KAMPKLAR:  Fabian Stangs popularitet stig kvar gong han blir tatt med buksene nede.  Foto: John Terje Pedersen/Dagbladet
KAMPKLAR: Fabian Stangs popularitet stig kvar gong han blir tatt med buksene nede. Foto: John Terje Pedersen/DagbladetVis mer

Forkjæla søner

Kampen for tilværelsen er hard i politikk, lyrikk og butikk.

Kommentar

DENNE VEKA tapte Norge vel fortent mot Italia i kampen for tilværelsen i fotball-EM. Det nyttar ikkje at trenaren Per-Mathias Høgmo tyr til lyrikk og diakron lingvistikk i garderoben. Han har etablert seg som fotballens svar på Audun Lysbakken: Han har ein plan om fornyelse, og jo meir konsekvent han følgjer den, jo dårligare går det. Og så går det endå dårligare når han ikkje følgjer planen.

ARBEIDERPARTIETS seminarleiar, Jonas Gahr Støre, er i bevegelse. Han gir gass og køyrer hybrid i den glatte petroleumspolitikken. Då han, for å gjøre en forskjell, landa på same plattform som LO-leiaren Gerd Kristiansen to dagar etter fullmåne, var det rimeligvis på Sleipner.

DEN FORKJÆLA diktaren Dag Solstad har brote ut av sitt indre eksil. Han drog til Hamar som slakt etter slektskrønika frå Telemark. Det var så vellykka at han etterpå har reist landet rundt på gjengrodde stiar som sit-down komikar i rolla som det ugjennomtrengelige og uoppløselig episke elementet i Dag Solstad frå 16.07.41 til han såg faren som engel på ei sky over Berlin. Då han i det rosa næringslivbladet blei konfrontert med at han plar kalla seg «den siste kommunist», parerte han slik: «Jeg vet ikke om jeg har sagt det, men i så fall er det bare noe jeg sier». Diktaren som framstiller seg sjøl som den fødde biperson, har overtatt Statens æreslønn etter Wenche Foss. For å få den, må ein vera primadonna eller flørte-kommunist, men best er det å gardera.

Artikkelen fortsetter under annonsen

DIVASONEN Fabian Stang svartbeisa seg inn i eit hjørne, men populariteten stig kvar gong han blir tatt med buksene nede. Høgres storby-ordførarar er ein eigen politisk rase: Den nikkande Albert Nordengen i Oslo og Per Ditlev-Simonsen med tanter i Sveits, den overstadige Trude Drevland og kaffikongen Herman Friele i Bergen, styreleiar og gründer Arvid Grundekjøn i Kristiansand. I Tromsø gjekk austlendingen Jens Johan Hjort i vatnet og stilte til gruppebilde med Erna Solberg og dei andre Høgretoppane i bar overkropp. I Oslo Arbeidarparti er det bare Jan Bøhler som kan matcha denslags, sjøl om tidligare ordførarkandidat og badekulturminister Ellen Horn har tatt seg rundt Tjuvholmens open water i våtdrakt.

DEN FORBANNA Kjell Inge Røkke snappa i 2001 det konkurstruga Kværner framfor nasen på den russiske Yukos-oligarken Mikhail Khodorkovsky. Då dei to sette kvarandre stemne på Arlanda, møttest dei i Røkkes privatfly, for det var størst. Den uautoriserte Røkke konstaterte: «Endelig har jeg møtt noen som har et verre rykte enn meg selv». Khordorkovsky hamna i fengsel i Sibir og Putin-vennene overtok butikken hans, mens Røkke fekk statlig hjelp og blei hylla for nasjonalt sinnelag. Han takka med å stemma Arbeiderpartiet og hyra inn sin gamle fiende, Sylvia Brustad («je e førbanna»), til daglig leiar av Aker Kværner Holding AS. Som nå vil selja arvesølvet til Kina. Det kan jo retta opp att alle Thorbjørn Jaglands feil ifrå i går.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook