Feelgood-dikt!

Dikt som innbyd deg til vennskapeleg samvær i språket.

BOK: Det er med ei sær glede og ein merkeleg sprudlande og naiv energi Kristin Auestad Danielsen kjem stormande inn i språkets rom og skapar si første samling dikt. Kom inn denne døra!Alle kjem frå allslags rom, dundrande ned trappene.Høyr på den klirrande tekannesamlinga.Bli redd for det svaiande skipetLukt i dei mørkaste kistene.Raudne over dei halve historiene.Bli taus.Bli glad og oppstemt litt seinare! Slik byrjar det første diktet, og dette viser både leiken og det gode handlaget hennar. Ho etablerer ein tone, og den held og held, så og seie gjennom hele boka. Men ho innfører også klare brotmed forventningane ho har etablert. Ho har faktisk klart å laga ei heil diktsamling der me vert lokka med på ein skiftande språkleg dans og bare gler oss over energien og det underliggjerande medvitet som finst bak desse lausslepte tekstane. Her er også stemningar som med sitt finstemte dialektpreg og munnlege syntaks, vippar inn mot det mørkare, det ubestemmelege og skumle på ein draumeaktig og surrealistisk måte: Ho har ein pistol i handa. Ho har ein puma som sleiker seg rundt munnenog smiler veldig flørtande. Norway, seier pumaen utan å lage lyd. Bortsett frå eit par mindre heldige sider (s. 47 og s. 48) der eksperimenteringa i seg sjølv tiltrekkjer seg for mykje merksemd, har ho full kontroll over saltoar og krumspring, over kos, småkrangel og sladrande replikkar: «skal heim til mamma å få ein beibi?» Det barnlege innslaget, så tydeleg i dette diktet: Saman med verda snurrar vi rundti universet. Huset er med. Mor ermed. Hundane er med. Bæra. Alleer med. Kor er Gud hen? Vi springleande ut på den opne plenen. Kor er Gud hen? og som i andre uttrykk som «Ta med eit kakestykke i handa» og «Vi drikk mjølk frå store glas» er markert, men mjukt innarbeidd i uttrykket, og vert ståande i kontrast både til ein meir vaksen og pirrande røyndom, «Kjøp intime sandalar» og til absurde hendingar «alle kjærastane forsvann i stolane, dei smelta bort, berre skor og dressar igjen som mormor samla saman i ein pose, veldig greit å ha når ungane skal kle seg ut» og så vidare gjennom ei uregjerleg, men velkomponert bok, til ho lukkar det heile slik: Skru igjen no. Pust roleg.Skru igjen. Legg det bort.Legg det bort. Ute er detkaldt. Vi ropar ikkje.Lenge skal eg vera her.Lenge må vi vere her, vereher. Og me får rett og slett lyst til å klappa barnleg i hendene!.