IKKE PÅ FORNAVN: - Vi ønskjer å bryte ned barrierer, vise at vi er ufarlege, menneskelege, «kall meg Mariann». Ja, gjerne det. Men ikkje med ein gong. For meg handlar det først og fremst om profesjonalitet. Profesjonalitet gir meg som kunde tryggleik, og det gir meg som arbeidstakar seriøsitet, skriver artikkelforfatteren. Foto: Frank May / NTB scanpix
NB!
IKKE PÅ FORNAVN: - Vi ønskjer å bryte ned barrierer, vise at vi er ufarlege, menneskelege, «kall meg Mariann». Ja, gjerne det. Men ikkje med ein gong. For meg handlar det først og fremst om profesjonalitet. Profesjonalitet gir meg som kunde tryggleik, og det gir meg som arbeidstakar seriøsitet, skriver artikkelforfatteren. Foto: Frank May / NTB scanpix NB!Vis mer

Fornavnstyranniet

Kall meg gjerne Mariann. Men ikke med en gang.

Meninger

Forleden var eg på ein stor konferanse arrangert av Oslo kommune. Så stor at det var naudsynt med namnelappar og deltakarliste. Men då skjer det som skjer av og til: Namnelista er alfabetisert på fornamn, det same var det store bordet der alle namneskilta låg klar for henting. Eg gjekk automatisk til S, men kunne ikkje finne skiltet som eg skulle ha på meg, men fekk snart vite at det låg på M. På fornamn. Det gjorde også deltakarlista, alle som var der var alfabetisert på fornamn.

Spaltist

Mariann Schjeide

er leder for Norsk Bibliotekforening

Siste publiserte innlegg

Har du vore på konferanser der folk skal presenterast av ein framme på podiet? Dette kan vere folk du har høyrt om men treng eit fjes på. Og så ber han Gro, Harald, Trine, Truls, Mette, Per og Laila reise seg opp. Medan eg er det sure mennesket i salen som avbryter og spør om dei har eit etternamn. Eg gjer ikkje dette fordi eg skulle ønske vi fortsatt sa De til kvarandre, eller fordi eg er så himla formell. Eg gjer det av praktiske og profesjonelle omsyn. Og eg gjer det for å ansvarleggjere dei på andre sida. Dette gjeld særleg dei som skal selje oss saker og ting, og spesielt når vi skal klage på ting. Kven har ikkje opplevd å fortelje heile historia om pc-en til mange tusen som slutta å fungere til Bente, og seinare må fortelje heile historia på nytt til Lise og Tor. Ikkje berre det, men spør ein etter det fulle namnet får ein høyre at neida, Leif er nok. Nei, det er ikkje det! Når den eg snakkar med har mitt fornamn, etternamn, adresse, personnummer, skattekort, sjukdomshistorie, vandelsattest og stjerneteikn, må eg kunne krevje å få tilbake noko meir tilbake enn «du snakkar med Ole».

Artikkelen fortsetter under annonsen

Telefonen ringer og seljaren seier «Hei Mariann, det er Arne som ringer deg!». Seljaren brukar ikkje fornamnet berre for å beskytte seg sjølv, men han brukar det for å skape ein relasjon. Slik skal det også bli vanskelegare for meg å avvise Arne, for han og eg har jo hatt det så hyggeleg på telefonen nettopp. Eg opplever det ikkje slik, eg opplever det som eit intimitetstyranni. Eg vil ikkje vere bestevenn med Arne. Og når han brukar namnet mitt bevisst i annakvar setning han seier til meg, er det innstudert, unaturleg, litt «unorsk» og lett å gjennomskode. Arne forsøker å få meg til å tru at han har venta heile dagen på å få snakke med akkurat meg. Eg trur ikkje på deg, Arne!

Farmora mi var på sjukeheim den siste tida av livet sitt. Ho tilhøyrde ein generasjon der ein tiltalte kvarandre ved etternamn, det gjorde ho også til arbeidskameratane sine på butikken der ho arbeidde i alle år. Dei hadde det kjekt på jobb, eit godt arbeidsmiljø der dei til og med drog på ein og annan hyttetur i lag. Men det var hytteturar med fru foran etternamnet. Dei søte arbeidskameratane til farmor følte eg at eg kjente godt, men eg veit til dags dato ikkje kva dei heitte til fornamn. Då ein pleiar på sjukeheimen mange år seinare kalte farmor ved fornamn var ho snar til å irettesetje, vennleg, men bestemt: «Eg er fru Schjeide for deg». Meir var det ikkje å seie om den saka.

Intensjonane er gode. Vi ønskjer å bryte ned barrierer, vise at vi er ufarlege, menneskelege, «kall meg Mariann». Ja, gjerne det. Men ikkje med ein gong. For meg handlar det først og fremst om profesjonalitet. Profesjonalitet gir meg som kunde tryggleik, og det gir meg som arbeidstakar seriøsitet. Frisørane heiter ikkje lenger «Olsens frisør» men «Rita’s kam». Legg merke til at i den siste kom også den grusomme unorske apostrofen inn, men det er ei anna historie. Men når du verkeleg er i knipe, ringer du da Advokatkontoret Andreassen eller Jakob’s Juss?