EIGE LIV? Vigdis Hjorth blir skulda for å ha skrive inn historie frå sitt eige liv og si eiga livshistorie. Forfattaren må stå fritt, skriv artikkelforfattaren. Foto: Carl Martin Nordby / Aftenposten / NTB Scanpix
EIGE LIV? Vigdis Hjorth blir skulda for å ha skrive inn historie frå sitt eige liv og si eiga livshistorie. Forfattaren må stå fritt, skriv artikkelforfattaren. Foto: Carl Martin Nordby / Aftenposten / NTB ScanpixVis mer

Debatt: Litteratur

Forfattaren er Vårherre

Forfattarane som skriv ein fiksjon må stå fritt til å dikte inn dei handlingane og personane som passar inn i diktverket.

Meninger

Har forfattarane lov til å skrive det dei vil ? Kan dei dikte opp dei personane dei vil? Kan dei dikte opp den tida og historia dei vil ? Kan dei dikte opp den røyndomen, som det så fint heiter på nynorsk, slik dei vil? Ja, det må dei vel ha lov til. Dei skaper som Vårherre, og dei bestemmer sjølve kva dei vil skape, eller skrive, som er best i deires skaparverk.

Desse spørsmåla har blitt aktuelle etter omtalen av Vigdis Hjorths bok «Arv og miljø» i Aftenposten. Det er ikkje første gong vi har ein slik debatt om litteraturen. Forfattaren må vel stå fritt til å dikte. Dikt og forbannet løgn, som Ibsen skriv.

SKRIBENT: Åsulv Edland. Foto: NRK
SKRIBENT: Åsulv Edland. Foto: NRK Vis mer

Forfattarane som skriv ein fiksjon må stå fritt til å dikte inn dei handlingane og personane som passar inn i diktverket. Kan vi stille krav til eit diktverk som om det var dokumentar eller fakta-litteratur? Nei, det kan vi ikkje etter mi meining. Diktaren sin fantasi og loven er det som kan og bør setje grenser. Det er som Knut Faldbakken seier i intervju med Dagbladet 28. november «…tåler ikke moralister som forteller forfattere hva de kan skrive eller ikke…».

Gjennom historia er det mange døme på forfattarar som er tvinga til å skrive med «påhalden penn». Fleire av dei norrøne kongesogene er skrivne som bestillingsverk frå kongen og kongemakta. I nyare tid er det mange litterære verk der styresmaktene har prøva å påvirke forfattaren, stoppe det litterære verket eller til og med drepa diktaren. Det er ikkje vanskeleg å finne døme som alle tek avstand frå i dag.

Det finst mange tilfelle som er i grenselandet mellom fakta og fiksjon. Faktiske personar dukkar opp i hendingar som er verkelege i notid eller fortid. Vigdis Hjorth blir vel skulda for å ha skrive inn historie frå sitt eige liv og si eiga livshistorie.

Det er jo litt rart at denne debatten dukkar om no, fleire år etter Karl Ove Knausgårds fleire binds «Min kamp». Og kor skal vi plassere Dag Solstads «uoppløselige etiske slektshistorie» på over 1000 sider frå Telemark? Forfattaren seier boka er ein roman, men her vrimlar av personar som har levt med fødselsdato, dødsår og alt. Fakta eller fiksjon? Litt av kvart, spør du meg.

Kjartan Fløgstad blei for nokre år sia skulda for å ha stole ein historisk person frå ein historikar og dikta han inn i ein roman. Stieg Larsson har i ei av sine bøker med Lisbeth Salander dikta inn eit hemmeleg brev frå Sveriges statsminister (som må vera Fälldin), men det er nok ikkje fakta det heller. Jan Guillou har i bøkene om Arn, som byggjer på svensk historie, dikta inn fleire av sine vener som norske vikingar bl.a. Jon Michelet – som er verkeleg nok sjølv om han her har fått vikingnamnet Mikkelsson. Det «grovaste» står nok Torolf Elster for med boka «Veien eg vandret», som kom ut i 1984. Berre tittelen fortel at vi bør vera på vakt. Han skriv i forordet: «Etter sterke overtalelser har eg gått med på å utgi et bind med erindringer…».

Det er ei fantastisk og ukjent historie om hans liv som toppidrettsmann og eit utsvevande liv på byen med Bergfrid Fjose. æOg forlaget skriv: «Med seg selv som en stadig skiftende hovedperson, boltrer Torolf Elster seg gjennom denne noe usedvanlige selvbiografien». Vi hadde nok ikkje kjent han igjen om det ikkje hadde vore for Ellen Auensen flotte teikningar med Elster med sin Trump-hentesveis.

Nei, forfattarane er totalt upåliteleg med fakta, så la no Vigdis Hjorth og dei andre få dikte i fred. Berre dei skriv godt. Vi får ta det som god fisk og overlate fakta til historikarane og leksiografane.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook