Fonetisk grafikk

Verken nytt eller nyttig, men basalt babbel.

BOK: Med eit vakkert sjølvlaga omslag, som minner om kalligrafien i japanske haikudikt, presenterer Vemund Solheim Ådland sin overgang frå undergrunnsforlaget Bibliotek Gasspedal til etablerte Cappelen.

Ved å endre tittelform frå debutens «Sep pran ek» til forklarande, akademiske og gjenkjennelege «Profylaktisk skjønnhet», signaliserer han også ei meir etablert kommunikasjonsform.

«Førebyggjande venleik», som tittelen vil vera på norsk, fører oss rett inn i etterdønningane av ein slags modernismedebatt, og er ei bok som stiller ei rekkje gjenkjennelege spørsmål. Ei typisk diktlinje hjå Ådland vil vera slik: «O lok sepe tøt.»

Det grensesprengjande, men samstundes temmeleg «uforståelege», som treng ei forklaring for den vanlege lesar, er vel den konseptbaserte kunstens dilemma. For den som har forhold til litteratursoga, er jo dette verken nytt eller grensesprengjande, men like fullt relativt ubegripeleg lest som tekst.

Forløparar

Først eit tilbakeblikk: Me finn forløparar til denne type tekst hjå Kurt Schwitters og Bengt Emil Johnson sine konkretistiske lydperformancar. «Ja, nog vore det intressant / att få vara med / efter stängningsdags. / Då, när språket finns / nånstans, men inte ens / pågår. / Och överlever.» Slik kommenterer Johnson i si nyaste bok.

Vidare er den grafisk duglege Gomringer og Gunnar Björling si lydbalansering svært aktuelle referansar: «Och om ej till kropp och duft / och blod / musik! O nu!». Hjå oss finn me ting hjå språkspretne Helge Rykkja i «Poesi»: «I som må. Ikke. I. La. OOOO som. Som hvit.», og i nokre eksperiment av Jan Erik Vold.

Solheim Ådland står såleis sjølvsagt i ein tradisjon. Det er bare ein smal og tilsidesett tradisjon. Ein kan jo sjølvsagt spørja seg om det er eit sidespor eller ei avsporing.

Tenkjer ein på målaren Miró si målsetting om å klara å måla som eit barn, er det interessant å sjå at Morgenbladet sin bokmeldar spør seg om ein like gjerne kunne lytte til eit barn eller til ein gal som å lesa denne diktsamlinga. Svaret er vel ja, men reiser spørsmålet om me eigentleg lyttar til desse!

Overgang

Tilbake til «Profylaktisk skjønnhet». Det finst åtte meir «vanleg» leselege tekstar i boka. Dei kan minna litt om Samuel Beckett, som Solheim Våland siterer innleiingsvis; «My work is a matter of fundamental sounds» , og ein av desse tekstane er veldig sterk og klar, og gjev oss ein inngangsport til resten av verket:

«Så tar jeg alt; med skje - inn i munnen.

Tann og gard. Hus, heim, alt tar jeg inn i munnen.

Inn der, og der er du.»

Og mellom desse og dei som ser ut som dette: «Rek ly ek; -spe. / End.» finst det ein glidande overgang med meir eller mindre assosiasjonsvekkjande ordfragment, der ein har ei kjensle av at det kan vera ei overdriven form av det redundans-reduserande skriftspråket i tekstmeldingar. Med velvillig innstilling kan ein finne grafisk reinleik, lydleg og rytmisk gjennomtenkt struktur, humor, mantra-monotoni og erotiske straumar her.

Me har å gjera med ein medviten kunstnar som ut frå materialet språk har skapt noko eige. Eg har tru på drivet og seriøsiteten i dette. Og om nokon spør om eg meiner forfattaren kan ha nytte av ein slik frigjerande praksis, eller om me skal ha rom for denne typen bøker, svarar eg med forfattaren: «Re.)Ja. A.N.» Men vert eg spurt om eg trur at dette er vegen vidare for denne poeten, vil eg nok svara med eit anna sitat frå boka: «No. Dot.»