DEBATT

Homoterapi:

Felles front mot religiøs fundamentalisme

Det er på tide å parkere desse satanistiske designgudane som onde menneskje har skapt i sitt eige bilde for å få diktatorisk makt over andre.

Religion: Det er på tide å danne ein felles front mot religiøs fundamentalisme, skriver spaltist Jarl Wåge. Foto: REUTERS/Leonhard Foeger/NTB Scanpix
Religion: Det er på tide å danne ein felles front mot religiøs fundamentalisme, skriver spaltist Jarl Wåge. Foto: REUTERS/Leonhard Foeger/NTB Scanpix Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Eg var 14 år og på den årlege kristne sommarleiren i Fyrde i Austefjorden. Hadde deltatt sidan eg var ti. I regi av Frie evangeliske venner i Volda. Ei menigheit mykje lik Pinsevennane. Mellom anna med vaksendåp og tungetale

Ein leir med mykje leik og moro. Men sanneleg seier eg dykk; vi fekk ikkje gløyme at det var ein kristen leir. Andakt kvar morgon. Bibeltime på ettermiddagen. Ein av dei siste kveldane var det vekkings-møte. Då kunne vi bli rensa i «lammets blod».

Stemninga var elektrisk. Frelsen var nær. Nokre damer med hatt spelte gitar og song suggererande, andelege songar som anten skulle lokke; «Kast deg i frelserens armer. Legg dei til ro ved hans bryst», eller skremme; «Innenfor eller utenfor, bryllupssalen en gang. Innenfor eller utenfor, hvor skal du stå en gang?» Talen etterpå var stappfull av helvete og halleluja. Enkelte talte i tunger.

Plutseleg reiste ein av kameratane mine seg og gjekk som i trance fram til podiet. Han knelte, fekk ei hand på hovudet, blei beden for, og vips, så var han onvendt. Etter kvart var dei mange. Eg var standhaftig tinnsoldat og sat.

Då kom ei av leiarane bort og sette seg med meg. Spurde om ikkje eg òg skulle fram. Om eg våga å stå imot kallet. Eg våga å stå imot. Då foreslo ho at eg skulle knele der eg var. Lurte på om eg ikkje var redd for å hamne i helvete. Det var eg. Veldig redd. Men nei takk.

Til slutt orka eg ikkje presset. Eg gjekk ut. Då fylgde ho pinadø etter meg. Strødde om seg med agn, menneskefiskar som ho var. Ville ha meg til å knele under eit tre. Eg beit ikkje på og sprang der i frå.

I ettertid har eg ofte tenkt at det som skjedde den kvelden var eit psykisk overgrep mot eit ungt og sårbart sinn. Stadig undrar eg meg over at eg hadde mot og styrke nok til å stå imot.

Likevel var nok dette light-versjonen samanlikna med overgrep mange andre blir utsette for i religiøse miljø.

Anders Torp, til dømes. Faren hans, Jan Åge Torp, var leiar for Seierskirken og seinare Oslokirken. I desse kyrkjelydane vokste dei seks barna til Jan Åge Torp opp. Anders braut med både barnetru og faren si kyrkje då han var 19. I boka «Jesussoldaten» frå 2016 som han skreiv saman med Tonje Egedius, tar han ei kraftig oppgjerd med det han kallar faren sin autoritære stil, demonutdrivingar og undertrykkjing og utnytting av svake menneskje.

Nyleg fekk han diagnosen kompleks posttraumatisk stressliding. Han har slitt med angst og sjølvmordstankar heilt frå tiårsalderen på grunn av opplevingar i faren si kyrkje. Fleire andre frå slike miljø har liknande diagnosar.

Anders Torp kjempar no ein heroisk kamp for å sette fokus på psykiske overgrep mot barn i lukka, religiøse miljø.

Eg har møtt Jan Åge Torp i tv-debattar om kristendom og homofili. Han påstod at han kunne helbrede homofile. I ein av debattane viste han til og med fram ein av dei han hadde «helbreda».

I TV2-serien «Norge bak fasaden» hadde journalisten Kadafi Zaman nyleg eit program om Jehovas Vitner. Dagbladet sitt Magasinet har òg retta søkelyset mot desse lukka miljøa. Der blei vi, av avhopparar, presenterte for eit brutalt miljø som har konstruert ein gud så ond og hjarterå at han står klar til å slå ned på og straffe alle som trår utanfor den smale sti.

Det som er enda verre, er at om nokon skulle miste trua og gå sin eigen veg, så er dei plutseleg persona non grata i menigheita dei har vore ein del av heile livet. Det verste er at familen slår handa av dei og nektar å ha meir med dei å gjere. Dei er ikkje-eksisterande i familien sine auge.

Tru for all del ikkje at denne despotien bare gjeld i kristne miljø. Nøyaktig dei same mekanismane er i verksemd bak dørene i mange moskèar. Den same undertrykkjinga, einsrettinga, hjernevaskinga. Den umenneskelege sosiale kontrollen.

Eg kjenner homofile muslimar som ikkje tør å ta steget ut av skapet av frykt for represaliar. Progressive muslimske stemmar kritiserer imamar som ikkje klart og tydeleg tar avstand frå tvangsekteskap og kjønnslemlesting.

I fundamentalistiske islamske miljø er det heller ikkje rom for fråfall. Skulle ein miste trua på at det finst ein gud, er straffa minst like hard som i Jehovas vitner. Og heller ikkje her er det fritt fram for å elske den ein vil og leve eit liv som ikkje passar inn i A4-fundamentalistformen.

Det er på tide å danne ein felles front mot religiøs fundamentalisme. Lat oss storme barrikadane og slutte oss til modige krigarar som Anders Torp, avhopparar frå Jehovas Vitner og muslimar som tør å ta opp kampen mot sedar og skikkar som ikkje høyrer heime i eit moderne samfunn.

Det vi slett ikkje treng, er ein familieminister som ikkje vil ha forbod mot homoterapi. Gjev oss politikarar som tør å stenge pengesekken for trussamfunn som bryt norsk lov når det gjeld psykisk terror, overgrep, likestilling, diskriminering, forfylgjing av homofile, tvangsekteskap og andre brot på menneskerettane.

Det er på tide å parkere, ein gong for alle, desse satanistiske designgudane som onde menneskje har skapt i sitt eige bilde for å få diktatorisk makt over andre. Nokon må våge å fortelje dei at det ikkje har noko med religion å gjere.

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer