Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Feil om 6-timersdagen

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

ARBEIDSTID: I ein stort oppslått artikkel 3. oktober hevder Dagbladet at det går føre seg ein dekkoperasjon i departementet: «Et internt notat avslører hvordan departementet har utarbeidet en bortforklaringstaktikk for å snakke bort SVs og LOs drøm om en gang å få til et vellykket forsøk på sekstimersdagen». Dette er feil!Notatet er ein del av eit arbeid i ei intern prosjektgruppe som har ansvaret for å førebu forsøk med redusert arbeidstid. Notatet er berre distribuert til medlemene i denne interne gruppa og som eit innspel i ein diskusjon. Notatet vart aldri lagt fram for politisk leiing, og eg har dermed ikkje visst at notatet har eksistert! Dette vart da og Dagbladet gjort merksam på då dei kontakta departementet om saka på mandag.

VI JOBBAR mykje med 6-timersdagen, både innhald og kommunikasjon rundt det. Mange oppfattar omgrepet «6 timersdag» heilt bokstaveleg, dvs. at prosjektet berre skal dreie seg om å jobbe 6 timer kvar dag og ikkje andre former for redusert arbeidstid. Så seint som mandag denne veka fekk vi spørsmål frå ein journalist om vi ikkje og kunne være interessert i redusert arbeidstid i veka, det vil eie 30-timers veke. Svaret er naturlegvis - ja, vi er interessert i å sjå på fleire ulike modeller.Det er jo det vi faktisk gjer, vi vurderer ulike former for redusert arbeidstid. Slik det og heiter i Soria Moria-plattformen; «6-timersdag/arbeidstidsreformer».