Feminisme som nazisme

ETTER Å HA analysert språkleg makt(mis)bruk i ein menneskealder er det sjeldan eg hoppar i stolen over språkleg makt(mis)bruk. Men i intervjuet med pater Kjell Arild Pollestad i Dagbladet fredag 8. april er det ein setning som overgår det meste eg har sett tidlegare: «Feminismen har gjennom tretti år kostet flere menneskeliv enn nazismen og kommunismen til sammen.» Formuleringa - «har... kostet flere menneskeliv» - er utspekulert raffinert. Alle veit kva for metodar Hitler og Stalin nytta seg av og som «kostet» millionar av menneskeliv. Gjennom samanstillinga i sitatet over vert feminismen som ideologi og rørsle likestilt med desse menneskehistorias mest barbariske handlingar.

Trafikken «kostar» menneskeliv. Naturkatastrofar «kostar» menneskeliv. Svolt og fattigdom «kostar» menneskeliv. Arbeidsulykker «kostar» menneskeliv. Men dette er ei altfor snill formulering om nazismens konsentrasjons- og utryddingsleirar. På den andre sida er det ein mildt sagt spesiell språkbruk å hevde at feminsimen «har kostet» menneskeliv sjølv om feminismen har vore ein av pådriverane for fri abort. Heilt ille vert det når feminismen og nazismen vert likestilt gjennom dette uttrykket, og da til og slik at feminismen framstår som verre enn nazismen og kommunismen til saman.

UANSETT KVA ein måtte meine om abort, som er eit svært komplisert og samansett etisk spørsmål; det er heilt uakseptabelt å gripe til formuleringar av denne type. Sjølv om ein er prinsipiell abortmotstandar, eit standpunkt som avkrev full respekt, har ein ikkje lov til å ta språkelege maktmiddel i bruk på denne måten.