Finn-Erik Vinjes kjelder

NYNORSK: Kva Finn-Erik Vinje hadde på tapetet eller i sinne da han skreiv sin artikkel NS, riksmålet og nynorsken (Dagbladet den 8. oktober), kan ein ha sine tankar om, det som kom på trykk fortel meir enn nok. At Dagbladet væra blod og omkamp med Kjartan Fløgstad var tydeleg, dei hadde over ei dobbelside kasta sin gode teiknar forsvarslaus ut i Vinjes lausaktige omgang med kjeldene.I Dagbladet 17. oktober er han forundra over at han set sinn i kok, men har ingenting å seia til gode påvisingar av svært lurvete kjeldebruk og tilbakevising av uverdige insinuasjonar. (Dagbladet 14. oktober). Han forsvarer Riksmålshistorikar Lars Roar Langslet og kallar forvrenginga av Riksmålsforbundets skammelege krigshistorie for to faktafeil.Vinjes hovudpoeng blir elles godt tatt vare på i ein heading for dei som vil nøye seg med den; «Quisling ville gjøre nynorsken til eneste riksmål i landet, skriver Finn-Erik Vinje i et utdrag (...)» Kjelda til denne oppsiktsvekkande påstanden er den kjende motstandsmannen og redaktøren for Norsk Tidend, Arne Falk, seinare kjent som spaltisten Frifant i Dag og Tid. Det FEV let vera å fortelja lesarane er at dette ikkje er Arne Falks eigne ord, men eit referat av NS sin lokkemat for å få nynorskfolk over på si side; «Quisling ville gjera nynorsken til einaste riksmål i landet, berre nynorsken vart lagt nærare gammalnorsken». Vinje kan enten ikkje ha lese den artikkelen han viser til, eller like ille, han kjem med eit påfallande dårleg referat av Einar Haugens referanse til den same artikkelen i hans språkhistorie. (Haugen 1969). For det som står å lesa er at Finn-Erik Vinje prøver å innbilla Dagbladets lesarar det same som NS prøvde å innbille Arne Falk.I sitt såre svar til Steinulf Tungesvik (17.10) beklagar han ikkje dette med eit ord.

I HEILE DEN svære Quisling-litteraturen finst det - det eg har høyrt - ingen spor etter sympati for målrørsla, eller kjelder som tyder på at Quisling ønskte seg nynorsk i noka som helst form. Viss så var tilfelle, ville kanskje t.d Hans Fredrik Dahl late seg frista. Men Vinje veit visst betre.Ja, det fanst ein del nasjonalpatetiske målfolk i mellomkrigstida og motstanden mot den radikale 38-rettskrivinga var stor i viktige delar av rørsla. Men poenget er at påfallande få av dei fann vegen til NS. Tillitsfolka i målrørsla la ned sine verv medan landsmøtet i Riksmålsforbundet med stort fleirtal, 18 mot 2, vedtok å samarbeida med NS for å få omgjort den same rettskrivinga, same kva Lars Roar Langslet ikkje skriv. Kva slags kulturelle skilnader var det som gjorde at dei valde så ulikt? Her viser Fløgstad til sosiologisk og historisk forsking for å finna svar, medan Vinje og Langslet,og fleire med dei, viser til sine gamle historier om det nasjonale samrøret.

DETTE ER tydelegvis eit eventyr som enno mange må få høyra, uansett kva fagfolk har å seia; Hans Olaf Brevig og Ivo de Figueiredo (i Den norske fascismen, Oslo 2002) uttrykker det t.d. slik: «På Vestlandet fikk partiet aldri fotfeste. Indremisjonsbeveglsen, målrørsla og avholdsbevegelsen var totalt fremmed og avvisende overfor de holdninger som partiet representerte.» (s. 60). Og: «De sterke og demokratiske strømdragene der stod fjernt fra partiets ideologi med førerdyrkelse, korporative ideer og norrøn mystisime» (s. 104). NS førte absolutt ingen nynorskvennleg politikk, og deira smansmeltingsforsøk var eit fagleg makkverk som ikkje gagna nokon leir. Men tanken om at dei to språka bør nærma seg kvarandre, for til slutt å smelta saman, har ikkje blitt gitt opp som offisiell språkpolitikk før i Kulturmeldinga til regjeringa som no går. Det har vore vanskeleg å forsona seg med den språklege rikdommen her i landet.

FOR NOKRE VEKER sidan vart det kjent at ei rekkje statsinstitusjonar ikkje bryr seg om den språklege jamstellinga som Stortinget har vedtatt. Viktige kulturinstitusjonar bikkar ikkje to prosent på nettsidene sine ein gong. Da finn Vinje det på sin plass å rykke ut, og får vellvillig sendetid i NRK,s Kulturnytt for å fortelja at han meiner at 25% er for mykje. Nyheita var altså at ein del institusjonar ikkje oppnår to prosent, Vinje meiner at 25% er for mykje (sic!) Reint bortsett frå den absurde nyheitsvinkelen, så har Finn-Erik Vinje meint dette i 30 år, det er ikkje nytt, men redaksjonen i den institusjonen der Vinje i mange år var språkkonsulent og einesynsar, lograr villig. Når ein så dyktig mediestrateg som Finn-Erik Vinje bankar på, bør varselklokkene kime i redaksjonane.