Fem favoritter

Ukas bokanbefalinger kommer fra prisbelønte Sigmund Løvåsen (28).

Sigmund Løvåsen fikk P2-lytternes romanpris og Tarjei Vesaas\' debutantpris 2003 for debutboka «Nyryddinga». Nå er han tilbake, med romanen «Brakk», som følger opp hovedpersonen i debutboka. Begge bøkene handler om Geir, som vokser opp på et småbruk.

Sterke bøker, og her er Løvåsens favorittlesning, hentet fra egen bokhylle, på nynorsk:

Heinrich Böll

«Som en klovn ser det» (Gyldendal)

Eg vil her ta for meg bøker som har gitt meg gode leseopplevingar det siste året. Nobelprisvinnaren Böll presenterer oss i denne boka for klovnen Hans Schnier, som har valt yrket sitt i protest mot si grådige og hyklerske samtid. Det er ein kjærleiksroman og ein kunstnarroman der klovnen utan hemningar slengjer ut sin harde kritikk mot sine landsmenn og si samtid.

Lotta Lotass

«Band II. Från Gabbro till Löveng» (Bonniers)

Dette er ein fin inngang til eit spennande svensk forfattarskap. Romanen består av novelleliknande kapittel, som til saman blir eit oppslagsverk over eit område og menneska som bur der. Den rommar alt frå bibelske visjonar til jordbruksrealisme. Boka er den andre i ein triologi med Kallkällan som den første og Skymning:gryning som den tredje.

Olav H. Hauge

«På ørnetuva» (Noregs Boklag)

Dette er samlinga som kom fem år før gjennombrotssamlinga «Dropar i austavind». Eg treng vel ikkje seie meir enn at det er Hauge på høgde med Hauge på sitt beste.

Olav Duun

«Medmenneske» (Olaf Norlis Forlag AS)«Juvikfolke» er Duuns storverk, men «Medmenneske» blir som regel halde fram som den sterkaste enkeltboka. Med sjeldan gode dialogar og drivande språk viser Duun oss spenningar og maktforhold mellom menneske. Den gode og handlekraftige Ragnhild orkar ikkje lenger sjå korleis svigerfaren får ture fram, og drep han med øks. Spørsmålet er: kan ein utslette det vonde med det vonde?

Torgny Lindgren

«Pölsan» (Nordsteds Förlag)

Ein notisskrivar får sparken av sjefredaktøren i 1947 da det viser seg at han skriv fiktive notisar. Han tar opp igjen arbeidet på aldersheimen når han er 107 år, og skriv fram ei fantastisk forteljing som har tuberkulose og hakkepølse som sentrale motiv. Best, men farligast, er pølsa hos Ellen i Lillsjöliden!

EN GOD LESER: Forfatteren Sigmund Løvåsen (28) er snart ute med sin andre roman.