BESTILLINGSVERK: Jørn Rattsø anbefaler ein passe dose politisk brutalitet - utan vingling. Foto: NTB Scanpix
BESTILLINGSVERK: Jørn Rattsø anbefaler ein passe dose politisk brutalitet - utan vingling. Foto: NTB ScanpixVis mer

For å unngå å skada partiet

Hans Castorp i Dronning Maud Land.

Kommentar

DENNE VEKA fekk skatteletteminister Siv Jensen sitt bestillingsverk om større produktivitet og meir robust sentralisering. Alltid. Uansett. Den fast-slåande og fast-ståande utvalsleiaren Jørn Rattsø anbefaler ein passe dose politisk brutalitet - utan vingling. Sjøl har han ei fortid som leiar i Unge Venstre. Det var i Eva Kolstads tid som partileiar, før Odd Einar Dørum var irrande grøn, og før han kledde seg opp som brudgom for Gro Harlem Brundtland. Om Venstre hadde vore sterkare, kunne Rattsø ha blitt finansminister. Sjøl seier han at han slutta å vera aktiv i Venstre for ikkje å skada partiet.

DEI SMÅ TULLEPARTIA trugar stadig med å velta Fremskrittspartiets biljardkule Anders Anundsen, som etter førsteforsvarar og rikssutrekopp Per Sandbergs meining har levert 110 prosent i justis- og utvisningspolitikken. Den kongelige polarministeren sjøl har stukke seg bort på utflukt til Dronning Maud land. Der møtte han lengeverande forskarar på Trollstasjonen, men fann ikkje noe hemmelig lager av returnerbare asylsøkarar med barn.

MED I FØLGJET til Antarktis var H.M. Kongen og klimaminister Tine Sundtoft. Saman undersøkte dei om det kunne åpna seg ein mulighet for å flytta litt på den klimaskeptiske iskanten. Det hadde nok gått betre med musikk til arbeidet. Arne Berggren og Ingeborg Magerøy i duoen Dronning Mauds Land ville ha vore perfekt, med tekstar av Lars Saabye Christensen, Bodil Niska på sax og Espen Beranek Holm som musikalsk altmuligmann. Då kunne dei ha fortalt om ei reise med noe som har hendt mens tiden kler seg naken og isen smelter på tungen. Men det er for seint, for konvertitten Arne Berggren har meld overgang til Hotel Cæsar som showrunner.

Artikkelen fortsetter under annonsen

MANGE BYAR konkurrerer om å vera «den hvite byen ved havet», men med hjelp av First House tok Arendal leiinga  - med slagordet «varm, stolt og utadvendt». Etter at dei innførte kommunalt tiggeforbod, har dei også klart å kvitta seg med den eine tiggaren som forurensa bybildet. Dersom fylkesmann Øystein Djupedal nå blir tvangsflytta til Kristiansand, kan roa igjen senka seg over seglskutebyen.

EIN OPPLYST DIKTAR har gjort meg merksam på ein mulig litteraturhistorisk fotnote til Oscar Mathisens 2.17.4, som eg skreiv om for tre veker sidan. Hans Castorp kan ha vore tilskodar til den legendariske verdsrekorden på Davos Eisstadion i januar 1914, for Thomas Mann sende han ofte ut på spasertur frå sanatoriet i Trolldomsfjellet og ned til Davos Dorf. Der såg Castorp skøyteløparar gå rundt på en sirkel is, «krumbøyet, med hendene på ryggen», mens «menneskemengden brøt ut i oppildnende tilrop og bifall». Omsetjaren Per Quale har levert bildebevis på at herr og fru Mann var i Davos vinteren 1914.

MED SÅ KUNNSKAPSRIKE og detaljfikserte lesarar er det ikkje rart at spaltisten føler seg litt hans castorp i dag. Utan genanse og verdighet må han vel ta ein Elias Rukla og gå ut og brekka paraplyen mot ein fontene.