Feil med påtvungne kristne helligdager

- Jeg vil velge selv når jeg skal ha fri.

FRIDAGER: Påske, 1. mai, Kristi himmelfartsdag, pinse, 17. mai - våren kan kjennast litt som ein maraton av offentlege helgedagar.

For dei fleste av oss er mange av desse fridagane lite anna enn nettopp det: fridagar. Då er det unekteleg litt rart å sjå samfunnet nærmast stoppa opp, tilsynelatande utan at nokon rundt oss bryr seg om kvifor. Kor mange er det til dømes som har spesielt sterke kjensler for andre pinsedag?

Verre er det at for dei som har andre livssyn enn det kristne, kan det opplevast som urettvist at dei blir«tvungne» til å feira kristne høgtider, medan dagar som for dei er heilage ikkje blir respektert på same måte.

Både påskehelga, julehelga og nyttår er viktige, samlande og sekulære høgtider som heile samfunnet deler, sjølv om me legg ulik tyding i dagane. Det må me ta vare på.

Men kan me ikkje overføra ein del av dei andre «raude» dagane til ein personleg rauddagskonto, som den einskilde disponerer fritt?

Me kan byrja med å ta ut Kristi himmelfartsdag, andre pinsedag, skjærtorsdag, andre påskedag og 1. mai. Så får me alle ein konto med fem heilagdagar me kan ta ut når det passar oss sjølve best. Desse dagane har me dei same rettane overfor arbeidsgjevar som for dagens helgedagar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

For mange vil det passa best å ha fridagane slik dei står i dag. Sjølv vil eg i alle fall gjerne ta ut både skjærtorsdag og andre påskedag, fordi påskehøgtida er ein viktig tradisjon for meg. Men kanskje Eva heller vil ta fri på 70-årsdagen til mora enn å feira andre pinsedag? Kanskje Tariq heller vil feira Id Al-Fitr, som markerer avslutninga av Ramadan, enn himmelferda til Jesus? Kanskje det passar best for Eskil og Arne å ha vanleg arbeidsdag første mai, og heller ha fri på bryllaupsdagen sin?

Ei ordning med rauddagskonto vil heilt klart vera bra for økonomien og verdiskapinga, når me kan «halda hjula i gang» som normalt fem ekstra dagar i året. Det vil også vera eit positivt bidrag på ulukkestatistikken når mange vel å ta påskeferie og dra opp til hytta ein dag i førevegen, eller kan bli på fjellet ein dag lenger.

Feil med påtvungne kristne helligdager

Men det viktigaste er at rauddagskontoen gir meg og deg moglegheit til å leva sjølvvalde liv. Både fordi me då vil kunna handla som til vanleg på høgtidsdagar som for oss ikkje er viktige, og fordi me får moglegheit til å ta fri for fullt ut å få utnytta dagane som verkeleg tyder noko.