FATTIGDOM: Skal vi klare å gje meir til dei som treng det aller mest, bør vi difor vurdere å gje mindre til dei som ikkje treng det, skriv Skei Grande. Foto: Jan Haas / NTB / Scanpix
FATTIGDOM: Skal vi klare å gje meir til dei som treng det aller mest, bør vi difor vurdere å gje mindre til dei som ikkje treng det, skriv Skei Grande. Foto: Jan Haas / NTB / ScanpixVis mer

Fattig i verdas rikaste land

Noreg er eit av dei rikaste, tryggaste og friskaste landa i verda. Vi har kanskje verdas beste velferdsstat. Likevel veks 78.200 norske born opp i fattigdom.

Meninger

Å vere fattig i Noreg medfører ikkje å leve i botnlaus elende, utan tilgong til mat eller friskt vatn. Med nokre få unnatak, hovudsakleg  rusavhengige og heimlause, har også dei fattige i Noreg ein materiell levestandard som er betre enn dei fleste her i verda.  

Dei fattige borna vi her snakkar om veks gjerne opp utan høve til å gå i bursdagen til medelevar, fordi ein ikkje har råd til gåve. Utan høve til å feire sin eigen bursdag, fordi ein skammar seg over korleis det ser ut heime. Utan høve til å svare på spørsmål om kva ein har gjort i sommarferien, fordi ein ikkje har noko godt svar.  

At desse
borna kanskje har mat i kjøleskåpet og varme i leilegheita, gjer ikkje fattigdomsproblemet noko mindre reelt. Tvert imot har det gått alt for mange år utan politisk handlekraft på dette feltet, noko som også har resultert i at talet på fattige born har auka. Venstre vil gje desse borna prioritet når slaget om statsbudsjettet skal stå i haust.  

Arbeidsmarknaden er og blir den viktigaste arenaen for fordeling av inntekter og vern mot fattigdom. Arbeid til foreldra er difor det viktigaste tiltaket for å lyfte barn ut av fattigdom. Vi må senke terskelen for å kome inn i arbeidslivet og leggje til rette for at fleire kan kome i jobb. Framlegga til endringar i arbeidsmiljølova er eit godt steg på rett veg.  

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men sjølv om det er eit overordna mål at flest mogeleg skal kunne brødfø seg sjølve gjennom arbeid, vil det likevel alltid vere somme som av ulike grunnar ikkje kan stå i ordinært arbeid. Då må vi sørgje for å ha gode ordningar som sikrar verdigheit, og som tek i vare borna på ein god måte og rustar dei for framtida, slik at fattigdomen ikkje går i arv.

Dette tryggingsnettet må likevel ikkje vere utforma slik at det ikkje lønner seg å jobbe for dei som kan jobbe, heilt eller delvis. Dette er ein uhyre krevjande balansegong.  

Eit godt døme på dette er regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett, der ein mellom anna føresler å standardisere barnetillegget i uføretrygda, til erstatning for dagens behovsprøvde ordning. Dette vil føre til at mange barnefamiliar får til dels dramatiske kutt i utbetalingane.

Venstre ser at dagens ordning for somme familiar med mange born kan føre til utbetalingar som overstig alternativ inntekt dersom dei var i jobb. Men å gjere ei behovsprøvd ordning flat og smøre midlane tynt utover er neppe den beste løysinga på dette problemet.

Venstre har som prinsipp i velferdspolitikken å gi meir til dei som treng det mest. Så får ein heller diskutere andre løysingar for å unngå at arbeidslinja vert for hardt svekka, til dømes gjennom ein form for tak for samla utbetalingar.  

Differensierte
utbetalingar bør også vere vegen å gå når det gjeld barnetrygd. Dette er ei yting som i dag vert utbetalt flatt til alle, også den betydelege andelen som strengt tatt har så høg inntekt at dei ikkje treng pengane. At barnetrygda går til alle er nok også grunnen til at den ikkje har vore pris og kostnadsjustert sidan 1996. Det vil rett og slett koste for mykje.

Skal vi klare å gje meir til dei som treng det aller mest, bør vi difor vurdere å gje mindre til dei som ikkje treng det. Differensiering er også ein god veg å  når det gjeld betaling i barnehage og skulefritidsordning. Ordningar med gratis kjernetid for dei med dårlegast råd har til dømes gitt svært gode resultat i Oslo.  

Somme politikar har fått seg til å tru at dei skulle fjerne fattigdomen med eit pennestrøk. Det er ikkje mogleg. Årsakene til fattigdom er alt for samansette, og krev ulike og individuelle løysingar. Låg inntekt har gjerne samanheng med manglande tilknyting til arbeidslivet, men kan også skuldast ein krevjande omsorgssituasjon med mange barn, eller at fleire lever på ei inntekt. Samstundes vet vi at den som blir utsett for vald eller seksuelle overgrep, eller blir ramma av psykiske lidingar eller rusproblem, også har stor risiko for å ende opp i fattigdom.  

For barn som i dag veks opp i fattigdom, er det viktig å setje i verk konkrete og målretta tiltak som gjer kvardagen litt rikare for den einskilde. Det kan handle om tilbod om aktivitetskort som gir gratis inngang til idretts- og kulturarenaer, opne og tilgjengelege bibliotek, leksehjelpsordningar, utlånsordning for sportsutstyr, tilgjengelege lokale til bursdagsfeiringar og opne idrettshallar for uorganisert leik.   

Å lyfte barn ut av fattigdom handlar også om å sikre god helse, utdanning og ordentlege bustadforhold. Vi må difor styrkje både helsestasjonane og skulehelsetenestene, sørgje for at barn som slit på skulen får nødvendig hjelp så tidleg som mogeleg og tilby tryggje oppvekstmiljø for barnefamiliane.  

Sjølv om andelen fattige born har vore stabil dei siste åra, har andelen fattige born med innvandrarbakgrunn auka mykje. Elleve prosent av alle born i Noreg har innvandrarbakgrunn, men ser vi på dei fattige borna har så mykje som halvparten innvandrarbakgrunn. Dette er svært alvorleg, og viser at vi har ein lang veg å gå før vi har ein verkeleg vellukka integreringspolitikk.  

Mange av
tiltaka som allereie er nemnt, vil også vere relevante for born med innvandrarbakgrunn. Men ei særleg utfordring med mange innvandrarfamiliar er å sikre tilstrekkjeleg og god språkopplæring. For å sikre at foreldre kjem i jobb, og at born lukkast på skulen, er det på tide å få eit ordentleg løft i språkopplæringa. Fleire må få tilbod om norskundervisning, og tilboda må vere individuelt tilpassa og fleksible nok til å treffe folk i ulike livssituasjonar.  

Fattigdom handlar om økonomi. Men det handlar også om utanforskap og skam. Å lyfte born ut av fattigdom er eit fellesansvar. Det ansvaret bør stortingsfleirtalet kjenne tungt på når vi skal vedta statsbudsjett denne hausten.