Finansieringa av grunnforsking

I det siste har det vore ein interessant og viktig debatt om forskingsvilkåra ved universiteta. Det er brei semje om at det må investerast meir i norsk forsking, og at situasjonen for grunnforskinga er særleg vanskeleg.

Frå universitetssida er det også full oppslutning om kravet om auka løyvinger til universitetssektoren, og at den frie forskinga må ha høg prioritet. På desse punkta er det knapt mogleg å tilføre debatten nye moment.

Frå universitetssida er det knytt ei særleg interesse til vilkåra for grunnforskinga og den frie forskinga. Hovudskilnaden mellom grunnforsking og anvend forsking er at grunnforskinga ikkje primært er innretta mot økonomisk eller praktisk nytte. I vanleg språkbruk bruker ein uttrykket fri forsking med om lag same innhaldet som grunnforsking. Kjenneteiknet for den frie forskinga er vanlegvis at den ikkje er styrt av andre enn forskaren sjølv.

Norsk grunnforsking blir i hovudsak finansiert gjennom Noregs forskingsråd (NFR) og over universitetsbudsjetta. Det er difor interessant å sjå nøyare på korleis desse institusjonane handterer sine løyvingar til grunnforskinga. Målet må være at partane samarbeider om å fremje norsk forsking.

Med verknad frå 1993 blei fem forskingsråd slegne saman i NFR, som seinare har vore det einaste rådet for all norsk forsking. Eit av desse fem råda var Noregs allmennvitskaplege forskingsråd (NAVF), som var det einaste klart grunnforskingsorienterte rådet. Somme forskarar, mellom dei underskrivne, var motstandarar av denne samanslåinga. Vi var redde for å få ein for tungstyrt og monolittisk organisasjon, som ville ha ein svakare grunnforskingsprofil, mindre forskarstyring og eit fjernare forhold til universitetssektoren.

Etableringa av NFR i 1993 var eit dristig eksperiment, og vi fekk ein konstruksjon som vi ikkje kjenner frå land «som det er naturleg å samanlikne seg med». NFR opplevde eit sterkt budsjettkutt i sitt fyrste funksjonsår, og har aldri sidan kome på offensiven i den statlege budsjettkampen. Trongare økonomiske kår og hardhendt prioritering i NFR har ført med seg at mange forskarar har fått eit meir negativt syn forskingsrådet. Dei oppfattar også det nye rådet som fjernare frå forskarane enn dei gamle.

I det nye forskingsrådet skulle ein sameine industriforsking, landbruksforsking, fiskeriforsking, teknologisk forsking, naturvitskap, medisinsk forsking, humanistisk forsking og samfunnsvitskap. Og grunnforsking og anvend forsking skulle få plass i same rådet. I styra sit det både forskarar og brukarar. Etter mitt syn har det nye rådet fått eit for sterkt preg av terminologi knytt til næringsliv og økonomisk vekst. NFR har ikkje greidd å utnytte sin rådgjevande funksjon til å skape betre budsjett for norsk forsking, og grunnforskinga er under press.

Dersom ikkje NFR framover får eit sterkare grunnforskingspreg, og finn den rette balansen mellom sentral styring og lokalt mangfald, vil ein måtte reise spørsmålet om eitt forskingsråd er ein tenleg organisasjon for alle forskingsinteressene i Noreg. Etter mitt syn ville eit alternativ vere å dele forskingsrådet i to, eit med primært ansvar for grunnforskinga, og eit med primært ansvar for forsking for næringslivet.

Av dei 2,7 milliardane som NFR forvaltar, kjem mindre enn ein fjerdedel fra Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (KUF) som frie midlar. Desse midlane går i hovudsak til grunnforsking. Det vil seie at størstedelen av NFRs budsjett er løyvingar som blir gjevne til spesielle forskingsformål som departementa ønskjer å prioritere, og dei går til anvend forsking. Eg kan som eit eksempel sitere det Sosial- og helsedepartementet skriv om forsking i sin siste budsjettproposisjon: «Bevilgningen skal benyttes til å finansiere tidsbegrensede prosjekter og programmer med et anvendt siktemål.» Det er ikkje lett å tenkje seg at departementa skulle gje frå seg styringa av desse løyvingane, som blir gjevne for å styrkje norsk økonomi og forbetre samfunnet. Det vil difor vere slik at det noverande NFR har ei sterk vekt på anvend forsking, særleg forsking retta mot næringslivet.

