Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Flaut om Borten

GJENNOM HEILE sitt politiske liv markerte Per Borten seg med å vere særleg opptatt av å halde det politiske demokratiet eller folkestyret levande ved ikkje å lage for stor avstand mellom veljarar og valte. Denne haldninga låg til grunn for til dømes motstanden hans mot for store kommunesamanslåingar frå 1950-talet av og for den hovudrolla han spelte i alle debattane om norsk medlemskap i det som nå er blitt Europa-unionen - frå diskusjonane om §93 i Grunnlova i 1960-61 til den siste folkerøystinga i 1994.

Frå første stund framheva Borten at dei økonomiske sidene var mindre viktige og underordna det politiske innhaldet i EEC, så EF og til slutt EU. Han var særleg ikkje villig til å legge landet inn under styringsorgan som ikkje var kontrollert av og ikkje stod til ansvar overfor noen folkevalt forsamling. Det var den gamle kampen mot embetsmannsstyret som her i landet vann sin første store siger med formansskapslovene og det kommunale sjølvstyret i 1837, Borten meinte det var verdt å føre vidare.

DENNE POLITIKAREN kallar Gudleiv Forr i eit minneord i Dagbladet 21. januar for «en typisk norsk parlamentariker» som var meir «engasjert i trivielle detaljer enn i de lange linjer». Med «sin høyttenkning, også etter at beslutningene var fattet» var han «ingen typisk leder» og «heller ingen fløymann» innan partiet sitt, skriv Forr, utan å ha auge for at det er mogeleg å leie på meir smidige måtar enn ut frå standpunkt som er låst fast ein gong for alle. Forr nemner heller ikkje at Borten stod i spissen for å innføre ei folketrygd som truleg var langt meir sosial enn ho ville blitt med ei fortsett Arbeidarparti-regjering, at både journalistar og den lille mann kan takke han for lova om offentleg innsyn i forvaltninga, og at han hadde ein stor del av æra for at krigsseilarane til slutt fikk ein bit av det hemmelege Nortraship-fondet som dei var blitt snytt for sidan frigjøringa i 1945. Desse døma på sviktande minne og dømmekraft kunne gjørast langt fleire, og dei kunne utdjupast. Her får det vere nok å peike på at Forr driv med rein feilsitering når han skriv at Borten såg på det å vere statsminister som å bære staur. Det var å leie firepartiregjeringa fram til 1971 han samanlikna med staurbæring da han overlet nøklane til statsministerkontoret til Bratteli. Dersom det var noe folk flest ikkje ville kalle Borten, måtte det vere «en politiker fra Oslo», som Forr omtaler han. Per Borten kjem nok til å bli hugsa noe lenger i historia enn dei ytterst smålege og lite treffande orda Forr presterte om han i Dagbladet den dagen han døydde.