Forrvirring om fattigdom

DET ER TREDJE valkampen på rad at den norske fattigdommen har kome i fokus. Igje1n er debatten prega av forvirring om tall. Bondevik II har satt fattigdom på dagsorden gjennom å øyremerke over tre milliardar til Tiltaksplan mot fattigdom. Regjeringa fortener ros, men også eit kritisk blikk på kva som har skjedd. Statsråd Høybråten svarer på kritikk (Aftenposten 28.7)ved å be om at ein retter fokuset meir mot arbeidslinja enn mot stønadsordningar. Det blir for enkelt. Med utgangspunkt i sosialhjelpa, vil eg kort oppsummere kva vi veit om både stønad og tiltak.Det lave nivået på statlege rettleiande normer som sosialminister Ingebrigtsen innførte i 2001, førte til hard debatt. Det medverka til at kampen mot fattigdom fekk ein sentral plass i Sem-erklæringa. Regjeringa har endra lite på den nasjonale norma, og den ligg i dag på eit lågare nivå enn i 2001. Det ligg også under den strenge fattigdomsgrensa som regjeringa sjølv har fastsett. Det er dette nivået statssekretær Ravnanger viser til når ho svarer på kritikk ved å vise til at kommunane har lagt seg nær den statlige norma (Dagsnytt 30/8).

MEN SITUASJONEN i kommunane er diverre ennå verre. Rundskrivet seier også at norma (kr 4140,-) berre skal dekke livsopphald. Husleige, straum, innbo, tannpleie og legehjelp skal dekkast utover denne satsen. Statistisk sentralbyrå leverte i november 2004 ein rapport som viser at eit stort fleirtal av kommunane nyttar den statlege norma, men likevel fråvik retningslinene ved å inkludere utgifter som skulle haldast utanfor. Også blant dei kommunane som fylgjer statens norm finn vi difor ein praksis som gir dei fattigaste inntekter langt under dagens fattigdomsnivå. Dei seier seg sjølv at budsjettet blir meir enn stramt om ein også skal betale husleiga av eit totalbeløp på 4140,- kroner. Med manglande oppjustering av dei rettleiande normene, og ved å la vere å påverke kommunane sin bruk av departementet sitt rundskriv har regjeringa medverka til denne situasjonen. Vi kan då følgje statsråden sin oppfording om å fokusere på resultata av arbeidslinja. Arbeidssatsinga er den tyngste og høgst profilerte delen av Tiltaksplan mot fattigdom. Aetat i 45 kommunar er tildelt over 2000 ekstra tiltaksplassar, med langtids sosialhjelpsmottakarar som hovudmålgruppe. Regjeringa har ved fleire høve, og seinast i vår, gått ut med tall som viser at om lag halvparten av deltakarane har kome i arbeid. Med støtte i desse resultata, går Regjeringa no inn for å gjere ordninga nasjonal frå 2006. For ei regjeringa som flaggar ein kunnskapsbasert politikk er det her fleire skjær i sjøen.

FOR DET FØRSTE har ein ikkje grunnlag for å uttale seg om virkning. Det kan ein først få med ei effektevaluring, noko ein ikkje har gjennomført. For det andre har ein berre opplysingar om dei som leverte Aetats sluttmeldekort, eller om lag halvparten av tiltaksdeltakarane. Då dei presumptivt tyngste gruppene ikkje skulle levere slike kort, gir det grunn til å tvile på regjeringa sine tall. Ei alternativ vurdering er publisert av Arbeidsforskingsinstituttet (AFI), som har oppdraget med å evaluere satsinga. AFI sin rapport, tyder på at ein har fått gjennomsnittlig 20% i arbeid. AFI sine tall er på linje med anna forsking frå tiltak retta mot desse gruppene. Det gjeld også Tiltaksforsøket, som Høgskolen i Oslo har evaluert. Rapporten vår argumenterer også for at det både er svært vanskelig og ressurskrevande å oppnå auka overgang til arbeid blant folk som har vore lenge på sosialhjelp (www.hio.no/giv).