Fotball og makt

«I dag finst det godt og vel 160 millionar menneske som spelar fotball i dei ulike hjørne av verda.»

«Alle er interesserte i at ein spelar utviklar seg i eliteserien og at han utmerkar seg så ein kan selja han. Spelaren får sin store sjanse i livet, og laget får nok til å halda det gåande økonomisk eit år til». Ein kunne tru det var ein norsk fotballeiar av i dag som uttrykte seg i slike vendingar, men i dette konkrete tilfellet var det Roberto Recalt då han i 1989 var president i Nacional i Montevideo, Uruguay. I dag er også våre norske eliteserieklubbar i den same økonomiske situasjonen som alt lenge har vore rådande i land i Sør. Med unnatak av Rosenborg dreier det seg også for norske klubbar om å selja dei beste spelarane for å unngå konkurs. Så lenge dei ser seg nøydde til å handla slik, vil det óg bli svært vanskeleg for andre norske klubbar å nå opp til Rosenborg sitt sportslege nivå. Men dei norske klubbane er i alle høve i stort selskap: dei aller fleste store og middelstore klubbane i verda høyrer til i denne kategorien.

I vår globaliserte tid blir vekst sett på som alfa og omega også innan fotballen. For å utvikla seg, må ein sport vita å halda på interessa og vinna nye utøvarar. I dag finst det godt og vel 160 millionar menneske som spelar fotball i dei ulike hjørne av verda. Flest fotballspelarar finst det på det folkerike asiatiske kontinentet, med om lag 76 millionar utøvarar av sporten. Av desse reknar ein at så mykje som 59 millionar spelar på klubbar, medan 17 millionar er klubblause.

Også i Europa er det langt fleire organiserte fotballspelarar enn uorganiserte: 22 millionar og seks millionar høvesvis. I Afrika og spesielt i Sør-Amerika er situasjonen den stikk motsette. I Afrika finst det meir enn dobbelt så mange uorganiserte som organiserte fotballspelarar: 4,6 millionar andsynes 2,2 millionar; og i Sør-Amerika finn ein nesten sju gonger så mange som praktiserer fotball utanfor som innanfor klubbane: 18,2 millionar mot 2,7 millionar (tala er frå 1998).

Desse tala seier mykje om dei ulike delane av verda. Afrika og Sør-Amerika er ikkje berre mindre organiserte og mindre strukturerte enn Asia og Europa når det gjeld fotball. Strukturane allment i samfunnet er også lausare i mange afrikanske og søramerikanske samfunn, og ikkje utan grunn er desse områda meir kjende for improvisasjon enn for system og organisering. Det motsette er tilfellet for Europa, i særleg grad Nord-Europa, og også for fleire asiatiske land. I mange afrikanske og søramerikanske land har Dei væpna styrkane tradisjonelt sett vore den einaste sterke statsinstitusjonen, noko som har ført til lita tiltru til «systemet», og ein organiserer seg først når ein ser at ein har nytte av det.

Meir enn halvparten (52,8 prosent av alle dei 44.000 som i 1998 var profesjonelle fotballspelarar i verda, utøvde då sitt yrke i Europa, om lag fjerdelen (26,2 prosent) i Sør-Amerika, 11 prosent i Concacaf-området (Nord-Amerika, Mellom-Amerika og Karibia), 8,1 prosent i Asia, berre 1,9 prosent i Afrika, og i Oseania var det i 1998 ingen profesjonell liga i det heile. Det finst såleis eit vekstpotensiale, til dømes for den organiserte fotballen i Sør-Amerika og i Afrika, og for den profesjonelle fotballen i Oseania og særleg i Asia. Marknaden i Europa har på mange måtar nådd eit metningspunkt, og ein er difor no ute etter å utvikla fotballen på andre kontinent. Valet av Japan og Sør-Korea som arrangørland for VM i 2002 blei gjort mellom anna ut frå slike vurderingar. Spesielt er ein interessert i det enorme potensialet ein har i Kina og Japan. Det er svært sannsynleg at eit afrikansk land vil bli tildelt VM i 2010 ut frå liknande globaliseringsomsyn.

