DÅRLIGE FORSLAG: «Uansett andre gode produkt, så er det ingenting som slår slanke-DVD-en til den småkorpulente tv-hypnotisøren Torgrim Holte. Ingen piller, ingen pulver og framfor alt, ingen diett», skriver kronikkforfatteren. Illustrasjonsfoto: Nina Ruud
DÅRLIGE FORSLAG: «Uansett andre gode produkt, så er det ingenting som slår slanke-DVD-en til den småkorpulente tv-hypnotisøren Torgrim Holte. Ingen piller, ingen pulver og framfor alt, ingen diett», skriver kronikkforfatteren. Illustrasjonsfoto: Nina RuudVis mer

Flesk til, fru helseminister

Eg vil fremje eit heilt konkret forslag til helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen som vil løyse Norges fedmeproblem.

Gløym lågkarbodiett og andre avanserte og kompliserte diettar. Fedmeutfordringane som Noreg og andre land har, kan løysast på ein langt enklare og kostnadseffektiv måte.

Dei siste vekene har lågkarbodiskusjonen gått høgt og lågt, og fleire kjende lågkarbo entusiastar har med stor pondus framført at bacon, biffar, fløyte og majones er den einaste vegen til lukka og permanent strandkropp. Men eit lågkarbokosthald er både dyrt, lite klimavennleg og vil føre til ei matkrise i verda. Det fins langt rimelegare og enkle måtar å kvitte seg med overflødige kilo på.

Det burde vere ein enkel sak for Helse- og omsorgsdepartementet, som har ansvar for folkehelsa vår og sette i verk ein fedmerevolusjon gjennom å nytte seg av alle dei gode produkta som ein finn reklame for på nær sagt alle nettsider på Internett.

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen kan få sin bauta som den ministeren som gjorde Noreg til eit lettare land. For å gjere jobben for departementet enklare, har eg gjort nokon undersøkingar for Helseministeren.

På nettsidene til produktet Termoloss, kan ein lese følgjande om dette geniale produktet: «Termoloss er et effektivt preparat som øker kroppens energiomsetning gjennom metabolsk termogenese. Med Termoloss vil du oppleve rekordrask vektreduksjon. De tre aktive ingrediensene i Termoloss® vil samlet gi deg en trippel effekt i kampen mot kiloene. Virkestoffene i Termoloss® sørger for økt energiforbruk og forbrenning av fettvev. Bruk av termogenetisk vektreduksjon er en av de tryggeste og mest effektive metodene man nå kan benytte seg av for å gå ned i vekt.»

For usle 149 kroner i månaden kan ein få tilsendt ein boks med kapslar, som syter for at dei som nyttar produktet får drøymekroppen. Det som er minuset er at det ikkje står kor mykje ein vil kunne ta av kvar månad, så på bakgrunn av det (og sjølvsagt berre det) så er nok dette ein litt usikker slankemetode.

Termoloss er sjølvsagt ikkje det einaste gode alternative for personar som vil ned i vekt. Hjå den tunge og velrenommerte leverandøren X-life, finn ein mellom anna ein kombinasjonskur.

Ved å kombinere Frenzy Fat Loss og Fat Stop angriper du fettlagrene ved å øke fettforbrenningen, hindre opptak av fett fra maten du spiser, samt ved å dempe sultfølelse. Kombinert med at kroppen ikke tar opp alt fettet fra maten ved bruk av Fat Stop, så blir kaloriinntaket lettere begrenset.

Kronikkforfatter Kristian Fjellanger har tidligere skrevet boka «Feit - Mitt liv som tjukkas».
Kronikkforfatter Kristian Fjellanger har tidligere skrevet boka «Feit - Mitt liv som tjukkas». Vis mer

Produktet Frenzy sørger i tillegg for økt fettforbrenning og ekstra energi, hvilket gjør det lettere og mer motiverende å være aktiv. Ingrediensen Geranium som dette produktet inneholder, er på WADA sin liste over forbudte stoffer på grunn av sin effekt. Ingrediensen er tillatt for kjøp og salg i Norge, og har ingen negative helseeffekter. Er du utøver som kan bli dopingtestet, er ikke dette et produkt for deg.

Det einaste som er dumt med dette produktet er jo at det kan sette ein stoppar for personar som ynskjer drive med idrett på eit visst nivå. Og dersom eit produkt inneheldt dopingmidlar, så er det kanskje ikkje veldig bra - men heilt klart eit alternativ.

Uansett andre gode produkt, så er det ingenting som slår slanke-DVD-en til den småkorpulente tv-hypnotisøren Torgrim Holte. Ingen piller, ingen pulver og framfor alt, ingen diett.

Her skal ein altså kjøpe ein DVD til den latterleg låge prisen av 398. Etterpå sett du deg i sofaen. ifølgje nettsida så vil du etter at du slår på dvden gå inn I ein tilstand av konsentrert avspenning, og merke at suget etter fet mat vil forsvinne og at motvilje mot slik mat vil auke i kvardagen. Dette er i følje Holte sjølv (og magic.no som bade leverer horoskop og spåtenester i tillegg) virke som berre det. Du vil med denne DVD-en ta av 15 kilo.

Det kan ikkje bli betre. Så lett. Berre sitt der. Slapp av. Høyr på Holte. Og bli tynn. Dette meiner eg er eit så godt produkt at Helseministeren ikkje kan seie noko anna enn ja til mitt forslag. Og det er sjølvsagt å rydde plass på statsbudsjettet til at alle personar med ein BMI over 28 får tilsendt ein slik DVD i posten. Betalt av staten. For tenk på kva staten kan tene på sparte helseutgifter i åra som kjem, dersom alle tjukkasane tek av 15 kilo.

Og om folk er viljuge til å ta dopingmidlar eller føler for ein metabolsk termogenese så bør dette også være klare alternativ til behandling. Tenk kor lukkelege alle som kvar dag ser reklamar med retusjerte modellar, les om perfekte menneske og som drøymer om å ha ein fin kropp og fryktar det motsette, vil bli.

Om Helseministeren mot formodning ikkje skulle fylgje rådet mitt, så lurer eg på kvifor. Har ho ikkje tru på at desse kurane og produkta verkar? Og om det skulle være slik at helseministeren manglar tru på desse produkta, at dei vil kunne få bukt med den sokalla fedmeepidemien - kvifor er dei då lov til å selje?