HVORFOR SPØR DU IKKE FØRST? Forfatter Olaug Nilssen blir i overkant forbanna når folk konkluderer om familien hennes, som har spesielle behob, uten å spørre først. 
Foto: Paul Sigve Amundsen / Samfoto
HVORFOR SPØR DU IKKE FØRST? Forfatter Olaug Nilssen blir i overkant forbanna når folk konkluderer om familien hennes, som har spesielle behob, uten å spørre først. Foto: Paul Sigve Amundsen / SamfotoVis mer

Folk spør ikkje. Folk syns.

Men det må då for faen gå an å setje seg inn i saker.

Meninger

Sanna Sarromaa har skrive ein kronikk i VG der ho «klargjer» sitt syn på inkludering av barn med spesielle behov. For å underbygge kva ho meiner, trekkjer ho fram nok eit eksempel frå røynda, nok eit eksempel sett frå trygg avstand — nemleg ei jente ho ofte ser når ho følgjer sine to barn til skulen. Denne jenta går åleine med assistenten like bak, noko Sarromaa tolkar som eit forsøk på å at jenta skal vere sosial med klassekameratar på vegen. Men ettersom så ikkje skjer, konkluderer Sarromaa med at inkluderinga av jenta ikkje er vellukka. Deretter bekymrar ho seg for at lokalpressa skal kontakte foreldrene til jenta, slik at dei kan kome til å seie si meining om henne, om stakkars Sanna Sarromaa, som er så «politisk ukorrekt» at ho nok ein gong har tillat seg å meine noko om verkelege barn i lokalmiljøet sitt.  

Vel, det kunne ho kanskje tenkt på før ho brukte jenta som eksempel i ein kronikk i VG. Eller endå betre: Kanskje ho kunne lært av reaksjonane på forrige synsebonanza, spora opp familien sjølv og faktisk spurt dei? Eller, og her er ein ordentleg radikal tanke, kanskje ho kunne spurt jenta? Så ofte som ho ser henne på skuleveg, ville det vel ikkje vere heilt unaturleg å ta kontakt, særleg om ho meiner at jentas mål må vere sosial omgang med med klassekameratane på skuleveg.  

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sarromaa har heller ikkje lært at hennar femten minutt i eit klasserom på Vingar skule ikkje kvalifiserer til å vite om ein gut med downs syndrom og autisme er vellukka integrert eller ei. Ho skriv i kronikken at det han gjer på sin iPad ikkje er det same som dei andre barna gjer på sine iPads. Neivel. Og så? Trur ho verkeleg at alle barn med spesielle behov kan gjere det same som resten av klassen dei har tilknyting til? Trur ho at dei alle har same mål for si deltaking i klasserommet?  

Det skal ikkje vere farleg å diskutere spesialpedagogikk og ulike løysingar for spesialundervisning, men det må då for faen gå an å setje seg inn i saker, særleg etter å ha skapt ein slik storm som Sanna Sarromaa har gjort. Ho må vere over rimeleg normalt sjølvopptatt som brukar ein tredjedel av sin «klargjerande» kronikk til å synast synd på seg sjølv, ein tredjedel til å gjenta og utvide sitt arsenal av udokumentert synsing om verkelege personar og ein tredjedel til å seie noko alle er einige om — nemleg at det må vere barnet som står i sentrum.  

Og når eg blir i overkant forbanna, så er det to grunnar til det:   Den første er at all mi frykt for kva folk skal SYNS om oss og våre val som familie med spesielle behov med dette blir forsterka. Ikkje gå der og lur, ikkje gå der og konkluder bak vår rygg, spør då vel! (Privat, vel å merke, ikkje som kommentar til dette innlegget.)  

Det andre er at eg er for reine spesialskular for dei som treng og ønskjer dette. Vi har sjølv ønska dette for vårt barn med autisme, og er glade for å ha tilbodet. Det er diverre ikkje alle som er einige i at det er ein god idé. Men kva skal vi med fiendar når vi har venner som Sanna Sarromaa?