Fosterdemokratiet

UTVIKLINGA AV

ultralydteknologien og andre diagnostiske metodar gjør at det blir moglig å finna avvik hos fosteret stadig tidlegare. Me blir tvinga til å tenka gjennom om svangerskap som ikkje kan resultera i ein levedyktig unge, har noka meining. Og om avvik kan skapa så mykje smerte at ein unge ikkje bør fødast, sjølv om ho er fullt levedyktig. Disse valga er i dag individualiserte. Ingen beslutningstakarar, verken politikarar eller legar, har moralsk posisjon til å avgjøra kva folk skal bli nødt til å tåla resten av livet. Etter 12. veke har abortnemndene ei formell, men ikkje særleg reell rolle. Det offentlege virkemiddelet har først og framst vore ei viss regulering av tilgangen på teknologi. Om det vil fortsetta, er usikkert. Mykje tydar på at staten og politikken ikkje lengre har legitimitet til å spilla noka rolle i disse liv- og død-spørsmåla.

Unntaket vil vera krav til rettleiing av gravide som bruker fosterdiagnostikk.Men det er uklart kor mykje dette vil gjelda for ultralyden, som omfattar suverent flest. I ein kronikk 24. mars viser Sturla Eik-Nes kor tvetydig ultralyden er i forhold til lovverket. Det er ikkje moglig å skilla svangerskapsmedisin fra leiting etter avvik ved fosteret. Derfor vil dei fleste alvorlege oppdagelsane bli gjort utan at kvinnene har blitt forberedt. Heile situasjonen kan skifta karakter i løpet av sekundar, når legen eller jordmora plutseleg ser noko. Alternativet er å skremma unødig mange, og å gjøra svangerskapet til ein risikosone. Fri tilgang på teknologi, berre begrensa av ressursar, har som bivirkning at folk uforvarande blir kasta ut i alvorlege dilemma. Intervju med kvinner som har teke selektiv abort, viser at disse ikkje blir borte sjølv om staten abdiserer.

SIMONSEN OG GRÜNFELD

vil ha seg frabedt assosiasjonar til sorteringssamfunnet. Det foregår ein kamp om den moralske statusen til valga dei gravide må gjøra, og det er ikkje nok å seia at kvinnen sjølv er autoriteten. Men kva om enkelte gravide faktisk tenker på abort av t.d. Downs-fostre som sortering, men likevel gjør det fordi dei framtidige belastningane virkar uoverkommelege ? Det vil vera maktbruk å definera bort dilemmaet deira. Dei vil sitta igjen med ei smerte som har fått offentleg status som illusorisk. Indirekte undergraver argumentet den individuelle valgfriheten. Han er ikkje mykje verdt dersom han berre skal gjelda på etisk nøytrale felt. Først når ein har rydda bordet for sortering, er avdekking av defektar og selektiv abort ufarleg nok til at kvinnene kan få velga sjølv.

Den individuelle valgfriheten gjør ikkje feltet mindre politisk. Derfor blir dei historiske koblingane sentrale. Simonsen insisterer på klare og direkte forbindelsar til 1970-tallet og abortkampen, men vil overhodet ikkje sjå samenhengar med 1950-tallet og t.d. steriliseringspolitikken. Er det slik at historia sluttar å virka etter 30 år?

FJERNING AV FOSTRE

som vil dø før, under eller like etter fødselen har lite med sorteringssamfunnet å gjøra. Majoriteten av dei selektive abortane tilhører denne kategorien. Men det er annleis med Downs-syndrom. Det skuldast at dei åndssvake alltid har hatt ein særskilt posisjon i normalitetspolitikken. Fra mellomkrigstida og opp til i dag har det vore eit mål at dei ikkje skal føda ungar, enten middelet har vore sterilisering eller prevensjon. Oppfatninga om at dei åndssvake ikkje kan oppdra barn, har vore konstant. Men så seint som på 1950-tallet hadde ein håp om at sterilisering i tillegg ville minska tallet på åndssvake i samfunnet betydeleg. Det var offisiell politikk å fjerna åndssvakheten, og ein meinte at det medisinske middelet delvis forelå. Begge disse faktorane har endra seg. Troa på den direkte arvegangen har blitt forlatt. Men det viktigaste er at sidan 1970-tallet har det ikkje vore noko statleg mål at det skal komma færre åndssvake til verda.

