Feil medisin

Det sentrale spørsmålet er om operasjonen vi sender styrkar til gjer situasjonen i Afghanistan betre eller verre. Dette er tydelegvis debatten Janne Haaland Matlary vil unngå.

Tilhengarane av NATO-operasjonen i Afghanistan må våga å diskutera strategi. I dag gøymer dei seg bak ulike gode intensjonar med å senda militære styrkar, og ser vekk frå sentrale fakta om kva denne politikken fører til. Innimellom prøver dei å framstilla krigsmotstandarar som uopplyste tullingar, kjensleladde USA-hatarar eller skaptilhengarar av Taliban.

Aslak Nore brukar det meste av innlegget sitt 24. november på å avskriva engasjementet til ei rekkje forfattarar og skodespelarar som ei «ideologisk reflekshandling». Aage Borchgrevink følgjer opp fem dagar seinare med ei lang lekse om krigsmotstandarane sitt «enøyde og ødipale fokus på USA». 7. desember trør Janne Haaland Matlary til og skuldar like godt fredsaktivistar for å utsetja nordmenn i Afghanistan for større fare. Lesarane får servert med teskei kor lite gjennomtenkte kritikarane av krigføringa er. Men vi høyrer lite og ingenting om den faktiske utviklinga i Afghanistan, og om den strategien Noreg støttar så handfast opp om har utsikter til å betra situasjonen.

Grunngivinga for den vestlege militære innsatsen i Afghanistan har endra seg sidan invasjonen i 2001. Argumenta kan grupperast i to hovudtypar. Den første typen er den som handlar om at vi skal vinna ein krig. Al Qaida, Taliban, «opprørsgrupper» og «terroristar» av ymse slag skal nedkjempast. Dette argumentet var ein vinnar heilt i starten. Terroråtaket på USA 11. september skapte ei stemning av sympati, men også hemnlyst. Det gjorde det mogleg å sjå gjennom fingrane med eit manglande folkerettsleg grunnlag for invasjonen, og ein ikkje særleg patent argumentasjon om at Afghanistan skulle stå bak terroråtaket.

No om dagen står krigsretorikken svakare. Men vi får framleis høyra at tilbaketrekking vil vera eit «knefall for fortsatt vold og terror» (Jens Stoltenberg i Aftenposten 22. november), at vi må vera i Afghanistan fordi vi ikkje kan «tillate at Taliban tar tilbake territorier» (Jan Petersen til Ny Tid 1. september i fjor), eller at «Norge er i Afghanistan for å støtte våre allierte, trygge verden og i ytterste konsekvens oss selv» (Aslak Nore i Dagbladet 24. november). Men USA og NATO har ingen realistiske håp om å vinna krigen i Afghanistan. Taliban og andre «opprørsgrupper» vinn terreng og kontrollerer no over halve landet. Dei viktigaste årsakene er den brutale vestlege krigføringa og alliansen med Karzai-regimet, som av gode grunnar har låg tillit i store delar av folket.

Den andre typen argument har derfor kome meir i forgrunnen. No handlar det i staden om å hjelpa det afghanske folket – med skular, helsevesen, politi, rettsstat og demokrati. Dette er sympatiske mål. Men det er ikkje argument for å støtta opp om USA og NATO sine militære operasjonar. FN opplyste nyleg at gjennomsnittleg levealder i Afghanistan har sunke frå 44,5 år i 2003 til 43,1 år i dag. NATO-styrkane står sjølv ansvarleg for flest drap på afghanske sivile. Hjelpeorganisasjonar hamnar i skotlinja fordi dei blir assosiert med ein krigførande part; åtak på hjelpearbeidarar er nye fenomen etter at krigen starta i 2001. Opiumsproduksjonen i Afghanistan var i fjor oppe i meir enn 90% av verdsproduksjonen, frå å vera på 7% det året USA invaderte. Det er denne verksemda som finansierer borgarkrigen. Den raskt aukande opiumsproduksjonen har også «æra» for at inntekta per innbyggar har auka dei siste tre åra; ein inntektsauke Stoltenberg brukar som argument for at militær innsats fungerer.

