«SYSTER EMILIE»: Emilie Hansen og «gutta hennes» frå mottaket der hun er kontaktperson på «bytur». Foto: Christina Krogh Sande
«SYSTER EMILIE»: Emilie Hansen og «gutta hennes» frå mottaket der hun er kontaktperson på «bytur». Foto: Christina Krogh SandeVis mer

Debatt: Norsk asylpolitikk

Før var eg stolt over landet mitt, no skjemst eg

Eg er ein slik person som eigentleg aldri blir sint. Men no er eg frustrert, irritert, skuffa, lei meg, og faktisk sint. Dette skjer kvar gong eg les dokumenta til mine brør frå Afghanistan.

Meninger

Mottaket har vore min andre heim i litt over eit år no. Dei som bur der kallar meg abjieman (systera mi), dustim (vennen min) og lala (kompis/ «bro»). Det å sjå den uretten gutane eg er så glad i står ovanfor gjer meg vondt. Men det at mitt eige land skal vere ein del av denne uretten gjer vondt verre.

KONTAKTPERSON: Emilie Hansen.
KONTAKTPERSON: Emilie Hansen. Vis mer

Over lengre tid har eg vore involvert i sakene deira, fyrst og fremst som ein dei kan stole på. Dermed har eg fått eit unikt innsyn til eit helvete mange ikkje kan førestille seg. Eg har også lest dokumenta; asylintervju og vedtak frå UDI, for så å sende det vidare til NOAS som kontaktperson. Eg er den som ringer for å høyre korleis det går med sakene til «gutta mine». Som 18-åring er eg kontaktperson til fleire gutar enn du kan telje på ei hand.

I dokumenta er det ting som går igjen som eg reagerer på. Det fyrste er den omstridde alderen til unge flyktningar frå Afghanistan. Mange seier at kjem du frå Afghanistan har du ikkje kjennskap til alderen din, du veit ikkje kva tid du vart født. Derfor, når ein ung afghanar oppgir sin alder, vel UDI å ikkje tru på han. Dei ber vedkomande om å bevise når ein vart født, dei blir bedt om ei form for dokumentasjon. I desse tilfella blir det ofte spurt om tazkera, afghansk ID-dokument. Om du ikkje har dette, blir mangelen på tazkera brukt som grunngjeving for å gjennomføre alderstest. Men om du faktisk har tazkera, er ikkje det tilstrekkelig dokumentasjon, og du må gjennomgå alderstesten likevel. Ein test der du går frå å vere barn til voksen over natta.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva er eigentleg vitsen i å spør om ID-dokument, om ein vel å ikkje ta stilling til dokumentet i det heile?

Dei eg har snakka med har ikkje hatt noko markering av dagen sin, men likevel veit dei kva tid dei vart født fordi mor til vedkomande har skrive ned dato og årstal, ofte på baksida av koranen. Barna som kjem hit har med andre ord fått oppgitt sin fødselsdato av foreldra sine, og gjev den vidare i god tru på at den stemmer. Men det er faktisk utlendingsmyndigheitene som har bevisbyrden i slike saker.

Det andre eg reagerer på er at mange asylintervju blir gjort over Skype. Kanskje synast du at det er gammaldags av meg å meine at intervju bør bli gjort ansikt til ansikt? Men når det er heilt avgjerande for korleis framtida til eit menneske skal sjå ut, synast eg ein bør gjere alt ein kan for å unngå misforståingar. Dårleg internettforbindelse og vanskar for å høyre kva som blir sagt går igjen. «Det kan du fortelje meir om seinare om vi har tid» blir det sagt opptil fleire gongar i intervjua. Dette skapar tidspress; situasjonar der asylsøkaren ikkje får all tida han treng til å fortelje kvifor akkurat han treng beskyttelse. Og det verste er at det igjen blir brukt mot vedkomande som ein del av grunngjevinga til at personen får avslag; «du mangler troverdighet...du forklarte deg kortfattet».

