HYPOTETISKE BARN: Artikkelforfatteren regner på hvor mange barn som totalt kunne blitt født hvert år. Dette franske barnet er imidlertid ikke bare hypotetisk. AFP PHOTO PHILIPPE HUGUEN
HYPOTETISKE BARN: Artikkelforfatteren regner på hvor mange barn som totalt kunne blitt født hvert år. Dette franske barnet er imidlertid ikke bare hypotetisk. AFP PHOTO PHILIPPE HUGUENVis mer

Folkemordet onani

40 millionar born vert drept kvar gong.

Debattinnlegg

Eg les til skrekk og gru i Dagbladet at man kunne hatt 1-2 nye skuleklassar kvar dag i Noreg, men diverre har kvinne i deiras synd valt å fjerna desse klassane ved å ta til bruk abort.

Herr Danbolt skriv i sin kronikk at ressursar går tapt i Noreg kvar dag fordi 20 prosent av born vert «fjerna» på grunn av at abort er lov i Noreg. Detta er sjølvsagt ein katastrofe for det norske skulevesen og samfunn, men verre er det for dei kvinnene som vert traumatisert av å måtte velga sjølv å ta abort, der dei eigentleg burde ha fullført sitt uønskede graviditet. Det er jo tross alt berre 9 kjappe månadar med grei utvikling av embryo til foster og so fødsel av eit born dei ikkje hadde planlagt eller ynskje å ha som det er snakk om. Sopass burde kvinne klara å finna seg i for å gje Noreg dei skuleklassane me treng. Men eg syns at Danbolt ikkje går langt nok i å snakke om denna tragedien. I Noreg er faktisk onani lovleg òg men ingen snakke om detta såkalla «sjølvbestemte» folkemordet som menn i Noreg er med på kvar dag.

Ifølge Verdas helseorganisjon so har ein mann med normal sædkvalitet minst 20 millionar spermiar (kjempesmå born) per milliliter med sædveske og det er rundt 2 milliliter sædveske per ejakulasjon. Det vil sei at 40 millionar born vert drept kvar gong ein mann begår detta lovlege folkemordet me kallar for onani.

Om me seie at kvar mann i Noreg begår folkemord/onani ein gong i veka so vil det bety at 5,2 milliardar born vert fjerna kvart år. Altså minst 173 millionar skuleklassar som skulevesenet og det Norske folk går glipp av.

At Folkekyrkja eller Utdanningsdirektoratet ikkje er på plass for å setta ein stoppar for Onans syndar er ikkje lett å verta klok på. Man kan spekulera i at det har med mangel på skuleplassar å gjera men at det skal begrunna at 5,2 milliardar moglege norske born ikkje får sin rett på skulegong, det må seiast er hårreisande.

Tusen faen meg takk skal du ha, Anniken Huitfeldt.