Fittetjuven

Les den omdiskuterte teksten av Frode Grytten.

Her kjem vepsebolet, kviskra folk bak gardinene. Her har du faen meg vepsebolet igjen. Det var folkevogna hans dei snakka om, bilen blei raskt døypt vepsebolet fordi fyren summa rundt til dei gifte damene i Odda og stakk pikken i dei til feil tid og på feil stad.

Vepsebolet var ein Volkswagen 68-modell som for lengst burde ha vore kondemnert. Eksosanlegget var ein katastrofe, og varmeapparatet hadde fullstendig kapitulert. Vinterstid minte den kvite bobla om ein diger snøball som kom rullande langs vegen med eit lite kikkhòl i frontruta der ein så vidt kunne skimte ansiktet til Fittetjuven.

Det var dei som meinte fyren hadde varmeapparatet mellom beina, og at han ladde det ut mellom krøllete laken der han ingenting hadde å gjøre. Handbremsen på folkevogna var også i ustand, og folk sa at handbremsen til fyren hadde vore i ustand sidan han blei kjønnsmogen.

Fittetjuven kjørte alltid rundt med ein raud murstein inne i bilen. Mursteinen var ein arv frå Fittetjuvens far, som hadde vore murar. Steinen fungerte som handbrekk. Fittetjuven plasserte steinen under eit av dekka, slik at han også kunne parkere hos sitrande damer i motbakke.

Det var elles grunnsteinen frå bygginga av det nye rådhuset han kjørte rundt med. Far hans arbeidde på rådhuset i 1957, og straks etter den høgtidelige seremonien der ordførar Indrebø la ned grunnsteinen, tok murarane steinen opp igjen for å slå mynt og krone om han. Etter omkast vann far til Fittetjuven, og dette skulle seinare bli sonen sin bane her i livet.

Ingen trudde det kunne gå. Ikkje i lengda. Det kunne aldri gå bra i lengda, ikkje slik Fittetjuven vifta rundt med pikken. Han leikte ikkje bare med elden, han var fullstendig pyroman. Hadde han no bare drive i litt mindre stil. Hadde han bare gjort det litt meir diskré. Hadde han bare ikkje skrytt av det til gud og kvarmann.

Då kunne det ha gått. Då kunne han ha komme unna med det. Men det stod soverom skrive over heile fyren. Han var ein varme¬søkande rakett der han kom rullande i bobla si. Ein dag kom det til å smelle noko jævlig. Ein skikkelig smell ville det bli. Ein dag kom dei til å finne han død og mett av dagar, som ei utarma bie på ei søt kake.

Fittetjuven hadde knapt fylt tjueto, men hadde allereie makta å skaffe seg fleire fiendar i Odda og omegn enn ein gjennomsnittlig galning får i løpet av eit heilt liv. Alle sa det til han. Alle åtvara han. Alle bad han stoppe.

Kameratane hans åtvara han bare nokre dagar før det small. Dei sa det til han ein søvnig søndag dei låg ute på badestranda og røykte og heiv i seg øl.

Hovudet til Fittetjuven gikk trill rundt som om han hadde fått montert inn eit kulehovud i halsen. Han stira og stønte. Stira og stønte.

Så mange kvinner, nynna Fittetjuven, så mange kvinner.

Kameratane hans sa han burde gi seg mens leiken var god. Det var rein matematikk, ikkje sant. Tre er ein for mykje. Tretti er mange for mange. Det kunne ikkje gå i lengda.

Du burde gi deg mens leiken framleis er god, sa kameratane. Det er rein flaks at det har gått bra så langt.

Ein dag får du ein sjalu ektemann etter deg, sa kameratane. Ein neger. Med samekniv. Då er du ferdig. Fittetjuven svarte at han ikkje var redd.

Ektemenn med utru kjerringar er nokon skikkelige puddingar, trege, impotente gubbar, sa Fittetjuven. Det er jo derfor kjerringane deira er utru.

Han gjorde dei faktisk ei teneste. Han gjorde kvinnfolka deira lykkelige igjen. Han redda mange ekteskap på den måten, han var ein slags sosialarbeidar som jobba svart mellom kvite laken. Han bad dei andre sjå seg rundt på badestranda.

Sjå på alle desse damene, sa han. Så mange kvinner, unge og gamle, vakre og stygge, slanke og feite, perfekte og skrukkete.

Eg ser på dei kroppane, sa Fittetjuven, eg ser på dei kroppane og tenker at alt skal pulast, absolutt alt skal pulast.

Fittetjuven sa at alt måtte pulast for at ikkje verda skulle gå under. Han hadde funne ei nisje, dei gifte kvinnene, alle dei einsame kvinnene, alle dei lengtande damene, alle dei som var gått trøtte av mannen sin. Det var hans oppgåve i livet. Å redde dei gifte kvinnene.

Det var forresten førstesortering og øvste hylle, alle gifte kvinner var kjærlige og omtenksame. Dei kunne bare spørre han. Han var ekspert på området. Han skrytte av å ha vore saman med alle gifte damer under femti i Murboligen. Alle unntatt naboen, Kari. Det gikk ikkje. Ho var nesten som familie å rekne, hadde vore barnevakt for han og alt. Men elles hadde han vore over alle.

Han fortalte om ein drøm han hadde. I drømmen såg han seg sjølv svevande over Odda, det var natt og stjerneklart, og han svevde over Odda og såg tente lys i alle soveromma. Og han flaut over dei skitne hustaka og kunne styre kroppen som han sjølv ville, sleppe seg ned til kva for eit hus han ville, og gli inn på kva soverom han ville, og der nede venta ei varm kvinne på han, og dei elska og han gav henne orgasme før han glei vidare til neste soverom og der venta ei ny kvinne og dei elska og han metta all hennar svolt og det var ein heil masse silkeputer og mjuke dyner og eldfulle kvinner og lengtande kroppar.

