KONG HARALD I FINLAND: Han lever opp til kallenamnet Godhetstyrannosaurus Rex.
KONG HARALD I FINLAND: Han lever opp til kallenamnet Godhetstyrannosaurus Rex.Vis mer

For mykje, for tidlig

Kong Harald i Finland med midlertidig beskyttelse på humanitært grunnlag.

Kommentar

DENNE VEKA har det storma slik rundt festtalaren i Dronningparken at han på humanitært grunnlag fekk midlertidig opphald i Finland. Kong Harald er tredje generasjons innvandrar, fødd i Norge av to utanlandsk fødde foreldre. Han lever opp til kallenamnet Godhetstyrannosaurus Rex, men Sylvi Listhaug har ennå ikkje uttalt seg. Ho istemmer nok Fremskrittspartiets visdomsord om familiegjenforening, alt og ingenting: Vi må tørre å ta debatten.

I PARTIEGAR Carl I. Hagens tid brukte partiungdommen valslagordet «Mobb en politiker – stem FrP». Eg har ikkje vurdert å melda overgang, for eg mobbar ikkje. Tvert imot synest eg det er noe evangelisk vakkert over at ein frelsar som Asylvi vender heim og blir profet i sitt eige fylke, der hjertet er.

HANDLINGSREGELEN for Jonas Gahr Støre og Arbeiderpartiet er å kritisera alle forslag og tiltak frå regjeringa som «for lite, for seint». Det gjeld også Anniken Huitfeldts langtidsplan for opprusting. Men ikkje bruken av oljepengar: Då heiter det «for mye, for tidlig».

FLEIRTALET av Knut Arild Hareide og Kristelig Folkeparti sine veljarar og tillitsvalde vil helst regjera saman med Høgre og Venstre. Dersom dei ikkje kan få det, vil dei i regjering med Arbeiderpartiet og Senterpartiet, men dei vil ha Erna Solberg som statsminister. Sannelig, sannelig seier eg dykk: Deira rike er ikkje av denne verda.

GENERAKSEKRETÆR Hilde Frafjord Johnson var fødselshjelpar då Sudan blei delt. Så blei ho FNs spesialutsending i Sør-Sudan, men klarte ikkje å hindra borgarkrigen mellom dinka og nuer. Nå er ho kalla til å skapa intern fred i Kristelig Folkeparti. Det blir nok heller ikkje bare juba-jubá.

DET OPPSPLITTA og samanlenka Jernbaneverkets eftf. har gått under det enkle namnet Jernbaneinfrastrukturforetaket SF så lenge alle bitane heldt til i same, romslige eigedom. Nå har dei brukt ein halv million på å finna opp Bane NOR. Det mesta endar i slike språklige forunderligheter når statlige institusjonar skal forkle og fornya seg. Styreleiar er, som vanlig, Siri Hatl-1.

DÅ BENSINSTASJONANE til British Petroleum (BP) blei heimkjøpt i tidlig oljealder, fekk dei namnet NOROL etter ei folkerøysting i Arbeiderbladet. Redaktør Wiktor Martinsen blei informasjonssjef. Så blei bensinpumpene og pølsene ein del av STATOIL, men går nå under namnet Circle K – til ein kostnad av ein halv milliard for nye skilt. I det stagnerande oljefylket Rogaland spør dei som før: sirsle kå?

NOEN MÅ GÅ etter den begredelige fotball-landskampen mot Tyskland. Per-Mathias Høgmo frå Gratangen, med etternamn frå Homo i Grong kommune, står lagelig til for hogg, og det er alltid ein ledig plass som ekspertkommentator i NRK når vannpolospelaren Tom Nordlie tar over eit anna synkande fotballskip. Aldri meir 4. september! Ingenting skal vera uprøvd, men både astmamedisin og ny logo frå Scandinavian Design Group er nok for lite, for seint. Erna Solberg går ikkje, for ho har meld overgang frå Candy Crush og sat og spelte Pokemon Go under landskampen.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook