Finn Øglænd firer ikkje på krava

Nære dikt gjennomblåst av eksistensiell erkjenning.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: «Det er ein sprekk i tilværet der ein kan finne ei ro som ikkje er døden». Denne setninga, som minner vagt om ei linje i ein song av Leonard Cohen, står i titteldiktet til Finn Øglænds nye diktsamling «Eksil».

Med denne boka får ein inntrykk av at Finn Øglænd for godt har vendt attende frå sitt eksil i antipoesien. «Eg tar parti for skuggen min», skreiv han i den førre samlinga «Opphav», som viste same tendens som her: mogne og sterke dikt som har vakse tett inntil muren som heiter antipoesi, men som likevel får stå og slå ut i vakre linjer. Og det sjølv om mykje er grått og stille her, og trass i at nokre dikt vert for vage.

Klårleik

Det er innimellom noko «kinesisk» over dei beste dikta, og det imponerer med sin gjennomførte klårleik og si eksakte tyngd.

Det forgjengelege fell,

ein fugl flyg, ei grein dirrar.

Eg er fødd av natt og bleikna av hav.

Ikkje anna enn lydlaus skjelving,

nykveikt måne og krasling i eit tre.

Himmelen teier. Snøen fell lett.

Fjorårsgraset bøyer seg.

Fornya tillit

Tidlaus og nært skriv Øglænd seg inn i ein lang tradisjon. Og han har nokre fulltreffarar av nokre linjer: «søv kattungen ennå/ i vindens korg?» og «Paradiset er alltid ein annan stad, men eg er alltid her» . Trass i eit dikt som dette, der han skriv at lykka er ein eller annan stad utanfor kroppen, medan sorga er inni kroppen, så viser ein del av desse dikta likevel ein fornya tillitt: «Jorda held si hand over meg». Men det å vera poet er også å utsetja seg for det vage og ukjente: «Vi dreg rundt som landmålarar i land som ikkje finst» . Og det har å gjera med det å gå inn i det språklause via språket: «Det er ikkje noko å seia, og vi seier det, presist» .

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer