NRK er ikkje ein kanal, det er ein del av eit demokrati- og folkeopplysningsprosjekt. Er prosjektet utdatert, eller kan det stadig fornyast til å vere minst like viktig som før?
88 prosent av oss nyttar NRK sitt tilbod dagleg. Og 100 prosent har ei meining om NRK. Eg og.
To ting eg særleg takkar NRK for: 1. Harald Are Lund. Min 80-tallshelt, mannen som bragte meg ut i ulukka ved å spele all den rare, bråkete piggtråd- og plingplong-musikken som sidan har prega livet mitt. 2. Arne Scheie si eufori - «pulsen er i 410» - då Kjetil Rekdal tok «det viktigste sparket på en fotball i Norges Fotballforbunds historie». Det siste ein klassisk augneblink eg deler med to millionar andre. Det første ein løyndom for dei fleste. Typisk NRK. Noko for alle - alltid.
Det er varsla ei stortingsmelding om NRK. Det er bra. Vi har ei regjering som vil ta NRK i ei ny retning. Høgre og Frp er einige i at NRK gjer for mykje, men samstundes ueinige i kva dei gjer for mykje av.
30. juli i fjor kom Frp sin mediepolitiske talsmann Øyvind Korsberg med følgjande valløfte: «I år var det siste året med NRK-lisens.»
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger