KIDNAPPET: «Allahu akbahr, Gud er stor» har blitt eit mantra som gjev legitimitet til barbariske overgrep av alle slag, skriv kronikkforfattaren. Bildet viser en soldat fra Boko Haram, som kidnappet mange jenter fra en skole i Nigeria. Foto: NTB Scanpix
KIDNAPPET: «Allahu akbahr, Gud er stor» har blitt eit mantra som gjev legitimitet til barbariske overgrep av alle slag, skriv kronikkforfattaren. Bildet viser en soldat fra Boko Haram, som kidnappet mange jenter fra en skole i Nigeria. Foto: NTB ScanpixVis mer

Fifty shades of God

«Allahu akbahr, Gud er stor» har blitt eit mantra som gjev legitimitet til barbariske overgrep av alle slag.

Meninger

«Allahu akbahr» brøler terroristar og høgg machetar i uskuldige forbipasserende eller på førehand utplukka offer som politifolk eller ein prest. «Allahu akbahr» skrik sjølvmordsbombarar og sprengjer seg sjølve i lufta der massevis av menneske er samla. Over to hundre drepne i travel handlegate i Bagdad. Nærmare seksti døde på sjukehus i Pakistan i samband med ei gravferd.

SKRIV OM RELIGION: Jarl Wåge.
SKRIV OM RELIGION: Jarl Wåge. Vis mer

«Allahu akbahr» gjallar det i nigerianske landsbyar når medlem av Boko Haram brutalt kidnappar hundrevis av skulejenter som dei på pedofilt vis misbruker som barnebruder og slavar. «Allahu akbahr» ropar ulike syriske opprørsgrupper og regjeringssoldatar når dei barkar samen i fryktelege slag, legg landet i ruinar og jagar millionar på flukt.

«Allahu akbahr, Gud er stor» har blitt eit mantra som gjev legitimitet til barbariske overgrep av alle slag. Og kvar einaste gong dei utbasunerer at gud er stor, reduserer dei han til ein ynkeleg, ond og hemngjerrig figur.

Av og til slår det ein at religion er rota til alt ondt. Religionar som islam og kristendom si største svakheit, er at dei er så lemfeldig utforma at dei gjev tolkningsmogelegheiter.

Så lenge det har eksistert religionar, har folk tolka i veg etter eige hovud og designa religionen slik at han skal passe inn i deira eiga, forskrudde verd. Difor har vi opp gjennom historien sett fryktelege krigar, skjending av menneskeverd og rovmord på tallause uskuldige menneske i Guds misbrukte namn.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er ikkje sant at det finst berre ein gud. Gud er i høgste grad eit tema med variasjonar. Berre i Noreg finst tusenvis av gudshus av ulike religiøse valørar, innhald og tilnærming. Fifty shades of God, for å seie det slik. Hadde gud vore av denne verda, hadde han vore eigedomsmagnat av himmelske dimensjonar. Men han er ikkje av denne verda. Han er ein fjern, diffus og temmeleg schizofren, himmelsk far som strør om seg med jomfruer til sexfrustrerte, døde, heilage krigarar.

Han elskar homofile, eller han hatar dei og dømer dei til evig å pinast i skjærselden. Han oppfordrar til ærelaus steining av kvinner som elskar den dei vil, til å hindre kvinner i å ta utdanning og nekte dei å vise håret. Og han manar ustanseleg til uheilag krig.

Akkurat no er det ekstreme islamistar som har kreert den mest brutale og nedrige versjonen av gud. Ein gud som meiner det er på sin plass med massevaldtekter av kvinner, at det er riktig å massenedslakte uskuldige, at totalitære samfunn med forakt for menneskeverd er slik det skal vere.

Desse ekstremistane finst i alle land, og guden deira har visst fortalt dei at det er viktig å skape mest muleg ubalanse og kaos. Mange hentar ideane sine frå fundamentalistiske imanar og lærarar som opererer med sin hatefulle bodskap i ulike moskèar.

Men kristne har ingen grunn til å slå seg for brystet og late som om deira historie er søndagsskule i samanlikning. Det er berre å nemne korstog, tvangskristning, inkvisisjon, heksebrenning og religiøse krigar. Men sidan kristendommen er nokre hundreår eldre enn islam, har ein hatt betre tid på å menneskeleggjere og mjuke opp denne religionen.

Når åtti ungdomar blir drepne på konsert i Paris, når IS-soldatar drep og valdtek skulejenter, når ein muslimsk homofob skyt og drep femti feststemte menneske på ein homoklubb i Orlando, er omkvedet: «Muslimar kan ikkje ta ansvaret for det nokre forstokka, forskrudde menneske gjer i Allah sitt namn.»

Det høyrest sjølvsagt og tilforlateleg ut. Men det er ikkje riktig av den grunn.

Det er på tide at den tause majoritet slår i bordet, tar ordet og står ved roret. Dei må ta til motmæle så kraftig og tydeleg at ekstremistane ikkje er i det minste tvil om at dei ikkje har fleirtalet i ryggen.

Gjer dei ikkje det, overlet dei til IS og andre av bestialitetens apostlar å definere islam som ein brutal og umenneskeleg religion. Det vil igjen føre til at det veksande, perverse muslimhatet vi ser i den vestlege verda vil bli enda styggare. Samtidig vil motsetnadene mellom ulike islamske grupperingar i land som Afghanistan, Pakistan, Syria og Irak eskalere og føre til stadig hyppigare og enda verre blodbad.

I Noreg er Islam Net ein stor og viktig organisasjon som hevdar å representere dei muslimske miljøa her til lands. Ein av grunnleggjarane og no leiar av organisasjonen, Fahad Quereshi, har nyleg erklært jihad mot progressive muslimar.

Nokon har teke kraftig og velformulert til motmæle mot Quereshi. Men det er ikkje nok.

Muslimar i hopetal burde vende Islam Net ryggen og seie tydeleg i frå at slike haldningar slett ikkje er representative for norske muslimar.

Sjølvsagt kan vi ikkje påleggje berre muslimar å ta kampen opp mot ekstremisme, vald og terror. Det er alle si plikt å kjempe imot religiøs fundamentalisme med undertrykkjing og fridomsfrårøving som sitt viktigaste mål. Difor må vi, kvar einaste gong det brakar laust med «Allahu Akbar», sjølvmordsbomber, machetar og blodbad i gatene, vise at ingen kan skræme oss til å vere tause.

Høgt og tydeleg må vi fortelje dei at for kvar einaste barbariske handling dei utfører, blir guden deira mindre og mindre og mindre.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook