I AVHØYR: Den katolske biskopen i Lille Vatikanet har vore leia inn i fristelse. Foto: NTB /Scanpix
I AVHØYR: Den katolske biskopen i Lille Vatikanet har vore leia inn i fristelse. Foto: NTB /ScanpixVis mer

Follow the money

Du skal ikkje vitna rangt mot nesten din.

Kommentar

DENNE VEKA bøyer eg meg i hatten for Knut Arild Hareide, for han er like søt som Heidi Weng når han er sint. Han meiner stadig at Per Sandberg, Fremskrittspartiets faste lause kanon på dekk, har brote det åttande bodet: «Du skal ikkje vitna rangt mot nesten din». Eller som det heiter i forklaringa: «Vi skal ottast og elska Gud, så vi ikkje lyg på nesten vår, ikkje svik han, baktalar han eller fer med slarv; men orsakar han, talar vel om han og tek alt i beste meining».

TRINE SKEI GRANDE frå det andre lille tullepartiet har vore på regjeringas forskingskonferanse. Der rekna ho med å vera trygg for Per Sandberg, for som ho sa til NRK: «Det er veldig sjelden at han snakker om forskning.» Så feil kan den ta, som dømmer hunden på hårete utsagn. I eit dybdeintervju med Aftenposten klaga det rasjonelle og reflekterte følelsesmennesket Sandberg over at det snikislamifiserte samfunnet har ført oss inn i ein krenkelseskultur: «et nytt fenomen som ikke tjener et vitenskapsbasert samfunn som vårt.»

I INTERVJUET tok Sandberg også ein Benny Andersen og klaga over at mediene flyver i flok, når de er mange nok. La oss håpa at den heilage søndagen blir Pers lykkelige dag, for om lidt er kaffen klar. Gjerne med ein akevitt eller to. Men her gjeld det å gjera som Therese Johaug og ha is i buken når ski-VM er sponsa av ein russisk vodkafabrikk.
Dersom Per Sandberg ikkje er nøgd med desse krenkingane, så kan han jo skriva ei formulering sjøl, som eg skal vurdera å skriva under på.

DEN KATOLSKE biskopen i Lille Vatikanet har vore leia inn i fristelse. Bernt Eidsvig er meldt til politiet for juks og bedrag og har vore i avhøyr. Det er noe anna enn skriftemål, anger og avlat. Eller å bli sett i kloster, slik Pavens omdømmevaktarar plar gjera med sine juksepavar, overgriparar og andre kriminelle. Men Eidsvigs biskopat har jo vist seg så dyktig i sportsgreina «follow the money» at han fortener ei betrudd stilling som økonomisjef i Den Heilage Andes Bank.

DET VILLE VERA ulikhet for loven om Biskop Eidsvig ikkje får ubetinga fengselsstraff, slik det vederfartes leiarane i AUF og målungdommen då dei dopa medlemslistene. Men han klarer seg nok, for han har erfaring som KGB-fange for bibelsmugling. Nå må han vel sona i ei teologisk høgrisikoavdeling saman med Mulla Krekar. Slik blir religiøse høvdingar handsama i vantruas sekulære diktatur.

DEN INTELLEKTUELLE humoristen Harald Eia har tatt på seg rolla som hoffnarr for Rune Slagstad og laga 70-års revy til den nasjonale og personlige strategen. Der blir denne spaltisten brukt som stråmann og stempla som ein lettvint, useriøs, skamlaus, ondsinna, hjerneskada og degenerert slurvekopp som er heilt på jordet, og som dessutan har eit urovekkande, selvgodt og sleskt smil med nikotingule tenner.
Etter ei slik intens og kontrollert salve frå ein sårbar og kompetent kalkulatør, ser eg meg nøydd til å ta ein pause frå geskjeften med å følelsesanalysera tekstar. Alt har sin pris. Eg bruker brille og har vore ute ei storbynatt før, men treng nok meir enn ein liten lørdag for å koma til hektene. Men eg håpar å stå opp att frå dei hjernedøde før første påskedag.