klasseromet for å kaste opp, to sit under pulten for å få russeknute. Oppe i det heile prøver nokre stakkarar å få med seg kva læraren seier om komande eksamenar. Hadde dei blitt på skulen til slutten av dagen, kunne dei vore vitne til den største oppvakninga sidan Lasarus, når dei livlause vaknar til liv att og klyv inn i ein av desse merkelege farkostane kalla russebuss. Plutseleg klare som egg til å feste og rulle (reise rundt i russebuss) enda ei natt.

Alt saman akkompagnert av intens hoste. Russesjuka. Dei hostar som om lungene skal sprengjast. Dette startar etter det fyrste russetreffet og brer seg som ein epedemi. Vond hals, rennande nase og stemme som sviktar. I verste fall kan det ende i smittsam hjernehinnebetenning. Noko som skjer kvart einaste år med tragiske utfall.

No har kravet kome om gratis vaksine til all russ. Eit forståeleg og langt frå billeg krav. No er det ikkje slik at det berre er russ som er ute og rullar. Aftenposten kunne nyleg fortelje at jenter heilt ned i fjortenårsalderen blir invitert med på rulling om dei tilbyr sex som motyting. Dessutan blir kameratar frå andre klassetrinn inviterte om bord. Så kanskje må ein til med gratis vaksine til alle mellom 14 og 19?

Nyleg sa 60% av rektorane nei til russefeiring. Det er oppsiktsvekkjande, på grensa til ansvarslaust, at 40 % ikkje seier nei. Meiner dei verkjeleg at russetida er positiv og bevaringsverdig. Dette handlar ikkje om å kritisere russen. Dei får rom til og aksept for å utfalde seg frå heile det politiske etablissementet. Sjølvsagt fyller dei dette rommet. Politikarane tillet at det held fram, år etter år. Legg merke til kor musestille dei sit i båten medan feiringa pågår. Livredde for å bli stilt til ansvar. Feige politikarar tør rett og slett ikkje å ta i russefeiringa med eldtang. Tenk om dei mistar popularitet!

Dei einaste som har ei meining, er Unge Høgre, russens beste vener. Dei kjem kvart år med det überpopulistiske kravet om at eksamen må flyttast til før russetida slik at russen kan russe enda meir hemningslaust.

Det finst berre ei løysing. Skal det satsast på utdanning, kan ein for guds skuld ikkje godta at den viktigaste tida på skulen blir skusla bort på tøv. Russetida må avskaffast så elevane får konsentrere seg om jobbing fram mot eksamen. Munnleg eksamen blir alltid avvikla før 20. juni. Når den er over, har elevane verkeleg grunn til å feire med ei verdig avslutting i skulens regi. Akkurat slik dei gjer i alle andre land. Korleis elevane utover dette vel å feire at tolv års skulegong er over, har vi ingen ting med.

Så her er ei utfordring til alle politikarar frå ein avtroppande lærar: Vis at de har ballar nok til å gje skulen verdigheita tilbake, også i perioden før eksamen.