I løpet av dei siste tiåra kan det virka som ting er snudd på hodet. Mens staten tidlegare aktivt prøvde å hindra at åndssvake blei født, kan det sjå ut som det er eit premiss i bioteknologilova at ikkje altfor mange skal oppdagast i løpet av svangerskapet. Rolla har skifta fra utryddar til beskyttar. Men det er også ein annan forskjell. Mens kampen mot åndssvakheten blei iverksatt overfor dei åndssvake sjølv, t.d. ved sterilisering, treffer beskyttelsespolitikken i dag dei normale. Det gjør at han kommer i konflikt med friheten til individ som besitter den anerkjente sosiale kompetansen og fornufta. Dermed blir politikken per definisjon autoritær, sjølv om virkemidla er aldri så svake.

FORTELLINGANE TIL

foreldre med downs-ungar spenner over eit vidt spekter, fra mykje smerte og umenneskelege påkjenningar til beretningar om barn med unike eigenskapar, som får foreldra til å sjå både liva sine og samfunnet i eit nytt perspektiv.

Opplevelsar av kor snever normaliteten er og det meiningslause i den sosiale konkurransen finst paralellt med kjensler av ikkje å strekka til og av å ofra både seg sjølv og dei andre barna i familien. Tilsynelatande er det ei fundamental motsetning her. Men ein skal ikkje sjå lenge på problemet før ein skjønner at fortellingane betingar kvarandre. Avvik, uansett kor berikande dei er, kostar blod. Å havna utanfor normaliteten utvidar horisonten, men gjør at ingenting går på skinner.

Korleis slår dette ut i valget om ein skal ta abort eller ikkje når prøveresultatet foreligger ? Ein ti år gammal undersøkelse fra Trondheim viste at 3 av 14 valgte å føda ein downs-unge. I tillegg til små tall kor tilfeldighetar slår sterkt ut, er det eit problem for undersøkelsen at teknologien har blitt mykje meir effektiv sidan dess, og at dei kulturelle holdningane kan ha endra seg, uvisst i kva retning.

DEI SISTE ÅRA

er det ytterst få fødte downs-ungar som har registrert ein diagnose på fosterstadiet. Derfor er det eit viktig spørsmål kor uniformerande fosterdemokratiet er i praksis. Skal valgfriheten vera reell, må det ikkje vera slik at horisonten lukkar seg straks prøveresultatet foreligger og berre eit alternativ er moglig. På mange måtar blir individet dumpingplassen for samfunnet sine etiske, kulturelle og sosiale dilemma. Politikarane har ikkje lengre autoritet til å ta i dei og legane trekker seg tilbake for ikkje å virka styrande. Men dilemmaene forsvinner ikkje for det, noko me har fått grundig dokumentert. Kvinnene og para blir sittande isolert tilbake med dei og må ta heile støyten på vegne av samfunnet.

Dette gjør det nødvendig å reflektera over vilkåra for valg eit avdekka fosteravvik skaper. Mehmet-saka har vist at sjukdommar ein kan leva med til 40-50 års alderen tilhører dette vanskelege feltet. Og mildare syndrom enn Downs er abortgrunn. Kva for signal kan diagnostikken og legane senda, som langt fra trenger vera intenderte? Medisinen er ikkje verdifri. Kva er forholdet mellom fornuft og emosjonar når framtida skal avgjørast i løpet av nokre korte veker? Forestillinga om det rasjonelle individet med full oversikt fungerer ideologisk, men har lite med virkeligheten å gjøra.