Kva så med demokrati og rettsstat? Den afghanske grunnlova vart til etter forhandlingar mellom USA og dei islamistiske militsane som samarbeida om å styrta Taliban. Denne slår fast at Afghanistan er ein islamsk republikk der sharialover gjeld som tolkingsgrunnlag for dommarar. Grunnlova presiserer at bare kandidatar som støttar den noverande grunnlova kan stilla til val. Etter invasjonen vart Hamid Karzai raskt utpeikt til interimpresiden av dei vestlege okkupasjonsmaktene. Tre år seinare vart «vår mann» valt i eit presidentval prega av harde trugsmål frå lojale krigsherrar, og han vann ein overlegen siger i dei storbyane som NATO-styrkane kontrollerte. Under valet til nasjonalforsamling i 2005 føregjekk det i tillegg omfattande valfusk. Meir enn halvparten av dei valde er krigsherrar og krigsforbrytarar. Dei utgjer det parlamentariske grunnlaget for Karzai-regjeringa. Dei same parlamentarikarane har seinare gitt seg sjølv amnesti, slik at dei ikkje kan stillast til ansvar for krigsbrotsverka sine. Det er desse styresmaktene Vesten gir legitimitet og økonomisk og militær støtte til.

NATO fører ein krig som fører til større lidingar for det afghanske folket, og som skaper motstand og grunnlag for terrorisme. Erobring og kontroll over Afghanistan er ikkje bare eit uoppnåeleg mål. Forsøket på det styrkar dessutan dei kreftene ein offisielt skal motverka. At den militære strategien er feilslått er i ferd med å synka inn også hos dei mest iherdige tilhengarane, som derfor har dempa krigsropa sine ein smule. Overgangen til meir idealistiske argument for NATO-operasjonen har likevel ikkje forbetra levekåra for afghanarar flest.

ISAF-styrken vart oppretta med mandat til å stabilisera Kabul. Lenge var det formelt ikkje ei militær samordning mellom ISAF-styrken og USA sin offensive krigsoperasjon «Enduring Freedom». At NATO overtok ansvaret for ISAF-styrken gjorde samarbeidet lettare. Samordninga vart gradvis formalisert, og no gjeld samarbeidet for heile Afghanistan. Strategisk – og langt på veg i praksis – er det ingen forskjell mellom dei to militæroperasjonane lenger. NATO driv no ein offensiv krig i store delar av landet.

I KRIG: Nato er feil medisin for Afghanistan, mener Ingrid Fiskaa. Foto: NORSOF TG / FORSVARET
I KRIG: Nato er feil medisin for Afghanistan, mener Ingrid Fiskaa. Foto: NORSOF TG / FORSVARET Vis mer

I tråd med denne utviklinga aukar også risikoen for at norske soldatar mistar livet. Janne Haaland Matlary prøver å framstilla det som at krigsmotstanden botnar i uvilje mot å ta militær risiko. Ho påstår dette mot betre vitande. Det sentrale spørsmålet er om operasjonen vi sender styrkar til gjer situasjonen i Afghanistan betre eller verre. Men dette er tydelegvis debatten ho vil unngå. Her skal vi gi avkall på demokratiske rettar og lojalt stilla oss bak krigsoppdraget. Når avgjerda om å senda styrkar er tatt, er debatten over. Kan Matlary opplysa oss om kor gale det må gå i Afghanistan før debattpausen er over?

Enkelte gjer eit stort poeng ut av at fredsaktivistar kan ha ulike og ikkje alltid presise argument mot norsk krigsdeltaking. Det er langt meir alvorleg at tilhengarane av NATO-operasjonen i Afghanistan slett ikkje har ei felles oppfatning av mål og strategi, og av kvifor Noreg skal ha opp mot ein fjerdepart av den ståande hæren vår i Sentral-Asia. Er det for å vinna ein krig mot Taliban, bygga skular eller støtta den heller tvilsame gjengen i den afghanske regjeringa? Det må vera eit minimumskrav at den som sender militære styrkar har ei klar oppfatning av kva som er målet og kva som skal til for å nå dette.

Det må finnast politiske løysingar for tryggingsproblema og på borgarkrigen i Afghanistan. USA og NATO heller ikkje bare bensin på bålet, dei nektar også Karzai-regjeringa å forhandla med Taliban. Taliban er antidemokratiske krigsforbrytarar. Det er også mange av dei Vesten allierer seg med. Men Taliban har også eit sosialt grunnlag i ei stor folkegruppe som må vera med i ei framtidig fredsløysing. Utan at det blir inngått våpenkvileavtalar og starta fredsforhandlingar der alle grupper i Afghanistan er representert, vil krigen vara ved. Så lenge NATO insisterer på å nedkjempa motstandarane sine militært, er dei nødvendige politiske løysingane langt unna.

NATO er feil medisin for Afghanistan. Bare den som gir opp å vinna krigen, kan delta i debatten om korleis vi kan hjelpa det afghanske folket.

Feil medisin