USA er eit kapittel for seg. I denne økonomiske og politiske supermakta har fotballen - den største idretten i verda - aldri fått skikkeleg innpass. Vel er det så at barnefotballen har hatt eit stort oppsving dei seinaste åra, og i dag er det 8,5 millionar ungar - mest jenter - mellom 6 og 11 år, og 5,2 millionar ungdommar mellom 12 og 17 år, som spelar fotball. Men vaksenfotballen og den profesjonelle fotballen har tronge kår. Major League Soccer (MLS), som organiserer hovudserien i USA har gjort kjent at to av dei 12 laga i MLS, Tampa Bay Mutiny og Miami Fusion, har trekt seg. Og grunnen til dette? Fotballen er ikkje kommersiell nok, den er ikkje interessant nok for sponsorar, fordi den ikkje tillet reklameavbrot kvart 10. eller 15. minutt, slik baseball, basketball og amerikansk fotball gjer det.

For å auka veksten og den økonomiske gevinsten, er fotballen avhengig av kampar og underhaldning over heile jorda. Det internasjonale fotballforbundet FIFA ser det som si store oppgåve å sørga for denne veksten, og for å få det til, har organisasjonen tatt initiativ til stadig fleire meisterskap og cupar, ikkje alltid med like stort hell. Den superturneringa FIFA for første gong arrangerte i Brasil i desember 1999 mellom dei største av dei store fotballklubbane, ser i alle fall ikkje førebels ut til å bli det heilt store.

FIFA har store inntekter frå dei store meisterskapa, og sjølvsagt mest frå VM. Rundt rekna 450 millionar sveitsarfrancs (om lag 2 milliardar norske kroner) kunne FIFA innkassera i høve VM i Frankrike i 1998. 130 millionar sveitsarfrancs var billettinntekter, 110 millionar sponsor- og reklameinntekter, og 210 millionar sveitsarfranc kom frå fjernsynsrettar. Dette siste er i dag eit moderat beløp. Som jamføring kan det nemnast at rettane for VM i Sør-Korea og Japan i år og i Tyskland i 2006 er selde for 1,3 milliardar og 1,5 millardar sveitsarfrancs høvesvis. Hovudgrunnen til dei «låge» inntektene frå fjernsynsrettar i 1998 er at kontrakten blei underskriven i 1988, og sidan den gongen har utviklinga vore rivande og konkurransen mellom TV-selskapa er blitt mykje skarpare.

Verdsturneringa for dei leiande klubblaga i verda, er eit initiativ FIFA har tatt for å freista ta innpå det europeiske fotballforbundet UEFA i kampen om makta i den globaliserte fotballindustrien. Europa-cupane, spesielt Meisterligaen, som blir sendt via fjernsyn ut til store delar av verda, håvar inn pengar til UEFA, og som ein motstrategi frå FIFA, kom altså verdsturneringa for klubblag. Og her dreier det meste seg om pengar, alt anna er underlagt dette overordna og altoppslukande målet. Nokre av klubbane, som meksikanske Nexaca, marokkanske Raja Casablanca og saudiarabiske Al-Nasr var i første rekkje med for å sikra fjernsynsoverføring til sine respektive område.

«Dei har lurt oss», skreik Juan Onieva ut. Onieva var då visepresident i Real Madrid med ansvar for økonomi. «Det er ikkje logisk at klubbar som Real Madrid og Manchester United, med all respekt for dei andre klubbane, men det er ikkje logisk at dei europeiske laga blir økonomisk handsama på likefot med dei afrikanske og asiatiske meistrane» (sic.), sa han så det tøyt eurosjåvinisme ut or både munn og hjarte. Kjenner ein litt til kva dei er opptekne av i UEFA, bør for så vidt ikkje ei slik ytring undra nokon, for der er det vanleg å klaga FIFA for å villa kjøpa seg godvilje i den tredje verda.

Til verdsfinalen for klubblag hadde FIFA skaffa seg tv-rettar for nær innpå 250 millionar kroner. Finalelaga ville få tilsvarande 45 millionar og 40 millionar norske kroner avhengig av om dei vann eller tapte. Og dei laga som gjorde det dårlegast i det innleiande puljespelet, var i alle fall garantert 20 millionar kroner for Brasil-turen. Likevel blir denne første utgåva av meisterskapen rekna for ein fiasko, noko som vel først og fremst må tilskrivast at dei europeiske laga ikkje nådde finalen. Manchester United, som med statsminister Tony Blair si velsigning hadde kutta ut den tradisjonsrike heimlege FA-cupen og reist til Brasil for å fronta England sin søknad om fotball-VM for 2006, blei nærmast gjort til latter og totalt rundspelt av brasilianske Vasco da Gama. Og med to brasilianske lag, Vasco da Gama og Corinthians, i finalen, takka eurosentristiske sjåarar og sponsorar for seg.