Flate Langslet

«LANGSLET LA SEG

flat,» heiter det mellom to punktum hos Ingjald Ørbeck Sørheim i Dagbladet 8.12. under «Dahl viser kort». Sørheim har tydelegvis fått med seg Lars Roar Langslet sitt innlegg i Dagbladet 17.11, men ikkje replikken hans mot Fløgstad 20.11. Det er ein replikk som viser noko heilt anna:

«Det er Fløgstads feil når han skaper inntrykk av at Riksmålsforbundet som organisasjon drev samarbeid gjennom hele krigstiden med nazimyndighetene.» (...) « Noregs Mållag. I 1942 ble restene av laget lagt til en «sjølvstendig samskipnad» under Gudbrand Lundes «kulturdepartement». Det slapp Riksmålsforbundet, som var sovnet inn.» Datoen for at Noregs Mållag vart lagt inn under NS, var 16. mars 1942.

I Arne Tjelle si hovudfagsoppgåve: Rettskrivinga av 1941. Nordica Bergensia, 2/1991, finn vi opplysningar som kastar lys over det Langslet påstår i Dagbladet: «Riksmålsforbundet oppmoda departementet to gonger i 1942 om å revidere rettskrivinga. Første gongen var 17. mars og andre gongen 16. desember. Det er spesielt Oslo Riksmålsforening som tar initiativ til desse krava, men og Trondhjems Riksmålsforening støttar opp om dei. Begge gongene ber dei om å få ta del i arbeidet med rettskrivinga igjen.» (Tjelle s. 53.) Riksmålsforbundet arbeidde såleis jamt og trutt vidare i kontakt med makthavarane.

VI SER

at NS nasifiserte dei gjenstridige organisajonane på ulike måtar, t.d. Noregs Mållag som vart lagt ned og ikkje fekk noko kommisarisk styre slik mange andre frivillige organisasjonar i samfunnet; medan dei som samarbeidde gjekk fri, t.d. Riksmålsforbundet som heldt fram som før. Som riksmålshistorikar som har lese «Riksmålsforbundets styremøte- og årsmøteprotokoll 1937- 1943» veit sjølvsagt Langslet dette, likevel ymtar han frampå om noko heilt anna etter at han har fortalt korleis Noregs Mållag vart oppløyst den 16. mars 1942: «Det slapp Riksmålsforbundet, som var sovnet inn.» Langslet kunne ha spart seg. Alt kjem for ein dag til slutt.