Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Folk vil gje politiet meir

POLITIET: Dagbladet har fredag 11. januar ein leiar der dei kritiserar Politiets Fellesforbund, dei andre politiorganisasjonane og politimeistrane for å berre vera opptekne av ein ting: å gråta seg til meir pengar og fleire etterforskingsmetodar. Noko politiet også får, fordi det gir politikarane «skinn av handlekraft i bekjempelsen av kriminalitet».At Dagbladet og Politiets Fellesforbund er ueinige om politiet sitt behov for meir pengar, er ikkje overraskande. Men om me ikkje har støtte av Dagbladet, har me i alle fall støtte av folket. Meiningsmålingsbyrået Synovate har nett gjort ei spørjegransking for Politiets Fellesforbund om folket sitt syn på politiet og ressursane. Granskinga viser at 69 prosent av folk flest meinar politiet bør få meir pengar for å løysa fleire av dei oppgåvene etaten er pålagt å løysa.

Samstundes kjenner me Dagbladet som ei avis som er oppteken av at det offentlege skal levera eit godt produkt til innbyggjarane. I samband med dette ser heldigvis ikkje avisa privatisering som løysing kvar gong det kjem fram at det offentlege har levert ei dårleg teneste. Men no skjer nettopp den utviklinga Dagbladet har vore talsmann mot: innanfor offentleg tryggleik er det dei private som tek over. Vektarane kjem inn i hopetal, det vert mogleg å kjøpa seg tryggleik for dei som har pengar, samstundes som det stadig vert vanskelegare å få hjelp for dei som ikkje har moglegheit til å ta føre seg av det private tilbodet. Denne utviklinga er me ganske sikre på at Dagbladet er i mot. Den kan motverkast med å erkjenna at politiet treng meir ressursar, men sjølvsagt løyser ikkje ressursar alt.

Dagbladet er og kritisk til at politiet får nye metodar. Me minnar avisa om at det nettopp er på grunn av dei nye metodane, som til dømes hemmelig ransaking , kommunikasjonskontroll og romavlytting, at politiet har greidd å løysa ein del av dei verkeleg store sakene.

Dagbladet burde vera opptekne av realitetane i nedkjempinga av kriminaliteten. Politiets Fellesforbund har bedt om at det vert satt i gang ei politistudie, på lik line med forsvarsstudien. Då kunne med fått faktakunnskap om kva som er sanninga på dette området. Dette burde vera ei fanesak for Dagbladet, som er oppteken av organisert kriminalitet og valds- og seksualisert kriminalitet. Ei slik studie trur me kunne gje kunnskap som kunne føra til at Politiets Fellesforbund og Dagbladet nærma seg kvarandre i ressursspørsmålet, på same måte som det store fleirtalet av publikum står på politiet si side i denne saka.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media