Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Forbløffande svart prosa

Underhaldande tekstar som set menneskelege vilkår i eit grelt lys.

BOK: Det er ein fabelaktig fantasi me vert invitert inn i når me opnar denne boka av Arne Østring. Han har dei mest forbløffande innfallsvinklar og utrulege perspektivendringar. Undervegs dukkar det opp assosiasjonar til Tor Ulven, Charles Simic og Mark Strands poesi. Men dette oppkome av idear viser seg også å vera Østrings problem.

Han har ein tendens til å dra tinga litt vel ut, i iveren etter å få ideane med, kan språket bli litt slapt, eller han manglar disiplin nok til å kappa hovudet av sine darlings, som når det dukkar opp eit eller anna absurd og humoristisk bilete som «Gnagsåret helbredes ved amputasjon» , i ein elles alvorleg og eksistensiell tekst.

Slik eg ser det er det dette som forhindrar at denne boka står fram som eit meisterverk av kortprosa. Han bryt av og til med premissene som teksten presenterer, eller prøver å stappa altfor mange skifte eller fyndord inn på ei halv side.

Men når det er sagt, så er det viktig å understreka at «Blind» er ei svært underhaldande bok med eit mørkt sug innimellom som får denne lesaren til å kjenna gufset frå den konsekvente nihilistiske analysen av tilveret. Østring kan skildra eit menneske som «eit videokamera av kjøtt og flesk». Han kan skrive tid og store samanhenger inn i eit par linjer så det søkk i ein. Han kan fange ting i tida med få ord: «Jeg vet hva som er galt med deg. Du er undermedisinert.» Ved å observere eit fenomen og samtidig la fantasien spela, skapar han av og til nokre fantastiske bilete som bare er surrealistiske til me ser: me har vore blinde for at det er nettopp slik det er.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media