Finsk kvalitet

Ein smart prosadebutant og ein dreven lyrikar er Finlands sterke kandidatar til Nordisk råds litteraturpris. Og skjønt det dreier seg om to høgst ulike stemmer, så fortel dei begge muntert og sorgfullt om det som trugar med å bli borte.

«Vi drabbas av svindel ända in i sömnen», seier Tua Forsström i diktsamlinga «Efter att ha tilbringat en natt bland hästar». Med dette siktar ho ikkje berre til kommersialisering og anna offentleg bedrag, men rg til svika som enkeltmenneske kan stå for. Dikta er stila til den kjente filmregissøren Andrej Tarkovskij, både frå filmen «Stalker» og ei bok han har skrive om filmteori. Dikta handlar om kjærleiken til det umogelege, til det som forsvinn: «Vad

än kärleken är - ingen fann skydd däremot».

Dikta til Forsström talar både til hjartet og intellektet. Dei inneheld mange relasjonar til andre kunstnarar og kunstverk, men først og fremst speilar dikta dei alminnelege erfaringane av einsemd, trøyttleik, sakn og minne. Det kjem også fram korleis desse kjenslene blir påverka av omgivnadane, det at vi bur her oppe i nord, underlagt eit herredøme av snø og regn. Eit uventa snøfall i oktober får konsekvensar, både for humøret og dei ytre hendingane. Dikta hentar stoff frå tropane og nordkalotten, dei vekslar mellom sommar og vinter. Enkle dikteriske grep tek vare på både livsvisdom og sivilisasjonskritikk.

Tua Forsström ga ut si første diktsamling i 1972, dette er den åttande boka hennar sidan debuten. Ho er ein verdig utfordrar til vår eigen lyrikkandidat, Bjørn Aamodt. Begge gir ut bøker sjeldan, og dei som kjem er av nobel kvalitet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Problematiske Paris

Utruleg nok debuterte Markus Nummi med denne boka. «Det förlorade Paris» har allereie hanka inn fleire prisar i heimlandet. Romanen opnar med at ein lærar ser opp mot himmelen og blir vitne til at Paris glir forbi. Eit nydeleg bilde, som ein skal tru vil vere vanskeleg å følge opp. Men Nummi klarar faktisk å gi ei spennande og intrikat skildring av Paris\' forsvinning og konsekvensane av den. Tenk no berre på alle kjærastepara som vil dra til Paris for å sverme, og no må bli heime. Eit av spørsmåla boka stiller er om ikkje Paris kanskje, når alt kjem til alt, berre er ein idé, ein tilstand som kan gå over, nett som kjærleiken?

Ekspedisjonar og forskingsteam er snart i sving for å oppklare mysteriet eller finne att byen. Dei luftar dei villaste idear og løysingar. Ei stund trur nokon at dei har funne Paris i Helsingfors, snart blir det leita i andre byar. Andre hellar til den tru at Paris berre finst i bitar her og der rundt omkring i verda. Og ein dag flyt det franske nasjonalbiblioteket i land i Bretagne...

Alvorlege saker

På denne leikande, fantasifulle og humoristiske måten får Nummi sagt ganske mykje om alvorlege saker som historieløyse og revisjonisme. Ein av forskarane trur at dersom han finn arkivet, så dukkar nok byen opp i same slengen. Men det finst også ein reell fare for at desse institusjonane faktisk kan manipulere og underslå informasjon.

Boka reiser mange spennande spørsmål, men er først og fremst ei hylling av mysteriet. Og kor Paris blei av skal vi ikkje røpe her, for historia om jakta på den tapte byen er nesten like spennande som ein kriminalroman.