Forsking ved eit tidsskilje

Bakgrunn for konikken: Fredag 11. juni 1999 la regjeringa fram den nye stortingsmeldinga om forsking: «Forskning ved et tidsskille». Hovudmålet er å styrkje den norske forskingsinnsatsen, slik at vi når OECD-gjennomsnittet i løpet av dei neste fem åra. Både den offentlege og den private innsatsen skal opp, og kvaliteten på forskinga skal bli betre. Regjeringa vil prioritere langsiktig, grunnleggjande forsking og fire tematiske satsingsområde.

Det er i hovuda våre vi finn den viktigaste kapitalen vår - ikkje i Nordsjøen eller i Noregs bank. Dette landet blei bygt med kunnskap: kunnskap om kvar ein kunne finne fisken og når ein skulle plante kornet, om elektrisk straum og legeringar, om bergartar og olje. I dag er mest alt vi gjer prega av ny teknologi og avansert kunnskap, og i alle yrke møter vi sterke krav til utdanning og omstillingsevne. Demokratiet blir svekt utan open tilgang på ny kunnskap. Forvaltninga må vere grunna på god innsikt i samfunn og miljø, og næringslivet treng kreative menneske som kan utvikle og ta i bruk ny teknologi. Kort sagt: både kulturen, velferden og næringsutviklinga vår er avhengige av investeringar i kunnskap, forsking og utvikling.

Både bedriftene og forskingsmiljøa hjelper til med nye ideer og ny teknologi. Når det gjeld avansert og radikalt nyskapande teknologi, er det universiteta og dei vitskaplege høgskolane som dominerer, saman med dei største konserna og forskingsinstitutta. Mange av bedriftene og institusjonane utviklar nye produkt, prosessar og tenester utan å forske sjølv. Indirekte gjer dei likevel aktiv bruk av forsking. Ein stor del av dei tilsette kjem til dømnes frå universiteta og høgskolane. Dei kjenner dei vitskaplege metodane og forskinga innafor eigne fagfelt, og dei veit kvar dei skal hente inspirasjon og ny kunnskap. Det følgjer også mykje FoU med nye maskiner, prosessar, tenester og organisasjonsmetodar. Ein viktig del av nyskapinga er dessutan eit resultat av eit aktivt samarbeid mellom bedriftene og forvaltninga på den eine sida og forskingsinstitusjonane på den andre.

FoU-miljøa henter rg inn ny kunnskap frå fagmiljøa i andre land og tilpasser han til norske forhold. Regjeringa legg derfor stor vekt på det internasjonale forskingssamarbeidet, slik som deltakinga i EU sitt femte rammeprogram for forsking.

Regjeringa vil styrkje den norske forskingsinnsatsen. Både den offentlege og den private innsatsen skal opp. Den samla norske forskingsinnsatsen er lågare enn innsatsen i dei landa det er naturleg å samanlikne med. Samstundes aukar mange av desse landa FoU-investeringane sine. FoU-delen av BNP gir ein grov indikasjon på korleis det står til med norsk forsking. Den norske FoU-innsatsen er no omkring 1,7 pst av BNP. OECD-gjennomsnittet er rundt 2,2, medan Sverige har nådd 4-talet. Ein viktig grunn til at vi ligg etter, er at næringslivet i Noreg investerer mindre i FoU. Dette skuldast mellom anna at Noreg har mange små og mellomstore bedrifter og eit næringsliv som er prega av bransjar som tradisjonelt investerer lite i FoU i alle land. Men desse bransjane gjer likevel aktiv bruk av FoU. Ein moderne fiskebåt er full av ny teknologi: kommunikasjonsutstyr, måleinstrument og GPS. I bransjar som næringsmiddelindustrien og havbruket hentar ein gjerne forskingsresultata og teknologien frå andre bedrifter og FoU-institusjonar. Og kva har ikkje Ås-miljøet gjort for norsk landbruk?

Eg vil tru det samla behovet for FoU må vere like stort i Noreg som i våre naboland. Finland sin FoU-del av BNP nærmar seg no 3 pst. - og det trass i at BNP aukar. Mykje av auken i Finland skuldast FoU-innsatsen til Nokia. Vi er som Finland blitt for avhengige av råvarebasert næringsdrift. Også vi må satse på nye kunnskapsintensive bransjar og bedrifter, slik at vi kan bli mindre sårbare for svingningane i verdsmarknaden.

