Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Fjernsyn i krigens teneste

Såpeseriar som «Pensacola» medverkar til å legitimere Afghanistan-krigen.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

I Dagbladet 13. desember fortalde professor Rune Ottosen under overskrifta «USAs globale mediesensur» om den amerikanske regjeringa sitt arbeid for å kontrollere media og korleis amerikanske medier friviljug innordna seg regjeringas vilje. Perspektivet bør også utvidast til å omfatte amerikanske såpeseriar som fungerer som reklame for Pentagon.

Då Golfkrigen tok til i 1991, gjorde NRK sitt for å halde oppe moralen ved å ta seriane «Sorte Orm» og «'Allo, 'allo» av plakaten. Det høvde seg dårleg å syne satiriske program som ironiserte over ein meiningslaus krig, inkompetente offiserar og krigstrøtte soldatar når Saddam skulle jagast ut av Kuwait. Då passa det betre å sende «Krig og erindring», som gav eit meir krigspolitisk korrekt bilde av kva krig handla om.

Ti år seinare gjer norsk fjernsyn også sitt for å støtte krigsmoralen. Ikkje ved å kutte ut upassande fjernsynsprogram, men meir effektivt ved å gjere det motsette: å halde fram med å sende amerikanske såpeseriar som forherligar innsatsen til den amerikanske krigsmakta. Det beste dømet på dette er TV2-serien «Pensacola - Wings of Gold», som blir sendt på sein kveldstid fleire dagar i veka.

I «Pensacola» er det ei gruppe unge, vakre og sympatiske amerikanske jagarflygarar som står i fokus, nærast ein militær versjon av «Baywatch». Arabiske land lagar stort sett trøbbel. Til skilnad frå krigen i Afghanistan er også arabarane utstyrte med jagarfly, slik at det i fjernsynsserien kan verke som om det er ein strid mellom jamne partar som blir utkjempa. Men til skilnad frå dei amerikanske pilotane, er arabarane sløge, stumme og flyg med eit svart visir nedfelt når dei er ute på tokt. I ein av episodane endar luftstriden med at ein amerikansk jagarveteran skyt ned ein arabar og jagarflyet hans for å redde ein ung, vakker kvinneleg jagarpilot som har tekniske problem med flyet sitt. Vel nede på hangarskipet beklagar flygaren at det var nødvendig å skyte ned fienden. Men han blir raskt avbroten av ein oppglødd kollega som seier at endeleg har USA fått eit nytt flygaress, «Den første på tjue år som har skote ned fem fiendefly. Det var på tide!».

Ein undertekst i denne og liknande seriar er at det amerikanske systemet er det naturlege og ryddige. Amerikanarar er fredselskande og ønskjer det beste for alle, men andre land lagar stundom trøbbel for den velmeinande. Ikkje-amerikanarar blir sjeldan framstilte som sympatiske karakterar som forfølgjer sine eigne rasjonelt motiverte prosjekt og ikkje berre inngår i eit puslespel med amerikanske rammer. I dagens samanheng fungerer desse seriane som reklame for USAs luftkrig i Afghanistan.

Bør medier som har ambisjonar om å formidle ein sjølvstendig journalistikk, sende slike seriar no når NATO og Noreg er i krig? Bør slike seriar sendast i det heile?

Frå Vietnamkrigen og fram til i dag har amerikanske militære skaffa seg stadig betre kontroll over media. Under Vietnamkrigen kunne journalistane gå nærast fritt omkring, og mange meiner at den breie mediedekninga sterkt medverka til å snu amerikanarane sitt syn på krigen. Gradvis, via Grenada, Panama, Kuwait, Kosovo og Afghanistan, har Pentagon sikra seg stadig betre kontroll over mediedekninga gjennom ulike ordningar der journalistane berre får tilgang til kjelder og delar av slagmarka utvalde av det militære. Mediestyring er ikkje særskilt vanskeleg når mykje av krigen foregår på hangarskip. Al-Jazeera er naturlegvis eit plagsamt skjegg i suppa, ytringsfridom eller ikkje.