Den frie grunnforskinga er fundamentet for verksemda ved universiteta. På dette feltet må universiteta ha eit romsleg grunnbudsjett, utan ekstern styring eller føring. Berre på denne måten kan dei ivareta den kreative og kritiske funksjonen som dei skal ha. Og denne forskinga er grunnlaget for den vitskapleg baserte utdanninga vi gjev, og for å tilfredsstille samfunnets behov for kunnskapar og kompetanse.

Universiteta, som er dei viktigaste institusjonane for grunnforsking, får sine løyvingar under budsjettkapitlet høgare utdanning. Universitetsbudsjetta har dei siste åra fått vekst eller reduksjon etter variasjonar i talet på studieplassar. Forskingsaktiviteten ser ikkje ut til vere tillagd vekt. Det er difor positivt at det no blir arbeidd med å lage eigne forskingsbudsjett for universiteta. Ved ein slik budsjettmodell vil forskingsverksemda ved universiteta bli meir synleg i budsjettdebatten, og vekst i norsk forsking kan gjevast også over universitetsbudsjetta.

I universitetssektoren er det ein sterk tradisjon for at forskingsløyvingane blir jamt fordelte mellom alle medlemmene av forskarsamfunnet, utan noka form for styring. Dersom vi får eigne budsjett for forsking, må spørsmålet om fordeling drøftast grundig. Vi må ta vare på det vitskaplege mangfaldet, men universitetsleiinga må ta ansvaret for og leggje til rette for ein samla og heilskapleg forskingsinnsats. Også universiteta må ha meiningar om kva felt som bør styrkjast med forskingsløyvingar, og kva for forskingsgrupper som bør prioriterast. Og ei slik fordeling må byggje på ein overordna forskingspolitikk, utvikla i dialog med fagmiljøa.

Det er likevel mitt syn at alle aktive forskarar i universitetssektoren automatisk skal få ein del av løyvingane som gjer det mogleg å drive forsking utan å måtte konkurrere om ekstra løyvingar. Berre på den måten kan vi halde ved lag ei sterk satsing på den frie, forskarinitierte grunnforskinga, som må liggje som basis for all anna fagleg verksemd.

NFR har både grunnforskingsprogram og anvende program. Forskarane har stor innverknad på utviklinga av grunnforskingsprogramma, og på innhaldet i dei. Dei fleste programma av denne typen er nokså laust komponerte, og viktige føremål er å vinne ny kunnskap innanfor eit breitt felt, og byggje opp kompetanse. Etter mi vurdering inneheld slike program mykje fri forsking, og har dessutan den føremonen at dei legg vekt på tverrfagleg verksemd. Eit godt eksempel på det er Kultur- og tradisjonsformidlande forsking (KULT).

Mi vurdering er at det systemet vi i dag har med anvende program, grunnforskingsprogram og frie prosjekt i forskingsrådets regi, og fri grunnforsking i regi av universitetssektoren, er eit tenleg system. Vilkåret er då at også dei anvende programma gjev rom for langsiktig kompetanseoppbygging, og legg vekt på fagleg kvalitet, og at universitetssektoren i framtida får løyvinger som set den i stand til å fylle si oppgåve i den frie forskinga.

Etter mitt syn er det viktig at NFR og universiteta no samlar kreftene for eit felles tak for norsk forsking. I den pågåande debatten om norsk forsking bør vi frå universiteta rette skytset andre stader enn mot forskingsrådet.

I den forskingsmeldinga som snart blir lagd fram, må desse spørsmåla drøftast. Og i alle høve må universiteta, som er dei sentrale institusjonane for den frie grunnforskinga, få eit styrkt budsjett for denne grunnleggjande verksemda. Utan ei slik utvikling vil vi stå dårlegare rusta overfor ei framtid som krev kompetanse det treng lang tid å byggje opp.