Alderen til asylsøkjaren blir også kommentert under intervjuet av saksbehandlaren. Korleis kan ein person som har snakka med vedkomande i eit intervju over Skype få uttale seg om alderen til ein dei ikkje kjenner?

Eg blir dårleg av å lese vedtaka og grunngjevingane frå UDI, det lys igjennom at målet er å sende flest mogleg tilbake, at der er eit måltal dei må nå. Tvil i saker kjem ikkje lenger vedkomande til gode, men blir i staden brukt mot han. Var det slik vi ville ha det i rettsstaten Noreg?

Dei brukar paragrafar frå utlendingslova og artikkel 3 i EMK (Lov om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett, og tolkar det slik at vedkomande ikkje fell under nokon av kategoriane som gjer at ein har rett på asyl. Om du er hazara kan du ikkje bli forfylgt på grunn av etnisitet, og om du er pashtuner er det ikkje fare for å bli tvangsverva i Taliban. Neida, sjølvsagt ikkje. Om du seier du nesten vart drepen av familiefienden, at di mor tryglar deg om å reise, då tenkjer UDI at du har ei mor der: sidan det er trygt nok for henne, er det trygt nok for deg.

Det er ofte eg lurer på om eg og saksbehandlaren har lese dei same intervjua, om vi har sett på dei same lovene. Kva opplæring får sakbehandlarane? Kulturforståing og barnefagleg kompetanse er heilt avgjerande for utfallet av intervjua. I dei sakene det skrik inni meg at denne personen verkeleg treng beskyttelse, svarer UDI «det finnes ikke sterke humanitære grunnlag i din sak».

Om vedkomande fortel detaljert om kva som er grunnen til at han søkjer asyl i Noreg, om farane og trugsmål om drap, blir ikkje dette trudd. Grunngjevinga «vi meiner» finn du mange stadar i dokumenta. Så mindreårige som fluktar frå heimlanda sine for å berge eigne liv, blir ikkje trudd fordi UDI synsar og meiner? Vedtak frå UDI bør vere basert på kunnskap og fakta frå dagens konfliktbilete, ikkje meiningar og utdaterte kjelder. Det at nokon si meining skal avgjera framtida til eit anna menneske blir feil.

Det endar som regel slik: Vedkomande får negativt svar på sin asylsøknad. Han prøvar å klage ved hjelp av advokat, også til NOAS. UDI svarar at dei ikkje gjer om på vedtaket sitt, og sendar saka vidare til UNE. Etter mange månadar med venting får ein negativt svar, igjen.

Ein får vite at ein har 7–14 dagar på å kome seg ut av landet. Om ein ikkje er ute til den tid blir ein henta av politiet, satt på Trandum, for så å bli tvangsdeportert. Dei trudde dei hadde kome til tryggleik i Noreg, men blir i staden avvist og sendt ut på ny flukt. På grunn av dette fryktar vennane mine for neste eksplosjon i eit land Noreg kallar trygt, medan andre ligg under ei bru i ein europeisk storby i håp om ein ny sjanse.

Noreg, om det var meg, hadde du gjort det same då? Om det var min far som trua med å drepe meg, om det var onkelen min som planla å verve meg i grupper der eg måtte drepe, om min etnisitet gjorde det farleg for meg å bevege meg ute, ville du då ha avvist mitt rop om hjelp? Ville du då ha sendt meg tilbake til min mishandlande far med grunngjevinga at han er mi familie? Eller til min onkel? Om du var fullt klar over at eg som etnisk minoritet blir forfylgt og drepen, ville du då framleis ha brukt utlendingslova § 29 fyrste ledd og sagt at dette ikkje var tilfelle?

Eg håpar at du ville ha trudd meg, tatt vare på meg og passa på meg. Men dette er ikkje lenger ei sjølvfølgje.

Før var eg stolt over landet mitt, no skjemst eg. Kva skjedde med ideane om at alle menneske er like mykje verdt? Kva skjedde med verdiane som nordmenn kallar sine: dugnadsånd, likestilling, tryggleik og rettferd? Noreg, kvar er humaniteten?

Lik Dagbladet Meninger på Facebook