Nesten kvar natt drømte han at han flaug over Murboligen, og i alle soverom med tente lys venta ei kvinne, og han flaug frå soverom til soverom, ut og inn av Murboligen som ein kåt Karlsson på taket, og han svevde frå rom til rom heilt til alle lys var slokna og Murboligen låg mørklagt og i djup søvn som etter ein multiorgasme, og der han steig opp mot himmelen kunne han høre sukk av djup tilfredsheit frå den mørklagte Murboligen.

Du er sjuk på sinnet, sa kameratane til han ute på badestranda. Du bør få hovudet ditt sjekka. Eller pikken din. Pikken din er ikkje ei forlenging av deg, det er du som er ei forlenging av pikken din.

Nokre dagar seinare, ein varm vårkveld, kom vepsebolet ¬rullande mot Fittetjuven. Midt på natta braste bilen ned langs fortauet utan kontroll. Fittetjuven hadde nettopp besøkt ei ingeniør¬frue som budde i ein av dei brattaste bakkane på Erraflot. Det var ei ulykkelig ingeniørfrue.

Ho hadde eigentlig aldri hatt lyst til å flytte til Odda. Ho kjente ingen her, fjella var deprimerande og NTH-ektemannen hennar bare jobba og jobba ute på Zinken. Ho lengta tilbake til Trondheim, ho ville heim for å drikke portvin i Palmehaven og gå lange turar i Bymarka.

Ho ville skilje seg og gifte seg med Fittetjuven. Han var den einaste som fikk henne til å le. Han gav henne orgasme og fikk henne til å le. Ingeniøren gav henne bare øyrefikar og fikk henne til å grine.

Den natta stod Fittetjuven parkert på vanlig måte utanfor huset hennar, med giret i første og mursteinen under hjulet som erstatning for handbrekket. Men då han kom ut, bretta opp jakke¬kragen og retta blikket opp mot huset, såg han ingeniørfrua gjøre nokre paniske rørsler bak vindauget.

Fittetjuven snudde seg og fikk sjå at bilen ikkje lenger stod i ro, bobla kom trillande rett mot han. Vepsebolet var på veg nedover fortauet, eit løpsk mareritt frå ein skrekkfilm, og Fittetjuven hadde ingen sjanse til å komme unna.

Seinare sa eit augnevitne at det var noko med farten på folkevogna, bilen fikk ein utrulig fart på kort tid, det var som om bobla plutselig hadde same fart som Fittetjuven sjølv hadde, han som levde livet i femdobbel hastigheit. Sånn var det med bilen, femdobbelt tempo, og plutselig kom alt brasande rett mot han.

Med stor kraft blei Fittetjuven treft i beina av sin eigen bil, og han blei slynga opp på panseret og inn i frontruta og ned på asfalten i ei einaste rørsle, før bobla suste forbi og small inn i sida på ein Toyota Corolla som stod parkert lenger nede.

Politiet etterforska saka med tanke på at noko kriminelt kunne ha skjedd, men dei fann at ingeniørektemannen hadde vasstett alibi. Ingeniørfrua hadde ikkje registrert nokon sjåfør bak rattet der ho stod i vindauget og såg elskaren bli kjørt ned. Etterpå hadde ho sprunge ned til Fitte¬tjuven utan å få auge på noko mistenkelig.

Hardanger politikammer kom til at rundt trettifem gifte menn i Odda hadde motiv, men ingen blei sikta for noko som helst. Folk flest meinte at det heile nærma seg ein skandale, ikkje minst fordi to eller tre av dei politimennene som dreiv etter¬forskinga, sjølv måtte ha hatt motiv. Politiet konkluderte likevel med at det var ei ulykke, sidan dei fann så mange tekniske feil på folkevogna.

Grunnsteinen til rådhuset, som ordføraren hadde lagt ned ein haustdag i 57, blei først inndratt som bevis i saka. Steinen skulle ha forhindra folkevogna å komme rullande ned bakken, men fleire forsøk på staden viste at steinen nok ikkje var fullgod erstatning for handbrekket, og folkevogna kunne godt ha starta å rulle dersom det til dømes var noko kluss med giret.

Mursteinen blei derfor levert tilbake til Fittetjuven. Han hadde då vore gjennom fleire operasjonar på Rikshospitalet og ein rekonvalesensperiode utanfor Oslo ein stad. Men sommaren etter ulykka kunne folk sjå Fittetjuven kjøre rundt i Odda i ein sølv-metallic personbil. Han hadde fått seg ein Ford Escort, ein handikappbil som var utstyrt med ABS-bremsar og handbrekk som fungerte perfekt.

No er det ingen som har forska på dette, men folk snakka seinare om at det var utrulig mange ekteskap som rauk i månadene etter Fittetjuvens ulykke. Nokon som kjente folk på sosialkontoret, sa dessutan at talet på episodar med vald i heimen viste ein dramatisk auke etter den sommaren.

Kameratane spurte Fittetjuven om ulykka etter at han kom heim frå Riksen, om han hadde sett ein sjåfør bak rattet i vepsebolet. Alt står i vitneforklaringa, sa Fittetjuven kvar gong temaet kom opp. Dei spurte fleire gonger. Fittetjuven svarte heile tida: Alt står i vitneforklaringa.

Men dei som hadde tilgang på forklaringa hans, fortalte at det stod svart på kvitt i protokollane at Fittetjuven, trass i gjentatte oppfordringar om å snakke sant, heldt fast på at han bak rattet i Folkevogna hadde sett ikkje mindre enn 35 sjåførar.