I Golfkrigen var levande bilde av smarte bomber ei nyvinning i krigsreportasjen. Kvar einskild videosnutt var av høg dokumentarisk verdi, men det var Pentagon og ikkje journalistane som valde ut filmane som viste at bombene trefte det dei skulle, og valde bort dei som bomma. Det var ikkje så lett for mottakarane av bombene å velje vekk bombene som bomma. Ei førebels lite brukt nyvinning i Afghanistan-krigen er levande bilde frå dei amerikanske kommandosoldatane sine operasjonar. Dei einaste bilda som har vorte vist fram, synte seg etter nokre veker å kome frå eit mislukka åtak, militært sett. Men før det vart kjent, fungerte dei grundig sensurerte bilda som ei forteljing om ein militær suksess.

Ein konsekvens av det amerikanske perspektivet på nyhendesendingane er at ein død amerikansk agent og ein amerikansk Taliban-soldat får meir omtale enn alle døde afghanarar til saman. Men Pentagon har også forstått at media er meir enn journalistikk, og at massekulturen i form av filmar og såpeseriar er ein vel så viktig faktor i det mentale bildet av det amerikanske militæret og amerikansk politikk, og dermed av dei krigane som til ei kvar tid blir utkjempa. Dagbladet melde då også i november at ein av president Bush sine fremste rådgjevarar hadde gjeve «råd» til film- og fjernsynsbransjen for at dei skulle lage film og fjernsyn som formidla amerikanske verdiar.

Spelefilmar som gjev eit «rett» bilde av det amerikanske forsvaret, får subsidiar i form av billig eller gratis tilgang til dyrt materiell som jagarfly, hangarskip og flyplassar. Filmar som presenterer eit mindre flatterande bilde av det amerikanske forsvaret, må rekne med å betale dyrt for å leige det same materiellet. Det er opplagt at dette får store konsekvensar for kva filmar som blir produserte, og kva bodskapar som blir formidla. Mediekontrollen vinn stadig nytt terreng.

Det er vel dei færraste som ser såpeseriane, som går rundt og trur at forteljingane i dei er fakta. Men på mange vis er bilda og forteljingane i «Pensacola» meir autentiske enn nyhendeinnslaga frå krigen. I «Pensacola» er relasjonane mellom krigsmennene og -kvinnene på eit plan som alle kan forstå. Dei våpenteknologiske kulissane er mykje godt dei same i nyhende og såpeseriar, men bilda i «Pensacola» er av langt betre kvalitet, og historia blir langt meir engasjerande fortalt enn dei bildemessig svelteftra nyhendereportasjane, som stort sett består av kondensstriper mot himmelen, fly som heile tida startar og landar frå hangarskip og flystriper. Der Dagsrevyen og TV2-nyhenda gir oss fragment og i gode stunder ei balansert framstilling, gjev «Pensacola» oss materiale som kan fylle ut mellom fragmenta og lage ei samanhengande forteljing der dei pene, unge og gode amerikanarane slåst mot dei skjeggete, gamle og vonde arabarane.

John G. Bernander og Kåre Valebrokk er ansvarlege redaktørar for alt som vert sendt i NRK og TV2. Både nyhendesendingane og såpeseriane. I dag opplever dei at handlingsromet deira er avgrensa, og dermed blir også den journalistiske fridomen skadelidande. Ikkje berre ved at den journalistiske mediedekninga i stor grad følgjer amerikanske premissar. Men når NRK må dekkje eit svært underskot og TV2 tener for lite til at aksjonærane er nøgde, ja, så må det sparast. Amerikanske seriar subsidierte av Pentagon og tilgjengelege til dumpingprisar gjev billeg fyll i sendeflatene. Men taparen blir den balanserte journalistikken.

Hele Norges coronakart