Forundringspakke til unge

BOLIGPOLITIKK: I Dagbladet 11. juni frir Høgres Jan Tore Sanner til unge bustadkjøparar med det som i overskrifta blir presentert som ein «gavepakke til unge». Problemet er at den totale Høgre-pakken som unge menneske på bustadmarknaden må ta stilling til ved stortingsvalet neste år, er ein forundringspakke som fort kan gi ubehagelege overraskingar.

Høgre foreslår å bruke over 400 millionar kroner årleg på redusert dokumentavgift for unge under 30 år og utviding av ordninga Bustadsparing for Ungdom (BSU). For kvar enkelt er det snakk om relativt lite skattelette, og det er pengar som Regjeringa heller vil bruke på meir eintydig svake grupper i samfunnet. Det historiske løftet for minstepensjonistar og unge uføre viser våre prioriteringar.

Det klart viktigaste for unge bustadkjøparar er likevel ei rente som ligg nokolunde stabilt på eit normalnivå. Vi veit at ekstremt låg rente sender bustadprisane i veret, og gjer det vanskeleg for unge å kome inn på bustadmarknaden. Høg og raskt stigande rente kan på si side skape problem for dei som allereie har lån.

Vårt viktigaste bidrag til unge bustadkjøparar er derfor å halde fram med ein ansvarleg økonomisk politikk, der vi held igjen på pengebruken når kostnadspresset er sterkt. Ein ansvarleg økonomisk politikk er òg det viktigaste bidraget til at folk kan handtere lån, nemleg at dei har jobb. Arbeidsløysa er halvert under Stoltenberg-regjeringa.

Den største trusselen mot arbeidsplassar og stabil normalrente er at Frp får makt i den økonomiske politikken. Partiet står klar til å teste ut sine økonomiske teoriar med landet som laboratorium og unge i etableringsfasen som forsøksobjekt. Det er Høgre som vil sleppe dei til, ikkje vi. Eit Frp i regjering er derfor ein del av Høgres forundringspakke til unge i etableringsfasen, ein pakke som kan by på overraskingar dei færraste vil setje pris på.