Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Først fridom - så toleranse

Det kan påkallast så mykje toleranse at byrdene på ytringsfridomens brukarar, vert for store.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

YTRINGSFRIDOM: Bør vi etter karikaturstriden endre åtferd i samfunnsdebatt og i den daglege politiske praksisen? I den nye «kosmopolitiske tilstanden» - dei ulike kulturanes sterkare verdsspreiing - kan det som ein dag skjer i ein krok av verda, bli globalt nyhendestoff og den neste dagen få dramatiske konsekvensar ein heilt annan stad på jorda. Denne situasjonen kan møtast på minst to måtar. Den første kan kallast sjølvrestriksjon og dialog. Det er ein defensiv respons som kallar på meir sjølvsensur i toleransens namn. Ein meiner det vil fremje dialog og forsoning om det i større grad vert tatt omsyn til at ein kan krenkje andre.Ei anna linje er liberal universalisme basert på den klassiske, liberale katalogen over fridomar og rettar. Ein meiner politisk liberalisme eignar seg overalt - men ikkje at det er legitimt å bruke makt for å spreie liberalt demokrati. Ytringsfridom har ein sentral plass fordi han er ein viktig fridomsrett, og fordi han er uløyseleg knytt til demokratiet. Sidan ein har tillit til læringsprosessar i det sivile samfunnet, vert også ytringar som kan arte seg som uønskte, vurderte til å ha ein naturleg plass.

HENRIK THUNE kritiserer talspersonar for liberal universalisme i innlegget sitt i Dagbladet 21/10. Rett nok er også dei han kallar nykonservative med på skyteskiva hans. Men det er ikkje den maktarrogante tilnærminga deira det dreier seg om her. Det verkar då også absurd å setje liberale som underteikna eller synsmåtane til Knut Olav Åmås i same bås som Carl I. Hagen og Vidar Selbekk eller haukane på skuldra til Bush. Samanblandinga til Thune på dette punktet skuldast at han overser at det går an å vere liberal universalist utan samstundes å meine at vi skal gå til moralske korstog med bombefly og tanks mot alle land som enno ikkje er liberale demokrati. Omgrepet nykonservative bør han difor i framtida reservere for dei som vil føre slike korstog i strid med folkeretten, og som samstundes meiner at staten bør fremje tradisjonelle, kristne verdiar i staden for, som liberal statsteori tilseier, at staten er nøytral i livssynsspørsmål.

THUNE HAR rett i at heller ikkje ytringsfridomen er absolutt, men må balanserast mot andre fridomsrettar, mellom desse retten til eit godt namn og rykte. Men han underslår, meiner eg, dei moralske og politiske kostnadane ved eigen posisjon. Ein slik kostnad er det om det vert ein permanent tilstand at ein i frykt for nokons raseri dempar ytringa og kanskje heller å let vere å seie det ein meiner. Tilnærminga der ein i toleransens namn krev dempa ytringar, gjer at nokre grupperingar vert pålagde større byrder enn andre i meiningsutvekslinga. Ein hamnar fort på den prinsipielle glattisen om ein meiner det er greitt nok at dei som har kontroversielle, religiøse ytringar bør bere større byrder i utøvinga av ytringsfridomen enn dei som er religiøse - muslimar til dømes. Var det då galt av Theo van Gogh å lage «Submission»? Var det då rett at Mozarts «Idomeneo» ikkje vart sett opp på Deutsche Opera i Berlin? På prinsipielt nivå er det vel ikkje meiningsmotstandaranes grad av sinne, men graden av eiga fornuft som bør vere styrande om kva ein bør ytre. Og at ein religion skulle ha eit særleg vern framfor andre, artar seg som urimeleg. Kanskje vi då bør vi i gong med ein ny Life of Brian-debatt?Visse typar krenkingar er ein pris verdt å betale om «ytringsfrihed bør finde sted». For det er knapt nok til å kome bort frå at nokon til ei kvar tid kjenner seg krenkte i land med reell ytringsfridom - sådan er det liberale demokratiet.

ERIK O. ERIKSEN (Dagbladet 20/10) får godt fram korleis eksistensen av menneskerettar og fridomar føreset at vi som samfunnsmedlemmer på eit moralsk nivå anerkjenner kvart individs verdigheit. Rettane vi gir kvarandre, krev at vi ser på kvar og ein som verdige berarar av rettar. Men å syne respekt for individet som berar av rettar er ein ting. Å også krevje respekt for alt det som individet måtte stå for, er ein annan. Ved å krevje at ytringar i det offentlige rommet også viser toleranse i ein sterk versjon - som respekt for ei kvar religiøs, politisk eller etiske haldning som er ikkje-diskriminerande - krev ein for mykje av ytringsfridomens brukarar. Eg meiner difor det særleg er to veikskapar i argumentasjonen til Erik O. Eriksen. For det første går han på grunn av nytte- og konsekvensetiske vurderingar for langt i å relativisere ytringsfridomens verdi. Rett nok er det slik at i somme situasjonar, tilseier ei konsekvensetisk vurdering at det vert lagt sterke føringar på å hindre samfunnsmedlemmer i å ytre det dei meiner. Men dette må ikkje vere malen, men unntaket. Og når unntakssituasjonen er over, må vi tilbake til ein normalsituasjon der folk heller bør oppmodast om å delta og seie kva dei meiner om «Statsstyrelsen og hvilkensomhelst anden Gjenstand» utan å risikere indirekte trugsmål om at ein står personleg ansvarleg for alskens farlege konsekvensar av det ein går rundt og meiner.

FOR DET ANDRE verkar det som om Eriksen ikkje innser innhaldet i si eiga konstatering av at negative fridomsrettar i moderne statar tyder at alt som ikkje er forbode, i prinsippet er tillate. Eriksen blandar saman den moralske og filosofiske grunngjevinga for rettar på den eine sida, med den praktiske bruken av rettane i eit politiske fellesskap på den andre. Når vi grunngjev rettane, til dømes i ein grunnlovsdiskusjon, eller når vi på eit overordna prinsipielt nivå diskuterer om ei ytring er rett eller gal, skuldar vi kvarandre moralsk å vise respekt. Men når vi er brukarar av ytringsfridomen innanfor det politiske fellesskapet, i ein oppheita politisk diskusjon, på eit religiøst møte eller på ein stand-up scene, er situasjonen annleis. Då er det kva som høver seg der og då vi bør forholde oss til - i tillegg til dei juridiske rammene. Dersom press mot brukarane av ytringsfridomen fører til meir sjølvsensur enn vi har vore vane med, er ikkje gevinsten eit samfunn med auka toleranse. Det er eit samfunn der intoleransen vert mindre synleg - og eit samfunn med mindre fridom.

FRIDOM KJEM før toleranse. I eit samfunn med større rom for frie ytringar, er det rett nok ein risiko for at det også kjem fleire ytringar som ikkje er så konstruktive, og som for nokon kan opplevast som krenkande. Men då er tida inne for lek og lærd til å stå opp og tilbakevise dei urimelege påstandane. Den tillita fortener vi.