Flott bok om poesi

Engasjerande om korleis verda vert til språk

BOK: Jan Jakob Tønseth kjenner me som ein kresen og inderleg poet og essayist med eit særleg fokus på melankoli og svevnløyse. Han har elles gjendikta spansk og fransk poesi av høg kvalitet, sist New York-notater av José Hierro.

Mellom 1992 og 2002 har han også gitt ut ein romantrilogi som er verdt all den heider den har fått. Men her skal det dreie seg om poesi og essay.

Livet vert ord

Den førre samlinga essay frå hans penn, hadde den karakteristiske tittelen «På krigsfot med virkeligheten». Den seier noko både om hans spretne språkbruk og hans toleranse for sivilisasjonens ubehag. I årets djuptborande essay går han gjennom dikt og erfaringar hjå mellom andre Henri Michaux, som òg har fått prega det uvanleg vakre omslaget med ei teikning, og byr elles på eigne gjendiktingar og analysar av dikt av folk som Arthur Rimbaud og Gérard de Nerval. Av nordmenn som dukkar opp, kan eg nemna Ibsen, Wildenvey, Eidslott og Gill.

Det som er Tønseth sitt ærend i denne boka, liknar det som vert omtala i Johannes,evangelium 1, 12: «Og Ordet blev kjød og tok bolig iblandt oss.» I poesiens tilfelle, kan me seia at det er dette som skjer når ein lesar gjer diktet til sitt, og gjev det liv av sitt liv. Men før dette kan skje, må det vera ei rørsle der livet vert ord. Og det er det som er fokus for Tønseth. Kva vil det seia at det verande gror og lever i språket, spør essayisten.

Taus kunnskap

Han startar ut med den litauisk-franske filosofen Emmanuel Levinas, som mellom anna er kjent på grunn av sin nærleiksetikk og «møtet med Den andre sitt andlet». Tønseth nemner då også eit av dei vakraste uttrykka som er tilskrivne Levinas: «I begynnelsen var omtanken», men ikkje uventa har Tønseth eit anna fokus: «Vi deler paradoksalt nok erfaringene av ensomme ting, det som unndrar seg ordene, som det ikkje finnes begreper for i språket.» Det er snakk om å nærme seg ein form for taus kunnskap, eit nærvær som ikkje har fått væren-status i språket. Ein ufullendt røyndom.

Det er Levinas nyttar omgrepet «il y a», som kan omsetjast med ,det er, det finst, der er,, for å krinsa inn dette upersonlege. Dette omgrepet er mellom anna knytt til svevnløyse. «Det vi kaller jeget oppslukes av natten, viskes ut, avpersonaliseres, kveles av den.»

Emil Boyson

Men Tønseth viser til likande erfaringar som er meir opp i dagen òg, som i Obstfelder sitt dikt «Jeg ser» og hjå ein av Tønsethsine favorittar, Emil Boyson, der han skriv «jeg sattes her midt i ein syns-ring av ting».

Dette er ein bok som krev og som gir. Tønseth fokuserer på vesentlege spørsmål, og han tek det for sjølvsagt at dette interesserer oss. Ein særs velfungerande pedagogisk metode. I ei melding er det bare mogleg å gje lesaren eit lite korn av det Tønseth på sitt lågmælte, engasjerande vis, er innom på desse 150 sidene.

Men desse rørslene som eg har nemnt, rørsla mellom det som finst og ikkje har fått språk og den hendinga det er når dette får sett ord på seg, ulike terskelerfaringar, kjensla av å gå frå ei form for væren til ei anna, alt dette er noko som dukkar opp gong på gong gjennom heile boka, og poengterer det inderlege i Tønseth sitt prosjekt.

Diktinga riv seg gong på gong laus frå, og vender attende til, «livets aksidentalia» som Tønseth så treffsikkert uttrykkjer det.

Ved til dømes å visa korleis den spanske diktaren Azorin kjærteiknar tinga med ord og fangar opp mangfaldet og individualiteten i staden for vesen og idé, konkretiserer han for oss korleis verda gjennom diktinga vert til språk «og tar bolig i oss».