IDYLL: Førdefjorden er ein nasjonal laksefjord. Foto: Gorm Kallestad / SCANPIX
IDYLL: Førdefjorden er ein nasjonal laksefjord. Foto: Gorm Kallestad / SCANPIXVis mer

Fjorden, baby!

Den største miljøsaka i Noreg i dag har AP og Høgre overlatt til lokallaga sine.

Meninger

Høgre sitt offisielle miljøstandpunkt er: «Vi må etterlate den jorden vi mottok fra våre forfedre i minst like god stand til våre etterkommere når vi en dag forlater den».

Støre uttalte tidligere i år at han vil ha eit grønare Arbeiderparti og styrke AP sin miljøprofil. Dette står i sterk kontrast til den politikken Høgre og Arbeiderpartiet representerer i Naustdal kommune i det som er den største miljøsaka i Noreg på veldig lang tid. Her har gruveselskapet Nordic Mining planar om dumping av enorme mengder kjemikalieholdig gruveavfall i Førdefjorden i dei neste femti åra.

Selskapet søkjer om løyve til å utvinne mineralet rutil frå Engebøfjellet i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane. Mineralet utgjer berre 3-5 prosent av fjellet. Resten skal knusast til finpartiklar, tilsetjast store mengder ulike kjemikaliar og dumpast i ein nasjonal laksefjord. Fjorden er også rik på fleire andre fiskeartar og vi finn m.a. fleire raudlista og trua marine artar her. Prosjektet har vore omdiskutert og møtt mykje motbør frå ulikt hald grunna risikoen for livet i fjorden. Fiskeridirektoratet reiste motsegn i saka i 2010.

Klima- og miljødepartementet påla selskapet i 2012 å gjere fleire utgreiingar med omsyn til risikoen for livet i fjorden. Rapportane, bestilt på oppdrag frå gruveselskapet, kom no i haust og Nordic Mining sin direktør Ivar Fossum konkluderte med at utsleppa ikkje vil påverke livet i fjorden i nemneverdig grad. Ordførar og gruveforkjempar i Naustdal, Håkon Myrvang frå Arbeiderpartiet, har heile tida vore som eit ekko av Nordic Mining sin direktør og gjentek til stadigheit kor miljøvennleg dette prosjektet er.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han viser til støtte i kommunestyret og hos innbyggarane. Vi som skriv dette er medlemmer av kommunestyret i Naustdal og deler ikkje ordføraren sitt syn i denne saka.

Ordføraren talar Nordic Mining si sak trass i at det ikkje har mangla på uavhengige faglege stemmer som har åtvara om faren ved dumping. No sist kom Havforskingsinstituttet (HI) si vurdering av tilleggsgranskingane. Vurdering er rystande lesing. På punkt etter punkt avdekkjer dei låg fagleg kvalitet på granskingane og kor alvorleg dette er fordi:

«[...] det planlagte gruveprosjektet representerer en meget omfattende og langvarig forurensning av Førdefjorden.»

HI skriv vidare at det planlagde deponiområdet er i umiddelbar nærleik til eit av dei viktigaste gytefelta for kysttorsken i Sogn og Fjordane, og at dette kan få store negative konsekvensar for kysttorsken.

Trass i denne drepande kritikken, held AP-ordføraren fram med å fungere som eit ekko av gruveselskapet. Konfrontert med HI sine konklusjonar i siste kommunestyremøte 30. oktober, held han fast på at dette er eit svært miljøvennleg prosjekt av stor betydning for Naustdal og regionen.

For sjømat- og fiskerinæringer knytt til fjorden vil eit ja til sjødeponi få alvorlege negative konsekvensar. For ikkje å snakke om omdømmetapet som vil ramme heile næringa om regjeringa godkjenner deponiplanane.

120 norske fjordar vart på 90-tallet undersøkte for miljøgifter, ca 90 av desse var sterkt forureina av ei eller fleire miljøgifter. Høgre og Arbeiderpartiet er lokale forkjemparar for å plassere enda ein fjord på denne lista. Er det dette Høgre vil gje til kommande generasjonar? Inngår det i Støre sin grøne politikk å tillate fleire enorme miljøsynder i norske fjordar?