I Voksenåsen-erklæringa skreiv vi at sentrumsregjeringa ville auke løyvingane til forskingsformål med sikte på å nå gjennomsnittet for OECD-landa og samstundes vurdere ulike tiltak for å auke FoU-innsatsen til næringslivet. Sidan den gongen har Stortinget engasjert seg i dei same spørsmåla. I statsbudsjettet for 1999 klarte vi å stabilisere dei offentlege investeringane i FoU, og grunnforskingsdelen i Forskingsrådet sitt budsjett fekk ein monaleg auke. Næringslivet sin innsats går opp. No ønskjer vi å få til ein vekst i den samla FoU-innsatsen i landet, slik at vi kan nå OECD-gjennomsnittet innan fem år. Utrekningar gjort av Noregs forskingsråd syner at det kan bli behov for ein samla auke på rundt fem milliardar kroner dei neste fem åra, fordelt på private og offentlege investeringar. No kan vi naturlegvis ikkje tvinge næringslivet til å investere meir i FoU. Erfaringane frå Finland tyder likevel på at ein auka offentlig innsats også kan stimulere bedriftene til å yte meir. Vi har samstundes sett ned eit eige utval leia av professor Arild Hervik som skal vurdere omfanget og innretninga av ulike tiltak som kan stimulere til auka private investeringar i FoU.

I Revidert nasjonalbudsjett la regjeringa fram eit forslag om at staten skal opprette eit eige fond for forsking og nyskaping. Fondet vil etter plana bli etablert den 1. juli i år, med ein fondskapital på tre milliardar kroner. Fondet skal mellom anna tene formål som ikkje blir godt nok tekne vare på gjennom dei ordinære løyvingane og vere med på å realisere overordna og tverrgåande prioriteringar.

Regjeringa vil gå inn for ei særskilt satsing på langsiktig, grunnleggjande forsking. Vi må sikre denne forskinga meir stabile rammer, for det tar tid før ho kan gi konkrete resultat, og det tar år å byggje opp sterke forskingsmiljø. Det må mellom anna setjast av meir pengar til vitskapleg utstyr og drift i UH-sektoren og til auka basisløyvingar for nokre forskingsinstitutt. Talet på rekrutteringsstillingar skal aukast med i gjennomsnitt 150 per år over ein femårsperiode.

På særskilde område står landet framfor utfordringar som krev auka FoU-innsats. Dette gjeld mellom anna område der vi kan få til ny næringsutvikling og der samfunnet må gjennom store omstillingar. Regjeringa vil prioritere fire tematiske satsingar i åra som kjem: marin forsking, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, medisinsk og helsefagleg forsking og forsking i skjæringsfeltet mellom energi og miljø. Satsinga på medisin og helse vil også inkludere forsking på matvarekvalitet. Satsingane skal dekkje heile spekteret fra langsiktig grunnforsking til marknadsnær utvikling. På alle områda vil regjeringa leggje vekt på omsynet til miljø, likestilling og regional utvikling. Eg er overtydd om at mykje av denne forskinga vil vere med på å legge grunnen for nyskaping i heile landet, ikkje minst i distrikta.

No hjelper det lite å ha gode forskingsinstitusjonar om vi ikkje sørgjer for eit effektivt samspel mellom dei og resten av samfunnslivet. Regjeringa vil mellom anna sjå nærare på kva vi kan gjere for å få til ei betre kommersiell utnytting av oppfinningane til universitets- og høgskoleforskarane. Meldinga skisserer også eit opplegg for ei brei, uavhengig evaluering av forskingsrådsreformen.

Det er ein sentral bodskap i forskingsmeldinga at ein må styrkje kvaliteten på forskinga. Regjeringa vil også leggje stor vekt på det etiske arbeidet. Vi ønskjer vidare at ein i større grad skal kunne gjere forskingsstrategiske prioriteringar i universitets- og høgskolesektoren. Dei samla grunnløyvingane til institusjonane bør i framtida vere samansette av to klart definerte deler: ein del til undervisning og ein til FoU. Den nye modellen skal vere med på å sikre meir stabile rammer rundt forskinga i denne delen av Kunnskaps-Noreg.

Eg har med glede merka meg at det er ei aukande interesse for forsking både i media og i dei politiske miljøa. Stortinget har gjort eit grundig arbeid på området. Det lover godt for ei ny nasjonal satsing på forsking og utvikling.