Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Feirer stor poet

Nye Mjelve-dikt og gammalt godt Mjelve-essay.

BOK: 22 tidlegare upubliserte dikt av Sigmund Mjelve er ei fin vårgåve! I tillegg er det i denne boka teke med eit nyskrive essay om Mjelves dikt av Kaja Scherven Mollerin.

Det er fint å sjå at nokon igjen tek for seg denne forfattarskapen i ein lengre tekst! Elles finn me eit par gode intervju som er publiserte tidlegare. Eit av Jan Erik Vold og eit av Torunn Borge og Henning Hagerup.

Og sist og minst, men aller best, eit essay av Sigmund Mjelve som ikkje har vore å sjå på prent sidan det stod i F15 Kontakt i 1967 og difor er nytt for dei fleste og eit kjærkome gjensyn for andre.

Små glimy

Dei nye dikta vekker gjenklang av den Mjelve me kjenner, med titlar som «Ingenting er september» og «Jorden synger». Mjelvesamlinga «Tidsteder», som kom ut for ti år sidan, har vorte rekna som oppsummeringa av ein stor forfattarskap i norsk poesi.

Nå har Turid Mjelve og Morten Moi altså funne fram eit knippe upubliserte, og kanskje ikkje alltid heilt ferdige dikt, som så har gitt høve til å hylla diktaren det året han ville ha fylt 80. Desse dikta tåler godt å møte lesarane hans. Men ein må ta seg tid, og ha tillitt til at dei vil gje frå seg små glimt av vera til litt etter litt. Alle er ikkje like gode, men her finst absolutt glimt av den store poetens klo.

Sentrale tema

Et tre sa,

 MINNEBOK:  Sigmund Mjelve ville fylt åtti år om han hadde levd. Foto: ARNE V. HOEM
MINNEBOK: Sigmund Mjelve ville fylt åtti år om han hadde levd. Foto: ARNE V. HOEM Vis mer

et fjell sa,

mitt liv og ditt.

heiter det mellom anna i diktet «Det er». Og me ser gong på gong i denne vesle samlinga korleis Mjelve sirklar seg inn mot dei to-tre mest sentrale tema i forfattarskapen; at noko er til, at inkje er til, og at det som me ser og erfarer, alltid er mangetydig.

Når Mjelve startar eit dikt slik:

Mangetydig er

mitt liv

når løvet faller

så blir det i mine auge feil av Scherven Mollerin å skriva at «det er kun under bestemte omstendigheter at denne mangetydigheten får komme til sin rett». Det Mjelve gjer her er å knytte det opnande uttrykket til ein spesifikk, konk-ret erfaring for å gjera det gyldig for sansane. Dette var viktig i Mjelves poetikk. Det mangetydige i situasjonane og livet, var eit hovudbodskap frå Mjelve, slik det òg vert handsame i filosofien av Peter Zinkernagel, og vel kan seiast å vera poesiens heilt sentrale skanse, i ei tid då så mange krefter er retta inn på å få oss til å sjå på liv og menneske som eintydige og eindimensjonale.

Inspirator


Dei åtaka som ein ser på den modernistiske poesien i dag, i form av nedvurdering ut frå lånefrekvens og vilje til å redusera vedtekne innkjøpsordninga for nett denne måten å bruka språket på, kan kanskje skapa eit nytt medvit om kva det er denne type poesi kan halda fram for oss og minna oss på. Noko som me ikkje så lett kan uttrykka på anna vis. Mjelve kan vera ein inspirator til det.

I sitt vesle essay «Hvor merkelig» skriv Sigmund Mjelve om heilt essensielle ting i eit menneskeliv. Han sirklar på sitt vanlege slentrande og presise vis inn det spranget som skjer i blant frå tvil til visse, frå tvil til stadfesting. Det er storarta å sjå korleis han i løpet av fire sider klarer å seia meir om dette enn tjukke bøker har klart, og han seier det slik at me vaknar, og kjenner kor viktig dette er.

Om den tilstanden av å vera til i ein dialog med omverda slik at ein gjensidig stadfestar kvarandre, skriv han: «Uten å kunne si hvorfor er virkeligheten blitt meg så påtrengende virkelig at jeg ikke kan annet enn tro på den, jeg må bekrefte den, og den blir til liv som igjen bekrefter meg. I den sanneste betydning av ordet er jeg blitt født. Jeg går inn i livet, jeg deltar i det. Jeg sier: Hvor merkelig at jeg er til, hvor merkelig at mennesket er til, at trærne, dyrene, byene, elver og fjell er til, at alt er til.»

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media
Kode24 - nettavis om utvikling og koding Elbil24.no -  nyheter om elbil KK.no - Mote, interiør, og tips Sol.no - De viktigste nyheter fra nettsider i Norge Vi.no - Quiz, kryssord og nyttig informasjon Dinside.no - teknologi, økonomi og tester Se og Hør - Kjendis og underholdning Lommelegen.no - helse, symptomer og behandling