DENNE VEKA endar i ei ekstra lang helg som bonus. Den heilage anden går saumlaust over i den heilage nasjonen: Gud signe vårt dyre fedreland og lat det som hagen bløma. For Gud er attåt på syttande mai, som er velsigna med ein eigen bolk i M.B. Landstads reviderte kyrkjesalmebok: Fagert er landet du oss gav, Herre, vår Gud og vår Fader!
OM NOEN LURER på korfor vi også held andre pinsedag heilag, så er det fordi Spiritus Sanctus måtte ha ein kviledag etter tungetale og masse styr på sjølve dagen. Ein slags 18. mai, altså.
GRUNNLOVSDAGEN OG GUD er framleis to sider av same sak, sjøl om kyrkje og stat formelt er separerte og alle er fri til å tru kva dei vil - bortsett frå Harald, for Kongen skal etter eige ønske og Grunnlovas nysmidde paragraf 4 «alltid bekjenne seg til den evangelisk-lutherske religion».
VI HAR VORE HELDIGE med både himmelspretten og 17. mai i år, for ingen av desse bevegelige helligdagane fell på ein dag vi har fri likevel. Det var verre med 1. mai, som var søndag. Men yrkesgrupper med fagforeningsstyrke klarte å forhandla fram ein ekstra fridag som kompangsjon for at den bevegelige dagen fall på ein søndag: Og som fedres kamp har hevet. Det av nød til seir.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger